Vinterhav

Vinterhav

mandag 30. august 2010

Kvar vart sommaren av.....?

Denne helga måtte vi fyre opp i ovnen - første gang denne sessongen, ja det er litt vemodig. Og så sit eg her då og lurer på kvar det vart av denne sommaren - det syns eg at eg gjer kvar haust.
Då er det fint å kunne bla litt i bilda ein har tatt ved nokre høve - ja så finn ein iallefall ut at sommar har det vore.
Som her når vi var på tur i skauen - her på hadeland er det skog - mykje skog.....

....skog så langt auga rekk å sjå. Her kan ein velge i mange merka løyper både sommar og vinter.

Eller ein kan velge å gå langs dei mange skogsvegane som finst inne på øståsen - ein får nok opp "dampen" sjølvom ein vel vegane.

Ikkje alle vegane er like beine og rette som denne - kan nesten miste motet når ein ser kor langt det er bort til svingen. Men med slikt et koseleg følge vert turen rett så kjekk.

Å så - når ein har godt samvit for at ein har bevega seg nokre meter, er det tid for å kose seg med god mat og godt drikke. Det er tid for å leite fram grill og terassevarmer og lage god mat og god stemning....jammen er det koseleg med lange mørke og milde haustkveldar - når ein få tent i lys rundt om ute og kan krølle seg godt saman under eit teppe og berre nyte stemninga.

Men vi har då ikkje berre skog her rundt om. På Tingelstadhøgda som er området mellom oss på Jaren og Randsfjorden har vi eit flott kulturlandskap. Med åsar og kollar, med dyrka mark, korn og potetåker og innimellom alle stader små vatn og tjønner med vannliljer og fugleliv.

For dei som tek seg tid til å bruke augene litt når ein er på tur kan ein også vere heldige å få auge på ein sommarfugl i vegkanten.....

eller ei åme midt på kongevegen.

Etter mange og fine sommardagar her på austlandet truga hausten med sitt kome - då tok vi likegodt å reiste ein tur nordover for å leite opp enno litt fint veir. Nærare bestemt til Sætermoen i Bardu kommune. Er så heldig å ha ei datter buandes opp i dette flotte riket. Så med lavpris hos Norwegian og gratis overnattig hos Helene - blir ein seinsommartur nordover godt overkommeleg.
4 heile dagar skulle vi unne oss og godt var det for oss at vi fekk låne bil slik at vi fekk komt oss litt rundt for å sjå oss om.
Vi tok turen til Målselvfossen og fekk studert laksetrappene der. Målselvfossen ligg som navnet tilsei i Målselv kommune. Turen vidare den dagen vart ein rundtur oppom Øverbygd/Sjold/Maukstadmoen før vi enda opp nede på E6 igjenn.

Litt artig å sjå område og landskapet der så mange unge soldatar inkl. mi eiga godjente har avtjent verneplikt og plikttjeneste.

Uten mat og drikke - duger helten ikkje, eit gamalt ordtak som absolutt er noko i. Her er Helene i gang med å lage Finnbiffgryte og steikte potet - utruleg godt etter ein lang dag med sol og nye inntrykk.

Når ein først er i dette område må ein unne seg ein tur til "Nordens Paris" nemleg Tromsø. Her vart det besøk både på Rorbua, Ishavskatedralen og Kabelbana med panoramautsikt over kjende landemerke i Tromsø.
Elles vart det tid til å reise både til Harstad, Narvik og Finsnes - om ikkje med anna ærend enn å kjøpe ein kaffi og eit kakestykke. Ei omvising i leiren med tilhøyrande lunch vart det og tid til - for ikkje å snakke om å få vere med i "øltimen" på fredagen.

Så når eg no har fått gått gjennom litt av det eg har opplevd berre siste månaden - jau så veit eg jo at eg har hatt sommar og at hausten berre kan kome.
Eg skal nok leite fram kosen sjølvom været ikkje lenger er like varmt og sommarleg som for nokre veker sidan.
Ser fram til peiskos - ein stor tekopp og ei god bok - under eit slumreteppe i godstolen.
Kvar årstid sin sjarm - og eg takkar for at eg fekk lov å leve denne sommaren også:-)

mandag 16. august 2010

Utfordring frå Unge Gangsøy

Ei av dei flottaste jentene eg kjenner har sendt meg ei utfordring - eg skal skrive 6 fine ting om meg sjølv. Ei oppgåve som eg finn vanskeleg - slik er det vel med dei fleste av oss. Vi likar liksom ikkje så godt å seie noko fint om oss sjølve. Men for å kome vidare i livet må vi av og til fokusere på det som er positivt med oss sjølve - så eg får prøve å ta utfordringa.

Men kva betyr det så å seie noko fint om seg sjølv? Det er no slett ikkje sikkert at mine definisjoner på kva som er fint stemmer overeins med alle andre sine definisjoner....Og plutselig har eg kanskje rett og slett sagt noko ufint om meg sjølv - jaja lar det stå til.....

1. Eg er utruleg tilpassingsdyktig. Eg trivst godt same kvar eg er, berre eg har nok mat, varme klede, ei god seng og gode folk rundt meg.

2. Så meiner eg sjølv at eg oftast er blid og i godt humør - sure kjærringar er det verste eg veit.

3. I det siste har eg og begynnt å tru på at eg er litt snill - kjæresten min har iallefall sagt det til meg mange gangar.

