Vinterhav

Vinterhav
Viser innlegg med etiketten Dikt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Dikt. Vis alle innlegg

tirsdag 27. desember 2011

Berre meg og alle andre

MEG
Gjennom livet
Dag etter dag
Gjennom gleder
Gjennom sorger
Åleine - eg er alltid meg
Tenkjer berre mine tankar
Berre eg heile tida
Ser alle andre – alle dei flotte
Alle dei vellukka – alle dei rike
Alle dei sorglause – alle med suksess
Tenkjer eg ville vere ein annan
Ville vere flott – vellukka – rik – sorglaus og med suksess
Alle andre går og gjennom livet
Åleine – med sine tankar
Alle andre har og sine sorger – sine gleder
Alle andre tenkjer kanskje det same
At dei vil vere ein annan
Så kanskje er det greitt at eg er meg
Med mine tankar - sorger og gleder
Vi er mange - og om vi ser oss rundt og deler
Så kan vi vere oss sjølve – saman

-jannetoveløken nov-11-


Med ønske om roleg Romjul

Klem

tirsdag 13. desember 2011

Aksept

Det er mange ting her i livet vi så gjerne skulle vore foruten
men så må vi ta det med allikavel
Vi har av og til ikkje noko val
Men det er ofte at ting blir betre om ein Aksepterer
det som har skjedd -
lærer seg å leve med situasjonen -
lærer seg å godta at det er slik det er -
og slik vil det vere
Då kan ein bruke energien
på positive tankar istaden

For meg var det vanskeleg å akseptere at
eg hadde fått ein kronisk sjukdom
ein sjukdom som er omstridt
ein sjukdom som ikkje syner -
og som mange trur er innbillt
Men som for den som har den 
betyr smerter og uro
søvnvanskar
konsentrasjsonsvanskar
utmatting
stress og angst
og ikkje minst sorg over tapt helse

AKSEPT
Eg høyrer at du seier det
Eg ser at du meiner det
Eg kjenner at det er slik
Men alt i meg strittar imot

Eg vil ikkje at du seier det
Eg vil ikkje at du meiner det
Eg vil ikkje kjenne at det er slik
Eg vil bort

Bort frå orda dine
Bort frå truverde i auga dine
Bort frå smertene i kroppen min
Eg vil ikkje akseptere

Eg må høyre at du seier det
Eg må akseptere at du meiner det
Eg må godta smertene i kroppen min
Eg åleine må innsjå og akseptere at diagnosen er Fibromyalgi



Desse orda kom til meg
i møte med ei fortvila dame
som hadde fått same diagnosen som meg
ei dame som sleit med å akseptere at ho i ung alder 
måtte gje tapt i arbeidslivet
Ei dame med ein stor sorg
over å ikkje kunne yte for samfunnet lenger

No har denne diagnosen mindre betydning for meg
den er der  - og cellegifta forsterkar smertene
men no er det kampen for å bli frisk av kreft som 
gjeld for meg
Her må eg også lære meg å Akseptere
innsjå at livet har tatt ei anna vending enn eg hadde håpa på

Mitt opp i dette
kjenner eg at kreftdiagnosen er lettare å akseptere

Kvifor spør du kanskje......
.....jau det er fordi det syner
ingen trur at eg innbiller meg at det var kreft i brystet mitt
mitt hårlause hovud et eit tydleg bevis på at kreften har budd i kroppen min 

Det finst mange der ute
som slit med diagnoser
som ikkje viser så godt utanpå
men dei kan vere like tunge allikavel
og det verste er å ikkje bli trudd

tirsdag 6. desember 2011

Advent - ventetid på mange måtar

Gifta har herja frå seg for denne gong
Det har vore ei tung veke på godt og vondt
Alt gjekk så fint med Veneport mandag
Cellegift på tysdag gjekk som ein leik i den nye VAPèn
og onsdag følte eg at eg hadde overskot og krefter
Var på strikkekafe og møte i Fibro`n 
Litt kvalm og sliten innimellom
men eg hadde jo ein grunn for det 
og ikkje vil eg vel leggje meg føre heller
Torsdagen var det avslutning på Livslystkurset
det ville eg så gjerne ha med.....
.....men på strikkekafeen om kvelden måtte eg "melde pass" og reise heim lenge før tida

