Vinterhav

Vinterhav

torsdag 23. juni 2011

Sju blomar i skogen - midtsommar

St.Hans aften eller Jonsokafta som
eg alltid har kalla dagen - midtsommar med
lange lyse netter og godt veir.
Kanskje akkurat den tida på året
som vi går å drøymer om
heile hausten, vinteren og våren 
igjennom.

No er den her - lever du ut dagen no?

Eg har starta feiringa med
ein lang og god tur i skauen.
Blomane står i full flor i utkanten
av slåttemarkane eller kornåkrane.
Sola skin innimellom kvite skyer.




Inne i skogen min er det svalt og godt
og kløver og andre blomar gror godt
på den mjuke skogbotnen.


Nokre stader svingar stien seg i utkanten -
langs ei eng og eit gjerde.


Brått dukkar det opp teikn til 
liv på bygda.


Det er tydleg at eg ikkje har skogen for meg sjølv
- men akkurat i dag fekk eg gå åleine.
Sist eg var her var det fullt av leikande born
i dette området.
Den lokale barnehagen brukar denne delen av skogen
flittig - her har dei laga enkle leikeapparat -


- og ein stad å vere om veiret skulle vere 
litt våtare enn i dag.


Trur nok det er mange store 
auge her når "tanta" eller "onkelen" les
frå eventyrbøkene.


Her treng ein kanskje ikkje bok ein gong - 
her kan eventyra levast og leikast.


Når eg går slik i skogen 
går tankane ofte tilbake til min eigen skog - 
skogen som var mitt barndomsrike.
Askjellhaugen heiter den no - ja den
heitte vel kanskje det når eg var lita og - 
men vi kalla det berre ned under granene.

Der leika vi i den vesle skogen
laga store bondegardar av tjuker, kvist og mose.

Ein stad berre for glede den gong - 
no ligg kyrkjegarden på område - 
rart å tenkje på kor glede går hand i hand med sorg.......


Då eg var ung var det viktig 
å gå ut å plukke blomar jonsok kvelden. 
7 forskjellige blomar -
under hovudputa - 
så skulle jenta drøyme søtt om sin tilkomande husbond.

Mykje vatn har runne i elvane sidan 
den gong - 
livet har gjeve både sorg og glede
hand i hand har dei gått gjennom livet.
No i ettermiddagsykta er det fint
å minnast og tenkje på kor mykje flott
ein har fått oppleve - 
og kor godt ein egentleg har det.

God midtsommars kveld der ute - 

jannetove

mandag 20. juni 2011

Gode dager i sol og regn

Carpe - diem
eller Grip dagen som vi seier på Norsk.
Ikkje alltid like enkelt å huske på
- men du verden kor enkelt når vi berre kjem på det.

Med ein kjærast som går å ventar på 
å få att løyve til å køyre buss og meg som 
skal bruke tida på å "hente" meg innatt - er det 
enkelt å Gripe dagen.

Kyrkjetårnet i Tønsberg var opplyst om natta 
og var vakkert mot den klare nattehimmlen.


Sola har gått ned over Tønsberg by og 
etterlet seg den raude himmelen som lovar godt veir neste morgon.


Tidleg morgon på Verdens Ende - takka vere ein kjærast som
er litt kjend i området fekk eg oppleve denne flotte delen av landet vårt.


Det gamle fyret er eit kunstverk i seg sjølv.


Her på Verdens Ende kan ein tru ein ser like til Verdens Ende.


Etter ein fin spasertur i naturen er det Jarlsberg Flyplass
som får besøk av oss. Staseleg Twin Otter som blir brukt
til fallskjermhopping.


Etter ein lang og aktiv dag med hopping og tur
smakar det godt med ein apperetif før god middag på bryggekanten.


