Vinterhav

Vinterhav

mandag 26. mars 2012

Om å leve her og no

Titt titt
her er eg igjen, ikkje så ofte eg besøkjer bloggverda for tida.
Eg har hatt så mykje anna å tenkje på
og dagane er litt slitsomme for tida.
Eg orkar rett og slett ikkje så mykje.

Begynnte på Antihormonet Tamoxifen for 14 dagar sidan...
 ... og ja det er litt slitsomt og tøft det....
Biverknadslista er lang og vond og eg slepp nok ikkje unna eg heller
som dei fleste andre som går på denne kuren.
Med Fibromyalgi frå før er eg vant med mykje smerter
og har min eigen måte å takle dei på.
Men når smertenivået veks i takt med tablettinntaket -
må eg bruke mykje energi på å venne meg til at det blir kvardagen framover.
Heitetoktene kjem omlag i same frekvens som før - men dei kjennest mykje tøffare ut no.
Augene er tørre som sandpapir og eg er konstant tørst og tørr i munn og nase.
Er berre å drikke vatn då tenkjer du kanskje...
....det er berre det at eg liksom ikkje har lyst på så mykje for tida.
Småkvalmen gjer at eg må ty til litt kvalmestillande innimellom
og matlysta er fråværande i lange perioder - det er akkurat som om brødskiva vekst i munnen, 
og varm mat er iallefall ikkje noko stas.
Jaja det går seg nok til etterkvart som kroppen venner seg til denne medisinen - 
er berre 4 år og 50 vekere att no så er eg ferdig med kuren - hehe.
Men det verste syns eg nok er utmattelsen - 
er så utruleg trøtt og sliten i kroppen
orkar så forferdeleg lite før eg blir trøytt og sliten....
....er liksom ikkje meg å føle at eg må sove "frukost"...
Men det vil nok forhåpentlegvis gå seg til etterkvart
Eg har trass alt vore igjennom ein skikkeleg hestekur med giftangrep.

Nei det var nok om kjellartrappa -
-opp og hopp i loftstrappa -
- det er der eg trivst best:-))

Eg tenkjer bevist på at eg er heldig
heldig som kom så tidleg til lege med styggedomen
Heldig som har fått operert bort kreften og heldig som har såå god prognose.

Eg har sett at livet tek heilt andre vendingar enn eg hadde håpa og trudd
og difor har eg tatt eit bevist valg....
....eg skal leve NO
....eg skal gjere det eg har drøymd om
og det skal eg gjere på mine premissar og i mitt tempo.

Sjå berre her...
....gliset som er nyannskaffa
til "Leve NO" prosjektet mitt.
 


Denne farkosten skal brukast flittig framover
Her kan vi køyre ein bit og når vi er trøytte og må kvile 
ja då har vi med ferdig oppreidd seng
kjøkenløysing med det vi treng
og gode kvilestolar.
Med denne kan vi reise og sjå oss rundt
besøkje born, slekt og vener
og gjere noko som får tankane bort frå både antistoff og antihormon
og anna dritt.
Vi kan finne nye stiar å gå tur på
og med syklane hengande bakpå kan vi ta små sykkelturar 
og sakte men sikkert bygge oppatt kroppen igjen.


Bubilen er behørig innvidd med ei flaske god kvitvin

 I denne "doningen" kan vi 
leve ut prosjektet 
"Leve NO"

Så vil eg atter ein gong takke for gode ord
som har blitt lagt att her hos meg.

Husk å Grip dagen og lev NO

Klem jannetove

tirsdag 13. mars 2012

Det gror...

No er det 6 veker sidan eg tok min siste cellegiftkur
og på sundag barberte eg skallen -
- ja eg måtte det
- fordi håret var blitt så langt
Iallefall ein cm eller så....
....med finaste lyse babydun på hovudet:-))

No ser eg i svarte stubbar
som kikar fram frå hovudbotnen
som stikk på puta om natta
Endatil augebryna er på veg tilbake -
- og no håpar eg at det håret som kjem ut
er vanleg hår som kan få vekse
og dekke den heller kvite skallen.
 
I går var eg inne til min 2. Antistoffkur
det gjekk bra
berre litt "influensa" smerter i går kveld
 
I går tok eg også 
min første Antihormontablett
Den første på ein 5 års lang kur
Eg merkar ikkje mykje biverknader enno
og tenkjer hardt på at eg heller ikkje skal kjenne dei framover....
 
....tankens makt er stor
....og eg smiler for meg sjølv
og kjenner at eg lever akkurat her og no.
 
Klem til alle mine gode lesarar her inne
Takk for gode ord
....dei betyr uendeleg mykje:-))
 
Jannetove


søndag 11. mars 2012

Paradis

Paradis...
ja nesten iallefall.
14 dagar nesten uten å tenkje på anna
enn å stå opp -
- få i seg maten
- og berre nyte livet.

Gloria Palas Amadores
svarte til forventningane.
Eit hotell der ein hadde alt ein trengde
- eit hotell for ro og fred
- sol og bading
- god mat og drikke
ilag med den gode kjærasten min.


Eit av to bassengområde med utsikt til Arguinigin

Å gå til dekka bord
Å ligge langflat å kjenne at sola fyller meg med D-vitamin
Å reise litt rundt på eigahand
Å sjå sola gå ned i havet....


....jau litt paradis...

Takk til kjærasten min som ville dele desse dagane ilag med meg
Takk til Sissel og Jon Arild som kom og heldt oss med selskap ei veke
Takk for at eg er så priviligert.....