Fredag, laurdag og sundag
er dagar som ikkje skal få stå fremst i hukommelsen
Kvalm og motlaus
vondt i kroppen
vondt i hovud
trøtt - trøtt - så uendeleg trøtt
sveittetokter og frostrier
Ei lang vandring nederst i kjellartrappa
berre nokre få stunder nederst i loftstrappa

Men det er når eg har det slik
at trykkventilen opnar
at alt det tunge og vonde får utløp
i sinne, frustrasjon og salte tårer
Det er når eg har det slik at tankane og kroppen vert rensa
Det er i slike dagar
eg finn trøyst i ein kjærast som held rundt meg og pakkar meg inn i pleddet på soffan
og minner meg på at etter regn kjem sol

Og ja
det går over
etter regn kjem det sol
I går kom sola for fullt
Energien og livslysta var tilbake
og alt vart så mykje betre


På trappa står lyset tent
Nissen er komen på sin faste plass


Etter nyttelaus leiting
etter julelysa frå i fjor
gjekk eg til innkjøp av nye lysslynger
og eg og kjærasten kosa oss med
å sette dei nye lysa opp på verandaen


Og "Ottanissen" står igjenn og helsar
frå Haugsbakken
Den gamle gode Nissen som
svigermor Otta
laga for mange år sidan

Tradisjon
Glede
og Tru på gode dagar


Når desse tunge dagane
har tatt seg ei pause 
kjem også orda
orda som berre plutselig er der
og dannar små dikt

STRENGEN

Der er ein streng -  lang der inne i meg
Ein spelestreng
Som spelar livet mitt
Stundom som ein stile bekk - trillande lette og mjuke tonar
Stundom som ein brusande foss  - buldrande tunge og mørke tonar
Stundom som stille vatn – rolege vare og gode tonar
Stundom som stormfullt hav – såre salte og vonde tonar
Tilsaman er dette livet mitt - det er tonane i  hjarta og sjela
Melodien som gjer meg til eit heilt menneske
Jannetoveløken -11


I dag spelar eg julemusikk
et klementin til frukost
brenn levande lys
og ser at sola renn i sør
...og kjenner at eg har det godt

Grip dagen min venn - lev i nuet

Jannetoveklem
 

søndag 27. november 2011

Kontrastar

Fyrste sundag i advent
Her skin sola og det er vårleg temperatur
Eg ser på FB at snøen fell i gamlegrenda
og stormen feiar over hav og land andre stader i norge

Eg sit og har god sundagsstemning 
med skirenn på TV`n
Har så smått planer om 
å pakke inn julegåver
og kanskje strikke litt

Eg har ein god dag
og føler at livet smiler.

For ei tid tilbake
skreiv eg dette diktet
som er med på å minne meg
om å nyte dei gode stundene.....

KONTRASTAR
Ei mor gret over barnet ho miste
Ei anna gret i glede for det ho fekk

Ein mann skyt skarpt for å verge seg sjølv
Ein annan skyt elgen i lykkerus

Eit barn klagar over skuledagen
Eit anna gler seg til å endeleg få lære

Ein ungjente feller tårer for tapt kjærleik
Ei anna smiler nyforelska til kjærasten sin

Ei kvinne døyr av tørst og svolt
Ei anna går evig på slankekurs

Ein mann sørjer over tapet av kona
Ein annan feirar at si kjære fekk leve

Ein unggut fortvilar over knusktørr jord
Ein annan klagar over regn som fell

Alt skjer i same sekund - ein stad på vår store jord
Nokon gret – nokon ler – nokon døyr
Og nokon får leve

jannetoveløken - 11

Mitt advenstsfat 
ber preg av å bruke det enkle
det eg fant i skuffen


Ha ein fin fyrste sundag i advent
Gled deg over dei små tinga
det er kanskje dei som er dei viktige.