Etter måltidet var turen komen for Slottsfjellet i Tønsberg medan sola 
stod lavt på kveldshimmelen. Å gå her å rusle og tenkje tilbake på alt desse murane har vore 
vitne til var godt. 
Her var det "Ingebjørg Olavsdatter" virka og levde på 1250 talet - det er lov å bli litt
andektig.


Sola står lavt bak dei store gamle trea på Slottsfjellet.


Dagen er på hell og kvelden og natta er i ferd med å ta over
scena.


Utsynet frå Slottsfjellet mot Tønsberg var ikkje av det verste, 
men i vest skimtar vi tunge skyer som vitnar om anna veir...


...og ganske riktig - her i badebukta i Stavern gjekk sjøen høgt 
og båra braut godt innover sand og strand.


Mange var dei - krigsseilarane som fekk si grav i frådande
hav under første og andre verdskrig.
Minnehallen var eit kunstverk i seg sjølv og når vi to fekk
privat omvising sjøna vi nok litt meir av alle offera som har
vorte gjorde for at vi i dag kan leve i eit fritt land...


Larvik hadde storfint besøk av krigsskipet Thor Heierdal
vi fekk ikkje med oss omvising der - men staseleg nok å gå på 
brygga å sjå på dimensjonane.


Utover kvelden letta det litt opp og det vart
igjenn tid for å rusle i skogen. Helgeroa var målet for helga - fritt og 
flott for seg sjølv i naturen.


Gamle steingardar og vill kaprifol


Lama Airport hos Lise og Kåre framstår som 
den perla det er når sola igjenn får overtaket neste dag.


Berre eit par hundre meter frå Lamagarden og flystripa på jordet
veks stråa i strandkanten og innbyd til eit bad for dei mest hardføre.


Etter at Dacota DC-3 har droppa 15 fallskjermhopparar og desse har 
landa trygt på Lama Airport - kjem "han" inn på lavflyg rett
over hovuda på oss - staseleg.


Og ivirge fallskjermveteraner kan pakke skjermen og gjere seg 
klar til helikopterhopping resten av dagen.


Sommar i sol og regn
Tønsberg, Jarlsberg, Verdens Ende
Stavern, Larvik og Lama Airport
Ingen skal sei at vi ikkje Greip dagane og stunda
Retteleg kosa oss har vi gjort.

Takk til Lise og Kåre Liane 
for utmerka gjennomført Lamaboogie
Takk til gode veteraner og veterinner for samværet i helga
og Takk til kjæresten som tek meg ut og hjelper meg å Gripe dagen.

jannetove

onsdag 15. juni 2011

Nye skogar

Målet er å kome seg 
ein liten tur ut kvar dag.
Slik blir det ei lita utfordring 
å finne nye spennande stader å gå.

Stor var gleda då 
eg oppdaga ein ny skog med stiar i.
Det er så fint å gå på skogsterreng,
det er det nok fleire enn eg som meiner.
Skogen eg fant i dag
var full av spennande stadar
bygd opp av barnehagen i nærleiken


Det blir spennande å utforske denne skogen -
hadde ikkje med fotokamera i dag
men bjørketrea er stort sett like
landet over.

Lykka treng ikkje vere stor

tirsdag 14. juni 2011

Ein sykkel

Høgreist og staseleg 

ein ven og fiende

han ber meg fram

men motor må eg sjølv vere

Sykkelen min

blå og fin



Prøvde meg på ein litt brattare bakke i dag
og erkjenner at det også er trim å leie sykkelen oppover......


lørdag 11. juni 2011

Storslått natur i kjende omgjevnader

Nokre minner lever ein lenge på -
andre minner har ein med seg heile livet.
Eg trur opplevingane eg hadde førre helg 
er slike minner som aldri vil forlate meg.
Eg har vore i Olden og Oldedalen så mange 
gangar at eg ikkje har tal på det - men 
eg vert like fasinert og høgtidsstemt kvar gang.
Og berre sjå - er ikkje dette himmelsk - ja så veit ikkje eg

