Vinterhav

Vinterhav

torsdag 29. september 2011

Profeten

Dei fleste av oss opplever
at dagane i livet av og til er av det vanskelege slaget
Vi møter sorg og motgang
og motbakkane kan kjennest som sjølvaste Mt.Everest.....
Slike dagar er det ikkje så lett å Gripe dagen 
- sjølvom ein eigentleg
har bestemt seg for å gjere nettopp det.

For eit par vintrar sidan 
var eg ute på ei slik ferd
-bakkane var tunge
-lufta var tynn
og eg var dårleg kledd

Då var det at eg fekk ei kjærkomen gåve -
Lisbeth kom til meg med
boka "Profeten" av Kahlil Gibran
-hans tankar om korleis vi bør leve
traff ein streng lengst inne
i hjerterota mi
-og eg la ikkje frå meg boka
før eg hadde lest alle orda mellom permane


I boka som fyrste gang kom ut
i 1923, oversatt til over 20 språk og solgt i millionar
av eksemplar verda over - 
skriv han blandt anna om Glede og Sorg


Eg tillet meg å sitere nokre få linjer til ettertanke

Sitat:
Når du er glad til sinns, se da dypt inn i ditt hjerte,
og du vil finne at bare det som ga deg sorg, kan gi deg glede.

Når du er bedrøvet, skal du atter se inn i ditt hjerte, 
og du vil finne at du i sannhet gråter over det som har vert din glede.

Noen av dere sier, "Glede er større enn sorg", og andre sier,
"Nei, sorgen er størst"
Men jeg sier dere, de er uadskillelige.
Sammen kommer de, og når den ene sitter alene til bords med deg, 
så husk at den andre sover i din seng.
Sitat slutt.

For meg betyr desse strofene uendeleg mykje
-dei får meg til å sjå samenhengen mellom gleda og sorgen
og på den måten blir det lettare å Gripe dagen akkurat no.

Ei varm helsing frå solfylte Hadeland 
på ein dag som eg kjenner er god

Klem jannetove

tirsdag 27. september 2011

Godord har så stor betydning

Dagen i dag er god
fekk sjekka operasjons-såret i går og det gror fint
Damene som har vaska ned huset vårt
er ferdig med jobben
Sola skin ute
og hausten er vakker

Eg har så mykje å glede meg over

Kvar morgon tek eg ei bloggrunde
medan den første kaffien blir fortært
Der opplever eg så utruleg mykje 
fint
Folk rundt om både i Norge og Danmark
har så mykje flott og fint å dele
For ikkje å snakke om alle
godorda dei legg att hos meg.

Når livet buttar litt i mot 
og ein må roe ned på grunn av sjukdom
er det så uendleg flott å få 
med nokre godord på vegen.

Kjenner veldig på at eg vil takke alle
de som finst her inne
alle de som les og likar
alle de som les og kommenterer
for gode ord og helsingar.


Berre eg veit kor uendeleg mykje 
det betyr for meg....
....og det tenkjer eg at også de må få vite om.

Takk for alle godord de har gitt meg

jannetove

søndag 25. september 2011

Kvantesprang

Nokre gangar i livet skjer
det ting som gjer at vi må starte på nytt
Det har skjedd meg nokre ganger
og nokre gangar har det vore
vondt og opprivande
Men kvar gang har eg opplevd
at det å gå vidare på ein 
ny veg 
har vorte positivt
har vorte lærerikt
har styrka meg
har gjort meg tryggare
har lært meg sjølv betre å kjenne
.....etter kvart......

Nokre ganger startar vi på nytt
heilt av fri vilje
Eg har gjort det også eg
og det har eg ikkje angra på ein einaste dag
...som i fjor - då eg tok med meg flyttelasset mitt
og reiste heile vegen frå vest til aust
Det var eit stort steg å ta
spennande
skummelt
men fram for alt gledeleg
og no er eg så glad for at eg valgt å gjera akkurat det
.....ta steget ut i det ukjente

I går kveld hadde vi besøk
likar så godt å ha besøk
den gode praten rundt bordet med
noko godt i glasa eller koppane
I går var det ekstra kjekt
besøket kom nemleg heilt frå den andre sida av jorda

Ei flott dame
og ein nydleg gut
ein god ven har fått heim kona si og sonen hennar

Ho kom med fly
og to store koffertar
To koffertar med heile livet i 
To koffertar med utvalde ting
Ting dei meinte dei måtte ha med 
vidare i sitt nye liv.....

