Vinterhav

Vinterhav

onsdag 31. august 2011

Varm te og varme tankar

I morgon er hausten her
September med sine lune mørke kveldar
September - den første månaden på ei lang ferd mot vår

Då er det godt å ha noko å varme seg på
Kveldste i fine koppar
Koppar med visdomsord på


Koppar med kunst på
Koppar med kloke ord i synsranda
Ei gåve frå ei god veninne


Ei gåve som varma hjarte og gjorde meg 
ekstra glad - sidan Kristin påstod at koppane passa
akkurat til MEG.

Takk for gåva Kristin og takk for at 
nettopp du er den du er:-))

Ein haustklem frå jannetove som 
kosar seg med varm kveldste på Hadelandet sitt.

lørdag 27. august 2011

Ei garasje tek form

Det er ny garasje på gang
med to biler på garden 
blir den gamle under verandaen 
for liten.

Murane er på plass og det
er tid for å pynte på og lage
til rundt.

På denne veste "hylla" eller plassen
har vi tenkt å ha ein 
fin benk - 
der vi kan sitte å nyte solnedgangen.


For å lette snøfresing har vi forlenga den 
opprinnelege stien rundt huset


Slik at den går bort til garasjen


I skråningane rundt muren har 
vi tenkt å plante 
vintergrønt og kanskje
noko med litt 
blomster på


Det er flott å ha ein 
kjærest som er 
flink med minigraver - 
- mange tunge tak blir spart då.


No går vi her og gler oss
til ferdiggarasjen kjem på garden
og byggelaget kjem for å sette
den opp.

Ser fram til ein vinter med 
biler og utstyr under tak.

Jannetove

fredag 26. august 2011

Valgets kval....

Valgets kval....
på ein ny stad
i ei ny kommune 
med nye navn
og nye fjes....

Borgarplikta skal utførast
og det krev sin mann
når ein har flytta.

I eit kommune og fylkestingsval
er det dei nære og lokale
linjene som skal teiknast.

Dei store og sentrale linjene får vente....
No er det lokale verdiar
som skal skapast..
og kanskje må ein tore å sjå seg
om i andre retningar enn før....


Vakre Hadelandet mitt skal styrast
og eg har tenkt å bidra.
I dag har bunken med vallister 
blitt redusert frå ein haug til berre nokre få
....finsorteringa får eg bruke litt tid på.

Du skal vel bruke stemmeretten din du og??

Ha ei flott helg
-jannetove-

søndag 21. august 2011

Tradisjon på ein søndag

Søndag - roleg og god
lat morgon med kaffi og nettsurfing

Men så snik arbeidslysta seg plutseleg på
og eg kjem på at eg har fersk høgrygg, rosenkål og brokkoli liggande - 
og så hugsar eg sosekjøtet som mor mi ofte laga
på søndagen



På kjøkenet brunar eg sausbruning -
steikjer skorpe på kjøtet og 
høyrer på søndagspreika på radio

Kokar opp sausen
smakar til og legg
det bruna kjøtet i -
- så er det berre å la varmen gjere jobben



Var på Damene på gården i går og fekk
kjøpt nydleg kjøttkrydder
og heimelaga lefser

Blandar sukker og smør og
får smurt dei mjuke lefsene
slik eg trur at det skal gjerast
- og ein liten dæsj kanel
gjer nok susen


Men vi kan ikkje leve berre
på søtsaker og kjøt
Å blande ihop ei knekkbrøddeig
er gjort på ein to tre - 
og at nokre er litt brende er 
berre fint


Så er søndagsmiddagen
i boks
Kaffikosen klar
og kjæresten min har frukostmat
i fleire dagar

Eg kan sette meg ned
vente på at kjæresten kjem
heim frå fallskjermsamling
og glede med over
at eg fekk fatt i denne fine lykta
på garasjesalg hos Vibeke



Lar desse to lysa som speglar
seg i spegelen bak i lykta
vere eit bidrag
til å tenne lys for 
alle som har det vondt rundt om

...så skal eg berre kose meg
resten av denne fine søndagen

fredag 19. august 2011

Sorg og glede - hand i hand

Heilt frå eg var jente og gjekk 
i leikaringen 
har eg hatt med ein song
som har betydd svært mykje for meg

Det er ikkje så ofte eg syng
men gjer eg det - ja så er iallefall 
denne på programmet

utsyn ved verdens ende - 11

UNG ÅSLAUG GJEKK I BJØRKESKOG

Ung Åslaug gjekk i bjørkeskog
så tirøygd, frisk og raud;
ho tykte mest at alle gret
der som ho gleda baud.

"Kva er det vel dei syta for
i verdi vid og stor,
når soli skin, og hjarta brenn,
og kjærleiken fær ord?"

Då kom eit bod at hennar mor
låg sjuk og måtte døy,
då kom eit bod at hennar ven
ha' fest ei onnor møy.

