Mitt 2011
vart eit annaleis år
både på godt og vondt
Eg fylde 50 år
i påska
og såleis fekk eg oppleve ein milepæl i livet
Eg gledde meg over å få lov å bli endå eit år
Gåva frå kjærasten
var ein stor draum
eg fekk oppfyllt
Ein tur med Hurtigruta
frå Bergen til Kirkenes
og tilbake
på flott lugar
med god mat
og tusenvis av gode opplevingar
og inntrykk
Opplevingar eg fekk ilag med han som er min beste ven
min gode kjærast og støttespelar
Finnkjerka ved Kjøllefjord
Mot slutten av turen
fekk eg første varsel
om at noko var feil
Men i gledesrusen over turen
klarde eg å la vere å tenkje på at det kunne vere sant
Utover sommaren vart teikna tydlegare
og eg sjøna at noko var fatalt gale
Noko vaks i kroppen min
og eg var i ferd med å
oppleve det store marerittet
Eg gjekk frå den store gleda
til den mørkaste redsla
Tida fall lang
når eg gjekk å venta på svar
Svar som kunne endre livet mitt fullstendig
Det var ei tid full av angst og redsle
håp og tru
glede og gråt
Og i august var det ikkje lenger muleg å la vere å ta det innover seg
Det var eit faktum
Eg hadde fått kreft
Eg måtte gå den tunge vegen
og fortelje borna mine at eg var sjuk
Samtidig som legen sa orda til meg
kom roa
då kom styrken
Dette skulle eg klare
dette skulle eg møte med humor
åpenheit
og styrke
men også tillate meg å ha tunge stunder innimellom
Så gjekk det slag i slag
Operasjon
og
Cellegift
Hausten har gått så fort
og med handa på hjarte kan eg seie det har vore ei fin tid
til tross for kvalme
til tross for engstelse
til tross for tunge stunder
Denne hausten har eg møtt så mange flotte menneske
som har gitt meg støtte
omsorg og gode ønsker
Eg har fått prøvd mange nye ting
frå operasjon og fram til i dag
Eg har fått med mange nye erfaringar
lærdom som eg alltid vil ha med i bagasjen
Å måtte barbere hovudet
avdi dei korte hårtustane stakk når eg la hovdet på puta
vart berre artig
når den gode Helenejenta mi
tok høvelen og barberskummet fatt
og raka skallen til mor
og kjærasten tok bilder i alle vinklar
Då sat latteren og galgenhumoren laust
der vi alle tre beundra resultatet
Helene i full sving med skum og høvel og no er mammahovudet blankt og mjukt.
Eg kjem til å gå inn i det nye året
med mange utfordringar
Eit par cellegiftkurar til
Så kanskje nokre veker med stråling
Antistoff kurar kvar 3.veke i eit år
Antihormontablettar i 5 år
Alt dette er medisin som vil forringe livskvaliteten min reint fysisk
Men eg er budd og har tenkt å kome igjennom det på ein god måte
Vi har så mange planar for 2012 - eg og kjærasten
Vi skal realisere fleire store draumar
Vi skal leve livet og gripe dagane
Vi skal le og gråte
Vi skal leve
og håpe at året blir slik vi ynskjer
Eg vil takke for kvar dag
Takke for styrken eg har
Takke for humøret eg er velsigna med
Takke for alle som er rundt meg og som viser at dei er glad i meg
Å leve med kreft
er vanskelegast
FØR du har opplevd det
Godt nyttår til alle eg er glad i
og takk for det gamle:-))
Jannetoveklem