Tenk for ein overgang
Tenk for eit sprang
Tenk kor spennande
Tenk kor skummelt

Tenk å reise så langt
og etterlate seg ei steng dør bak seg



Dess meir eg tenkjer på dette kvantespranget
dess meir respekt får eg for henne og han

No ser eg fram til å få lov
å bli betre kjent
med desse to som i mine auge er utruleg modige

Velkomne til nabolaget
og lykke til med det nye livet her....så uendeleg langt heimanfrå

jannetove

søndag 18. september 2011

Kva er rettferd?

I det siste har eg sett ordet
rettferdig mange ganger
-det er ikkje rettferdig at du skulle bli sjuk
-det er ikkje rettferdig at du skulle få så mange prøvelser
-og sjølvsagt er eg einig
-eg syns heller ikkje det er rettferdig at eg skulle oppleve dette
-eg syns ikkje det er rettferdig at mine flotte born skulle måtte forholde seg til ei sjuk mor
-at min gode gode kjærast skulle måtte oppleve å sjå meg så svak
Nei eg syns ikkje det er rettferdig i det heile
-vi er alltid oss sjølve nærast

Men lat oss snu litt på ting...

-er det rettferdig at eg bur i Norge og ikkje på Afrikas Horn
-er det rettferdig at unge døyr i trafikken
-er det meir rettferdig at ei anna mor blir sjuk
-er det meir rettferdig at ein annan kjærest vert sjuk
-er det meir rettferdig at barn får kreft
-er det meir rettferdig at unge vert skotne

Det hjelp så uendeleg lite å gå rundt å syns synd på seg sjølv
sjå på seg sjølv som urettferdig behandla.......
Eg vel istaden å takke for at eg bur i Norge
-der vi har eit helsevesen som kunne operere meg raskt
-der eg har nok mat
-der eg har eit system som tek vare på meg når alt dette urettferdige hender

Eg vel å vere takksam for at eg har fått feira 50 år
 Eg vel å vere glad og takksam 
-for dei flotte barna eg har fått
-for alle gledene eg har opplevd
-for at eg har funne kjærleiken på nytt etter å ha mista
-for gode syskjen og tantebarn
-for alle gode vener eg har
-for ein gryande haust
-for gode prognoser

Eg vel å gle meg over kvar dag
Eg vel å snu litt på flisa og tenkje på kor heldig eg er......


......trass alt



....og ja eg har det godt akkurat no....og så får eg ta ein dag om gangen

Klem jannetove

torsdag 15. september 2011

Frå skuggelandet og ut i sola

Tysdags morgon
Magen full av sommarfuglar
på reisa til Gjøvik og første
undersøkelse
Vidare til Hamar og sjukehus-seng
Nye undersøkingar
-samtale med operatør
-samtale med anestesi
-samtale med sjukepleiar
- samtale med vakthavande lege
-samtale med besøkstjenesta i Forening for Brystkreftopererte
-fleire røntgen-bilder
-fleire undersøkingar
-blodprøver

Så endeleg tid for kveldsmat og nattstell
-gode samtalar med 2 gode og flotte medpasientar
fint å vere fleire - å ha nokon i same situasjon - som forstår
-så eit lite sovedrops......
Så var dagen der
spenninga, fastinga, gruinga, vaskinga
alt som skulle skje før dei søte englane i kvitt henta meg
til operasjon.