Ung Åslaug vart so underleg,
ho tagde reint den kveld;
for noko bort frå hjarta fraus,
endå det brann som eld.

Ung Åslaug gjekk i bjørkeskog
så tårøygd og so raud;
ho tykte mest at alle log,
der som ho sorgi baud.

"Kva er det vel dei fegnast ved
i verdi vid og stor,
når soli brenn, men hjarta frys,
og kjærleik berr' er ord?"

                                                                                          av Kristofer Janson

ruskevær ved stavern - 11

Denne songen minner
meg om at livet ikkje alltid er 
ein dans på roser og at 
det er viktig å ta vare på kvarandre.

Grip dagen
jannetove

søndag 14. august 2011

På gamle stiar

Skiltet levnar liten tvil om kvar eg er på tur


Mange tankar går gjennom hovudet når eg får gå på
gamle stiar.
Kan nesten høyre mjølkestrålen som treff metallbøtta
og kjenne lukta av varm nysila mjølk.


Det var ved denne vårfjøsen bror min vart lokka til 
å prøve å ri på kvigene
- det måtte jo ende med knall og fall....


Det andre av dei fire leda på vegen
idag kviler det inntil ei granstamme og er ikkje lenger til hinder.


Ved tredje ledet - der storfonna gjekk -
heng trimposten og lokkar fram turgleda.


I dag som før kan ein leggje att ei helsing
på naturens eiga tavle.


Berre bakkeledet eller fjerdeledet som eg kallar det
har framleis oppgåva si i behald 
- her kan ein nok tjene seg ein slant som grindtaus
ein fin sommardag.


Gammalt handverk tener enno.


I dalbotnen får småelvane renne fredfullt i den 
mørke og lune skogen.


Den gamle bogebrua vitnar om farne tider.


Andagrova - min barndoms badeplass

Her var det han gamle Løken kveikte bålet
og koka søndagskaffien på svartkjelen -
og mor Signy leita fram dei finaste smørbrød
frå matøskja
.
Her var det vi ungane fekk nyte søndagsfreden 
ilag med blide og avslappa foreldre
Mang ei krede vart freista fanga på heimelaga 
fiskestenger og maurbet og myggestikk høyrde
sommaren til.


Mang ei reise ut i den store verda har funne stad her -
iallefall i barns fantasi
Den gamle bilen som for rundt 40 år sidan 
var nesten brukbar, har fått merke tidas tann


Her leika vi - skapte vi eventyr og drøymde oss bort -
og syns det var ulideleg spennande 
då vraket vart brukt som skadestad under ein øvelse

At det har vore ein bil kan eg seie - ikkje avdi eg ser det
men avdi eg veit det


Ei vandring i fred og ro tilbake
til barndommen
vart eit frydefullt minne
frå denne sommaren
Det enkle er ofte det beste.

jannetove - 11

torsdag 11. august 2011

Heimlengt

Gode dagar i heimbygda - ilag med flotte barn og gode vener - litt regn og litt sol - ein fin liten ferie.

Men så skal det bli godt å kome heimatt - i morgon går turen over fjellet - heim - der eg har min kjære.

Borte bra - men heime best heitest det -
Det vil alltid vere fole kjekt å reise på besøk til ungane enten dei bor i gamle bygda eller langt mot nord. Og det vil alltid vere godt å kome tilbake dit som no er HEIME:-))

Eg blir så glad når du ser på meg og smiler
Det er så fint å halde handa di
Så godt å få ein klem
Så godt å høyre deg le
Så fint å ha deg her i lag med meg
Å vakne å sjå ditt gode smil og høyre ditt muntre ”gomorn jenta mi”
Så godt å kome heim og vite at du ventar på meg
Å vite at du set pris på at nettopp eg kjem

jannetove -11

fredag 5. august 2011

Tenk om.....

Tenk om eg kunne late att auga ditt
Slik at du slapp å sjå alt det vonde

Tenk om eg kunne halde deg for øyra
Slik at du slapp å høyre alle lydane

Tenk om eg kunne halde rundt deg
Slik at du ikkje lenger var så redd

Tenk om eg kunne lyfte deg bort
Slik at du vart trygg

Men eg må sleppe deg – kan ikkje vakta deg
Du åleine må bli den blomen som Vårherre hadde tenkt


jannetove-11

mandag 1. august 2011

Handa di

Vårlys kveld
Fuglar som kvitrar go`natt
Angen av nysprunge lauv

Sommarnatt sval
Gardiner duvar i sommarvind
Kveldsraud solgang

Haustmørke kveldar
Regndråpar mot ruta
Angen av våt jord

Vintermørk kveld
Knitrande kulde
Dumpe lydar av snønatt

Aldri ein kveld lik
Men handa di er alltid den same
Trygg og kvila på....

og takk for det:-))

jannetove -11