Vinterhav

Vinterhav

torsdag 11. mars 2010

Tek du utfordringa???

Ser at enkelte andre i bloggverda har kome med forskjellige utfordringar til sine blogglesarar - og det kan jo vere litt artig å sjå kva som kjem ut av det. Eg sat nett og las bloggen Arachne og fant ut at eg vil sende ei utfordring til mine bloggvener.

Livet kan vere så utrulig vanskeleg av og til og vi går gjennom dagen og ikkje ser noko positivt i det heile. Men uansett kor svart ting verkar så veit vi jo innerst inne at det er mange ting å glede seg over. Eller vi har det godt på alle måtar, men kjenner på at vi er i dårleg humør og syt og klagar over bagatellar. Då er det at det kan vere lurt å lage seg ei "positivliste".

Så her kjem mi "Positivliste" og eg utfordrar alle om å lage seg ei slik liste - saman kan vi påverke kvarandre til å sjå gledene rundt oss....

  • Eg har ikkje alltid akkurat det eg har lyst på i kjøleskåpet, men eg kan ete meg mett kvar dag
  • Eg er ikkje alltid like glad i å legge meg, men eg har ei varm god seng å sove i kvar natt
  • Eg er ikkje alltid like fornøgd med det eg finn i kleskapet, men eg har varme klede å ha på meg så eg ikkje frys
  • Eg hatar å vaske hus, men eg har eit hus å vaske.
  • Eg er drittlei snøen, men eg elskar variasjonen i årstidene
  • Eg er ofte missfornøgd med hårsveisen, men eg har hår
  • Eg slit med smerter i musklar og ledd, men eg er ikkje alvorleg sjuk
  • Eg har opplevd mykje vondt, men det har gjort meg sterkare og klokare
  • Eg er ikkje rik på pengar, men eg rik på gode minner

  • Eg har 3 flotte ungar som er glad i mor si
  • Eg har venner og naboar som bryr seg om meg
  • Eg har ein kjærest som ser meg og som er glad i meg
  • Eg har ei fantastisk veninne i svigermor mi
Dette er berre litt av det eg kan vere glad for - det som eg kjem på i full fart her eg sit - og medan eg sit og lagar ei slik liste, kjenner eg at eg er priviligert.

fredag 5. mars 2010

Kontrastar

Idag har det vore ein slik dag - full av kontrastar. Vakna tidleg, lenge før det var kome lys i ventilen på soverommet - strekte meg og snudde meg rundt og sov litt lenger. Eg hadde så god tid - kunne unne meg å sove til lyset begynnte å vise seg i den vesle luka høgt oppe på veggen. Eg skulle jo ikkje noko spesiellt - berre tusle litt i ro og fred heime før eg hadde planer om å begynne å tømme båten for rusk og rask og gjere den klar til dei nye eigarane. Alt låg til rette for at det skulle bli ein fin og roleg dag med masse sol, blå himmel og drypp frå hustak og båtkallesje.

Etter litt slumring sette eg dei nakne føtene mine fram på det kalde soveromsgolvet og famla meg fram til ei opning i den svarte gardina som stenger ute alt lys. Mine halvvåkne auge vart blenda av morgonlyset så det tok bittelitt tid før eg såg verda utanfor heilt klart. Eg skvatt til av mitt eige skrik - NEEEEEIII - det som møtte meg var så totalt ulikt det eg hadde forestillt meg. Nærmast ein kvit vegg - snø på bakken og omlag like tett snø frå bakken og heile vegen opp til himmelen - eg såg mest ikkje nabohuset 8 meter unna.

Alle mine draumer om ein flott dag er knust i same stund - og inni mitt halvvåkne hovud er det full om-møblering av gjeremål. Det knyter seg i magen - kjenner stress-sveitta sile på ryggen og tankane kretsar om nedsnøa bil, veg, båt, flytebrygge - ja heile verda er nedsnøa. Ramlar meg ut på badet for å ta fatt på prosessen med å klargjere den søvnige kroppen min for eit krafttak eg på ingen måte er forberedt på. Kaldevatn i fjeset, tisse i full fart - rase over tennene og på med ullundertøyet - eg har så dårleg tid og så mykje eg må få gjort - ja det skulle vel egentlig vore gjort for lenge sidan.

Kjøkenet er neste stopp - myser ut glaset og ser at bilen omtrent ikkje er synleg under all den kvite, mjuke snøen, kjenner at eg må vere snar å få bort denne hindringa slik at eg kan gjenvinne kontrollen. Stoppar opp - pustar med magen - te! - eg må ha meg ein kopp te, må tenke og revurdere planane. Medan tevatnet kokar får eg kontroll på pc èn, anslår at det har kome rundt 20 cm halvtørr snø, at det ikkje har gått brøytebil i vegen og at eg skal starte snøfresen åleine for første gang - og til sist at det antageleg kjem til å fortsette å snø ei stund. Med eit godt grep rundt den varme tekoppen kjenner eg at eg er i ferd med å gjenvinne kontrollen - kjenner at eg roar meg litt ned og godtek at snøen dalar ned og dagen ikkje vart slik eg hadde trudd.

Etter to koppar te, litt mysing på nettavisene, ein telefon frå kjæresten min og eit par opphald mellom bygene er eg klar for å sette igang med snømåking. Godt kledd og med skuffla i handa ser eg at det no har kome omlag 30 cm med kladdesnø. Prøver å tenke positivt der eg skufflar og hiv snøen høgt over baren - gratis trim i massevis. Så er det fresen sin tur - eg fiklar med dei ymse handtaka, pumpar fram bensin og gjer meg klar til å dra igang uhyret, spent på om eg har krefter nok til å få dradd i gang med startsnora. Motorbrølet blir som eit seiersbrøl - eg fekk starta og eg sjønar meg også på korleis doningen virkar. Eg freser snø i alle retningar, framover, bortover, bakover og sidelengs - storkosar meg der eg labbar etter dette monsteret av ei maskin. Fresar og fresar, vert kjent med maskina og eg gir meg ikkje før eg har fresa heile innkøyrsla mi -og endatil begge vegane til naboen.

Dyvåt av svette stoppar eg fresen og kan ta til med finpussen med skuffla, måkar av bilen, startar og flyttar den litt, slik at eg kan få bort all laussnøen og vegen ligg der blank og fin. Lua dett ned i augene i eit, vottane er klissvåte og konsentrasjonen er på topp - eg er så oppteken av snømassene at eg ikkje merkar at det har slutta å snø og skylaget held på å sprekke opp. Først når eg er nøgd med jobben merkar eg at vårsola kankje kan kome til å blenkje i bakkane kva tid som helst og humøret stig i takt med sola sin kamp om plassen på himmelkvelven.

Etter ei velfortjent pause, ein banan og litt drikke leitar eg fram finkostane til båten og lesser desse og snøskuffla i bilen. Havna neste - vegane er fint rydda og idet den siste snøbyga døyr ut er eg på full fart mot nye mål. I havna er det mange andre som har "sut" for båten sin - og sola syter for at arbeidet med koster og skuffler går som ein leik. Den eine båten etter den andre dukkar fram frå "dunteppet" sitt og flytebryggene blir sakte men sikkert frigjorde frå snøbøra som tyngjer dei. Menneska med skuffler og koster rettar ryggen, beundrar verket sitt, småpratar om veret for så å gå kvar til sitt - jobben var gjort for denne gang.

Nokre timar seinare trippar ei nydusja dame med høge støvlettar, kåpe og skjerf ut i sola og tenkjer at denne dagen vart akkurat slik som ho hadde tenkt - båten kan ho vel rydde og gjere istand ein annan dag.