Vinterhav

Vinterhav

tirsdag 21. mai 2013

DET NYE LIVET

I desse dagar er det to år sidan eg snakka om 
mine mistankar for fyrste gong
- mistankane om at noko var gale 
frykteleg gale
Tida som har gått sidan eg fekk bekrefta
mistanken
- at eg hadde brystkreft 
har vore ei lang reise
Fortviling, sjokk, vantru, glede, redsle, motløyse og mot
- er berre nokre av følelsane som har fare gjennom hovudet
Gode dagar 
mindre gode dagar 
og skikkeleg vanskelege dagar
Tenk om eg viste korleis dagane kom til å bli
- då trur eg at eg hadde mist motet.

I dag ser eg ut akkurat som før
- berre litt mørkare i håret
- berre mykje meir krøllete på hovudet
-berre ørlite tynnare
-berre så utruleg mykje meir sliten
- berre så uendeleg plaga av seinverknader/biverknader
- berre så mykje klokare
- berre så veldig mykje meir glad i livet

Dagane mine går med til å leve
- leve på den måten eg klarer no
Nokre dagar orkar eg mest ikkje stå opp
Nokre dagar må eg kvile rett etter frukost
Nokre dagar krev berre litt kvile
Og nokre dagar kjenner eg at eg eig verda

Det har tatt lang tid
å kome dit eg er no
- å klare å erkjenne at det gamle livet mitt er borte
- å ynskje det nye velkomen
Det har vore ei vanskeleg omstilling
Det har vore lærerikt
og det har kosta

Men sjølvom eg ikkje lenger orkar
alt det eg orka før

Så orkar eg å glede meg over at eg er til

Uendeleg takksam

Jannetove