Den gode følelsen av ro
når anestesi fekk gjere jobben sin

Lykka ved å vakne nesten uten smerte
å vite at den er borte 
tullecellene har blitt henta ut
borte vekk
-onsdagen vart lang og slitsam

Å vakne stiv og støl på torsdagen
fint å finne eit beger med drops på nattbordet
fint å få snakke med legen 
fint å få vite at alt har gått godt
at han har stor tru
fint å få på eigne klede og ein mjuk bomullspupp
og ikkje minst fint å bli henta av verdas beste kjærest
og få kome heim

-har vore i skuggeland lenge nok no
no skimtar eg sola mellom buskene


Og Tusen tusen takk til alle 
dokke som har tenkt på meg
Det har varma veldig veldig godt i skuggetida.

mandag 12. september 2011

Grøne plantar - grøne benkar og grøne gleder

Hausten er her 
og her ein dag såg det slik ut når eg stod opp.
Dette er igrunnen ganske typisk for hausten her.
Jorda er fuktig og når sola kjem opp legg tåka seg i låglandet - 
eit fenomen som oftast varer fram til isen legg seg på fjorden....
Huskar så mang ein flytur med Widerøe over frå 
Ørsta til Gardemoen den gangen eg var ei karrierekvinne.
Då flaug vi i sola og såg kor tåka
låg som ein tjukk graut i dalføra rett før landing  -
det var nok tåka over Jarenvatnet eg såg då....

...og lite visste eg den gong at det var der
eg skulle bu ein gang i framtida....


Men om tåka ligg tjukk
kan ein finne små gleder allikavel -
- som denne grønnmala benken


den fant eg på garasjesalget hos Vibeke
forrige laurdag.
Planen er å slipe den ned slik at 
berre litt av det grøne er att
og så skal eg og kjæresten sitte og nyte solnedgangen ved
garasjeveggen - ein gang til neste vår når alt er så mykje 
betre.


Og då skal sola skine like fint som
denne dagen 
- og vi skal nyte den fine blomsterskråninga
som vi endeleg har fått på plass


Rundt garasjetomta har
vi fått laga til
og planta både vintergrønt 
og planter med blomar på.


Blir spennande å sjå om vi
klarar å halde liv i plantene
og ikkje minst om eg klarar å halde 
ugraset borte...


....og viss ikkje så finst det vel duk
og bark å få kjøpt....


No er det berre å gle seg til midten av 
oktober - 
når Igland tek turen frå det 
blide sørland med 
kranbil og ferdig garasje element
slik at husets bilar får stå under tak
til vinteren


I mellomtida slappa eg av
tenkjer gode tankar og gler meg 
over all omsorg - klemmar og gode tankar
som har kome meg til del gjennom både blogg, Facebook, familie og vener.

Ha ei fin veke alle der ute - 
og Grip Dagen - husk livet er akkurat no.

Klem frå jannetove

søndag 11. september 2011

Klirrande pinnar og gode samtalar

Når ein flyttar til ein ny stad
i ein alder av nesten 50 
har ein ei utfordring med å finne seg 
eit nytt nettverk.

Det er liksom ikkje så mange 
som kjem å ringjer på døra og spør om ein vil ut
å "leike"

For eigen del valgte eg strikkekurs 
gjennom Husflidslaget og garnbutikken
Garnboden i Brandbu

Her har eg lært mykje nytt sidan
eg starta der tidleg i 2010
og fått mange nye gode veninner

Men denne oppskrifta har eg fått av Tove
Ein aldeles nydleg BABYSEKK og LUE
til heilt nyfødde


I mangel på modell vart
det julepynten til Siw som vart modell
og jammen vart han fin
nissen i den nye babysekken og lua


Må innrømme at det har blitt brukt ein 
del penger på strikkepinner og garn siste halvanna
året - men vel verdt spør du meg

Etterkvart har det meldt seg eit
behov for å ha litt oversikt over 
strikkepinnane. 
Det har lett for å bli slik at ein 
kjøper garn til eit nytt prosjekt og 
automatisk tek ein med pinnane som høyrer til.

Fekk eit godt råd av ei strikkedame
Zip posar til pinnane
Ein pose til kvar pinnetjukkelse.

Så no er pinnane ordna etter størrelse
og eiga pinneveske er anskaffa.


Så er det berre å huske på
å ha med pinnane når ein har planer om nye prosjekt.


Retteleg praktisk vart det.