Hytta som før låg under Singer
med fjell og fossar


Vandre tur i Bødalen i Loen - sprek kar berre 4 veker etter
siste hjarteinfarkt:-))


Bødalsbreen - ein mykje nytta stad å gå opp på 
Jostedalsbreen


Fossefall ved Melkevoll Camping inst i Oldedalen


Steinalderhola på Melkevoll - denne kan leigast
og vertskapet ordnar bål, bålkaffi og elles kva du 
måtte ynskje


Inst i Oldedalen deler dalen seg i to med Kattenakken 
som knivskarpt skille og på vestsida ligg Melkevollbreen


På austsida ligg den mykje meir kjende Briskdalsbreen - 
vi var ikkje oppom der i år - har vore der så mange gangar før
I år prioriterte vi meir ukjent terreng og god mat i Lada
på Melkevoll


Frå det nybygde utsiktspunktet på Melkevoll 
kunne vi skode mot nord og ned Oldedalen
Majestetiske omgjevnader - det kjende flaskevatnet "Olden" vert 
tappa i ein fabrikk mellom campingen og vatnet.


Vestlandet har hatt mykje regn i vår og 
lykka var derfor fullkomen då Nordfjorden 
viste seg fram med sol og gode temperaturer.

Dette er staden i mitt hjerte - det er her eg kjenner meg "barndomsheime"

Men borte bra og heime best heiter det - og Hadeland er 
heime no - og det kjenner eg at eg er glad for. Her er terrenget mykje flatare og opnare
og himmelen er høg og vid - og i dag hadde eg min fyrste 
sykkeltur for året.
Vi leverte inn syklane til vårpuss og fekk henta 
dei att i dag. 
Då var det på med hjelm og ledige klede - 
så var det berre å trakke i veg - litt
forsiktig første gangen - 
det er no meininga ein skal kunne kome seg ut
or senga i morgon og:-))

Godt var det - godt å trakke i veg - kjenne at 
eg sjølv var motor - 
godt å vere to på tur - 
godt å nyte den varme dusjen og det gode måltidet etterpå -
godt å vite at ein har helse til å sykle - 
ikkje så langt -
berre litt - 
likevel nok - 
Uendeleg takksam for gode dagar - måtte dei vare.

jannetove

mandag 6. juni 2011

Bestemorhus og gode minner

Helga har vore prega av barndomsminner og tilbakeblikk - det har vore ei nostalgisk helg i mitt sommarparadis. Staden er småbruket Flata i Olden - der mor mi vaks opp - der eg var kvar einaste sommar i barndommen. Staden der besta og besten budde  - staden der det alltid var rom for latter og glede.

Den gamle slipesteinen....


Vegen opp til tunet som gjekk mellom stova og løda.....


Koveglaset som står ope for å få sommarnatta inn....


Gamlekjellarvindauga og døra - døra med den store nøkkelen.....


Låven der vi hoppa i høyet - der bakom stod utedassen...


Gamlekjellaren som var så spennande......den tette eføyen som så gjerne ville inn.....


Kveldshimmelen som speglar seg....


Steintrappa eg har sprunge så mange ganger.....


Utsikta som tek pusten frå meg.....


Dei gamle blondegardinene som vart hengde opp når vinterglasa vart fjerna for sommaren...


Alle desse gode gamle tinga - dei står der enno - endatil lukta på kjøkenet var den same. Det er mange år sidan dei vart borte no - Sigurd og Tora - flatebesten og flatebesta - Toramora og Sigurdbesten....men det var mest som om dei var der i lag med oss - i lag med alle oss syskjenbarn. For kvar og ein av oss reiste denne helga tilbake til barndomen og delte latter, gode historier, lengt og glede over å kunne møtast - møtast der vi alle hadde så gode minner.

Tusen takk til tantene og onkelen som delte denne helga med oss.

jannetove - kalla opp etter to bestemødre:-)))