Klem jannetove

tirsdag 1. november 2011

November

 Jarenvatnet i skodde - 09

Pøsande regn og susande vind
Nysnødryss på høge tind
Sluddbyger, regnbyger - snø
Lavtrykka står i kø
November mørker mitt sinn

Fønvind og bris og varme grader
Gullgult lauv alle stader
Haustsola varmar og skin
Solnedgang raud som vin
November lyser mitt sinn

Været skiftar ofte og brått
Frå solskin til regnvers grått
Dagane er som livet vårt
Alt frå lyst og lett til sårt
November kom også i år….
-jannetove-09

På skauen -09

fredag 28. oktober 2011

Styrke

Eg har mange gangar stått på sidelinja og sett
folk oppleve vonde ting og sagt
at dersom det var eg som hadde opplevd "det" eller "det"
så ville eg nok ikkje klare å takle det

Eg har mange gangar opplevd "det" og "det" 
og eg har takla det kvar gang-
-på min måte
Når vi menneske opplever vonde og vanskelege ting
får vi ofte ein styrke til å kome gjennom det som vi ikkje var klar over at vi hadde
Dette veit eg avdi eg sjølv 
har blitt så overraska over at eg har klart meg så bra gjennom
vanskelege stunder
og at eg har kome styrka og tryggare ut i andre enden

No er eg inne i ei slik tid
-eg fekk ei kreftdiagnose
Så har eg altså atter ein gang opplevd "det" som
eg har trudd eg ikkje ville takle......

Då er det så inderleg godt å kjenne på 
at naturen atter ein gang har gjort jobben sin
Eg kjenner at den styrken eg treng for å kome igjennom dette
har blitt tildelt meg 
-i akkurat passe mengd og til akkurat rett tid

Eg veit at eg vil vere i ulage i dagane etter ein kur
Eg veit at eg vil vere i ulage i dagane før ein kontroll
Eg veit at det vil vere dagar eller stunder 
der eg vil ha føling med kjellartrappa....
.....men eg veit også at loftstrappa står like ved......

 ona fyr i solnedgang -09

Her er tankane mine 
skrive ned i eit dikt 
sist eg var i ei vanskeleg og vond tid...
...alltid like aktuelle.....


VEIEN VIDERE
Jeg står her alene, forvirret og rar
Lurer på hvilken veg livet tar
En sorg i hjertet så hul og sår
Bare Gud vet hvilken veg det går

Jeg står her alene, forvirret og rar
Og vet at livet gir og tar
Jeg vakler et skritt, stopper og ser
Gi meg glede Herre, jeg ber

Jeg står her alene, forvirret og rar
Kjenner jeg kan smile av det som var
Jeg fylles av glede og livs - energi
Jeg har da så mye, mye å gi

Jeg står her alene, stolt og glad
Jeg ble hørt da jeg bad
Jeg kjenner at gleden vil komme en dag
Og på nytt gi meg styrke og velbehag
jannetove -09
Så vil eg takke alle dokke som har vore innom meg 
og lagt att gode og oppmuntrande ord
- alle de er med på å føre meg nærare loftstrappa
Velkomen også til nye fylgjarar

God helg 

Jannetoveklem

søndag 23. oktober 2011

Ein dans på Roser

Å danse på Roser
Mjukt over raude kronblad
Forsiktig over grøne blad 
og lange stenglar

Men pass på
Ei Rose har også torner
Som ein må danse på

Å danse på ei Rose
Er som å danse i livet
Sorglaust og fint
Men også vondt og vanskeleg
Der gleda og sorgen
Går hand i hand

Livet er ein dans på Roser


jannetove - oktober 11

fredag 7. oktober 2011

Nokre sekund av livsdagen

Av og til må vi stoppe opp
i livet
bruke litt tid på 
å tenkje oss om

Sju månader i mitt 
liv
Ikkje så mykje
i forhold til over 50 år
Men....
Ein halv vår
ein heil sommar
ein halv haust



REDSELSMÅNADER

April med gode stunder
sorglause tankar

Mai med ei gryande uro
varierande  tankar

Juni med tydlege teikn
Bekymra tankar

Juli med prøver
tvilande tankar

August med uendeleg venting
og angstfulle tankar

September med vissheit
alvorlege tankar

Oktober med svara
jublande glade tankar


Frå bøljetopp
gjennom bølgjedal
til neste bøljetopp

Det er nett det som er livet
nokre gonger storm
andre gonger stilla

Erfaring og lærdom fyl oss gjennom livet

-jannetove- 11

onsdag 5. oktober 2011

Å oppdage i tide???