Strikkekafeen på onsdagar og torsdagar har
blitt eit av vekas høgdepunkt.

Vi samlast rund langbordet
og sit midt i "snopebutikken" og kosar oss
med kvar sine arbeid
og praten går livleg til strikkepinnar og kaffisuping.


Damene som møtest her er i alle aldrar og med ulik erfaring.
Har ein eit problem med eit prosjekt er
det alltid ei som kan trø støttande til og lære frå seg
lure knep.


Nye møstrer blir studert
mangt eit problem løyst
og ikkje minst mange gode 
trøystande ord 
når nokon opplever vonde eller vanskelege
dagar i livet.

For meg er desse damene veldig 
viktige - kanskje meir viktige enn dei sjølve er klar over
No når livet er inne i ei litt meir spennande fase enn ein 
set pris på - er det blandt anna her eg henta energi og omsorg.

Tusen takk flotte jenter for at de 
er der og for at eg har fristundene ilag med dokke.

Denne veka blir det ikkje strikkekafe på meg
men eg veit at eg er med i tankane dokkars når eg
legg meg under kniven.
...og plutseleg dukkar eg oppatt.

Stor klem til dokke alle -
ha ei flott veke

-jannetove-

tirsdag 6. september 2011

Så var det min tur.....


Lang ventetid
mange tunge tanker
så er tida komen
beskjeden er klar
Ein pupp frå eller til....
Vil vel kunne leve med det og...

....så var den min tur
min tur til å måtte innsjå 
at ein av tre får kreft...
....og at eg er ein...

Gode prognoser og ein 
positiv lege med trua på helbred
gjer at eg klarar å tenke positivt
klarar å smile og le
innimellom dei tunge stundene
og ei og anna tåre

Uendeleg glad for at vi 
er to
to til å dele
at eg har verdens beste kjærast
som kan le og gråte saman med meg
som meiner eg er like mykje verd med berre ein pupp
Som kan støtte meg no når eg treng det som mest

Glad for at eg har 3 flotte ungar
som støttar meg 
som sender meg gode tankar 
og gode ord
og fortel meg at dei er glad i meg


Ingen har lovnad på at
livet alltid skal vere enkelt
og om det er litt rart og tungt no...
ja så vil nok sola skine igjenn
ein vakker dag

- det føler eg meg trygg på

jannetove 06.09.11

søndag 4. september 2011

Ein søndag eg gjorde noko nytt.....

Ein regntung Søndag på Hadeland
Vi kosa oss med sein og lang frukost
som kjæresten serverte
Deretter tok vi oss ein tur
til det tidlegare Meieriet i Lunner
på Amcar utstilling

Ikkje nødvendigvis det eg 
er mest oppteken av, 
men eg må sei eg vart litt imponert
over dette "gliset" her


Blank og fin i lakken
det blenkte i crom


og cabrioleen framstod
som ei retteleg herrevogn


Inne i det nedlagde Meieriet
var det ei imponerande utstilling
av ting frå Amerika.
Ikkje dette heller noko som 
eg er så overvettes interessert i.
Men når eg fekk høyre at 
dette truleg er den største 
private samlinga av 
Amerikanse effekter - 
ja så var det absolutt verdt eit besøk


Herremannen som eig 
denne imponerande samlinga
er vistnok ein kjent person i miljøet
som fyller opp ein stor bil
og reiser sørnorge rundt og sel
effektane

Av og til er det givande å kikke litt
på kva andre held på med og intersserer seg for...
..og jammen fant eg ein liten fin ting
som fall i smak...
...den skal eg forevige og skrive litt om ein annan gang.

Som Sunnmøring er eg vel vandt til 
våte sommrar og såleis har eg vel 
med ein ekstra ballast for å tåle den våte sommaren
vi har hatt her i år....

...men du verden...
...eg sjønar potetbonden som fortvilar over
vatnet....
...kunne vel like gjerne dyrka ris istaden...



Så får vi håpe at desse potetene etter
kvart kan takast opp og bli 
menneskeføde.

Tvi tvi for tørrare veir 
og ein fin haust.

jannetove