4. Å so er eg lovlydig - irriterande lovlydig. For mange år sidan kom eg tilbake til Norge midt på natta etter ein sydentur. I bagasjen hadde eg med den lovlege kvota i tillegg til at eg hadde ein liten skvett jegermeister i ei opna flaske. Lovlydig som eg er insisterte eg på å gå gjennom tollen på raudt. Då vi kom fram til luka der tollaren sat - oppdaga vi at stakkaren sat og sov. Lovlydig som eg er tok eg å nappa han litt i ermet og vekte han. Er neimen ikkje sikker på om den karen syns det var fint gjort.....han skyssa meg iallefall fort vidare med smuglerskvetten min:-)

5. Eg er veldig glad i levande lys og peisvarme og det er vel ein fin ting vel??

6. Å bry seg om andre enten det er familie eller vener syns eg er ein fin ting - så eg gjer så godt eg kan, og trur nok at lykkast for det meste.

Den som eg vil utfordre til å seie nokre fine ting om seg sjølv er ei drivandes flink dame frå Bondalen. Tonje tek du utfordringa??

lørdag 7. august 2010

Tur langs pilegrimsleden

Heilt sidan eg var på Granavollen og såg Søsterkyrkjene for første gang har eg tenkt at eg skulle ta beina fatt og gå ein tur langs Pilegrimsleden frå Søsterkyrkjene til Brandbu.
Dagen i dag var perfekt til det formålet.

Pilegrimsleden går frå Oslo til Nidaros og deler av vegen går den på den gamle Kongevegen til Bergen. I tillegg har Gran kommune laga ein Natur og Kultursti i dette rike og frodige kulturlandskapet. Langs vegen er det satt opp skilt som fortel litt om staden og historia.
I bakgrunnen på dette bildet ser eg Rånåsen eller Hvalebykampen om du vil. Fjellet er nesten like høgt som Melshornet heime og min nye heim ligg i lia rett under fjellet - ned mot dalen.

Vegen snor seg i levande landskap og var det ikkje for at vi var pilegrimmer og dagslyset avslørte oss - ja så kunne vi vel vore frista til god gamaldags epleslang.

Flatbygdene på Hadeland er eit begrep som vert gjort til skamme når vi beveger oss i "pildalen". Denne bakken var hard nok å kome opp for ein utrena skrott - og vinters dag er dette ein populær bakke å renne på akebrett i.

Etter rundt 3 km nærmar vi oss middelalderkyrkja Gamle Tingelstad kyrkje eller som ho og blir kalla - St.Petri. Dette er eit landemerke på Tingelstad og kyrkja ligg i nær tilknytning til Hadeland Folkemuseum.

Folkemuseet ligg fint til ved vegen - og vart ein naturleg stopp for oss to som no hadde gått ei stund og var kaffityste. Kjenner at eg må ha meg ein tur innom her ein dag i fred og ro og gjere meg litt kjend med historia i mitt nye rike.

Ikkje akkurat Sunnmørsnatur - men du verden så vakkert landskapet mellom Viggjadalen og Randsfjorden er....

Etter endå nokre kilometer i bølgande landskap og strålande veir gjekk leden over frå grusveg til kjerresti. Stien bukta seg gjennom åkrar, beiteområde og gardstun - som her, rett forbi ein liten raudmala husmannsplass. Folket som eig denne i dag er nok av det kunstneriske slaget - iallefall om ein skal døme utifrå kunsten som heng på utsida av veggane....

Raude er dei og søte var dei....Trur vi kunna fyllt både i bøtter og spann langs vegen av fristande bringebær. Store, fine og søte var dei - og godt var det å få litt ekstra energi til kroppen på denne turen som etter kvart viste seg å bli lenger enn damene hadde tenkt.

Etter å ha studert diverse Natur og Kultursti tavler oppdaga vi av karta på desse at vi kunne gå ei mykje lenger runde enn vi var klar over. Vi hadde tenkt å avslutte turen i Brandbu sentrum og hadde då måtta gått på asfalt det siste stykket nedover lia mot dalen. Det er her pilegrimsleden går - Natur og Kulturstien derimot bøyer av frå leden og fortset i ei stor runde innom Grinaker gardane og Nye Tingelstad kyrke før den endar opp ikkje så langt frå Folkemuseet igjenn.
Langt borte i himmelsjå ser vi St.Petri som vi gjekk forbi for lenge sidan....

....og eit stykke borti vegen der ligg Nye Tingelstad Kyrkje - vi ser så vidt i tårnet borti skogen. Nye Tingelstad Kyrkje vart bygd i 1860 åra etter at ei lita stavkyrkje som låg på Søndre Grinaker vart rive fordi ho var for lita. Alt det verdfulle inventaret i denne stavkyrkja vart flytta til dei andre kyrkjene og tømmeret vart bruk til mellom anna å byggje ein låve på klokkargarden ved Nye Tingelstad kyrkje.

Men dei største og staselegaste kyrkjene er etter mi meining Søsterkyrkjene som ligg på Granavollen - her representert ved Nikolai kyrkja. Ikkje fritt for at dama var noko sleten og støl etter 3 og ein halv time med vandring - berre avbrutt av eit par små kaffipauser. Turen enda der han starta - på Granavollen - som førøvrig er eit av dei Nasjonale Pilegrimssentra i Norge. Her er vi på historisk grunn og staden er vel verdt eit besøk.
Så får eg avslutte som vi gjorde i stilane på skulen - Alle var samde om at det var ein gild tur.

Takkar Ingun så mykje for følget og denne turen kjem eg nok til å gjere oppatt ein annan gang.

Jannetove