KULEN

Handa stryk varsomt
Forsiktige  rolege bevegelser
Leitar og søkjer på kjende stadar
Varm – frisk hud
Trygg på å finne linjene
Slik dei har vore  støtt
Leitar og søkjer
Finn roa og gleda
Ser at alt er kjent og uforandra
Så plutseleg
Skrekken og redsla
I det som er framandt
Der er han
Kulen i brystet

Jannetove-11

Bildet er lånt frå Rosa sløyfe

Oktober er Rosa - tek du utfordringa og støttar
denne aksjonen?

jannetove

søndag 2. oktober 2011

Bevisste valg


Det er godt å koma heim etter ei helg på tur
Denne helga har eg og kjærasten vore
i Hemsedal og sett på Fallskjermhopping frå helikopter
Stemninga var stor, veiret var heilt utruleg flott og 
vi har kosa oss med bilturar, gode samtalar på hoppfeltet
og ein kjekk kveld på oktoberfest.

Vi har tatt eit bevisst valg på å kose oss i helga
og det har vist seg å bli ein suksess.
Alle tankar rundt sjukdom 
la eg att heime og eg kjenner på at i helga har eg 
Gripe dagen og levd.


Vær bevisst!

Vær bevisst dine tanker
for de blir til ord.

Vær bevisst dine ord
for de blir til handlinger.

Vær bevisst dine handlinger
for de blir til dine vaner.

Vær bevisst dine vaner
for de blir til din karakter.

Vær bevisst din karakter
for den blir din skjebne.

Vær bevisst!
"buddah"

Ein av bilturane gjekk til Mørkedalen
på vegen over Hemsedal
Her hadde familien til kjærasten 
hytte før i tida og han har mange 
gode minner frå staden
Å vandre slik på "gamle stiar" 
er alltid sjelebot
og når haustsola varmar landskapet slik 
som på laurdag - blir det ekstra godt

Mørkedalen 1.10.11 

Eit av høgdepunkta var då to fallskjermhopparar 
gjorde dette stuntet.
Her ser vi ein person på line høgt over bakken
samtidig som fallskjermhopparen 
swooper under lina i det han går inn for landing.
Nesten som å vere på sirkus.....


No når eg er vel heime og merkar at
influensaen har invadert kroppen min
lyt eg mobilisere nye gode tankar
No blir det teppe, sofakos og varm te
....ei influensa går over
.....så no skal eg berre slappe av 
til eg føler meg bedre.

Ha ein fin søndagskveld og ei flott veke

-jannetove-

fredag 19. august 2011

Sorg og glede - hand i hand

Heilt frå eg var jente og gjekk 
i leikaringen 
har eg hatt med ein song
som har betydd svært mykje for meg

Det er ikkje så ofte eg syng
men gjer eg det - ja så er iallefall 
denne på programmet

utsyn ved verdens ende - 11

UNG ÅSLAUG GJEKK I BJØRKESKOG

Ung Åslaug gjekk i bjørkeskog
så tirøygd, frisk og raud;
ho tykte mest at alle gret
der som ho gleda baud.

"Kva er det vel dei syta for
i verdi vid og stor,
når soli skin, og hjarta brenn,
og kjærleiken fær ord?"

Då kom eit bod at hennar mor
låg sjuk og måtte døy,
då kom eit bod at hennar ven
ha' fest ei onnor møy.

Ung Åslaug vart so underleg,
ho tagde reint den kveld;
for noko bort frå hjarta fraus,
endå det brann som eld.

Ung Åslaug gjekk i bjørkeskog
så tårøygd og so raud;
ho tykte mest at alle log,
der som ho sorgi baud.

"Kva er det vel dei fegnast ved
i verdi vid og stor,
når soli brenn, men hjarta frys,
og kjærleik berr' er ord?"

                                                                                          av Kristofer Janson

ruskevær ved stavern - 11

Denne songen minner
meg om at livet ikkje alltid er 
ein dans på roser og at 
det er viktig å ta vare på kvarandre.

Grip dagen
jannetove