Vinterhav

Vinterhav

søndag 26. september 2010

Haustkos

Denne helga har vore god - god fordi eg har hatt besøk av Helene - god fordi laurdagen og søndagen kom med godt veir og god fordi eg har hatt besøk av tantejentene mine.
For tida held eg på å strikkar tøfler til fam. Bergvik - vintercampingtøfler som dei skal ha på når det vert kaldt på Lygnaseter. Tantejentene ville også strikke så Helene lærte Martine kunsten, og ho starta på eit skjerf av tråd som eg fant i strikkeskapet mitt. Sunniva ville også lære - men det var nok lurast å lære seg fingerhekling først. Ho vart raskt ferdig med eit skjerf som ho kan tulle rundt halsen mange mange ganer.


Helene er litt meir erfaren så ho held på med eit skikkelig storprosjekt - jakke i naturgarn. Blir spennande å sjå denne ferdig.



Det er så godt no når hausten er komen og det er mørkt og kaldt ute - då fyrer vi i ovnen og finn fram tjukkelestane. Men etter kvart kan det nok bli litt vel varmt for ei kjærring i rette alderen - då fyk tjukkelestane veggimellom. Akkurat denne gangen vart dei slengt av og bort i ei krå....bomma berre littegrann og traff murveggen. Artig med tjukkelestekunst på veggen:-))

lørdag 25. september 2010

Heldige meg....

Har besøk av Helene døtta i helga og då vart det ein liten tur til Brandbu for å kikke på litt strikkegarn. Vart ikkje så mykje garn som vart kjøpt - men denne fine koppen havna i posen då Helene forlot butikken......

.....no sit eg her og kosar meg med ein stor kopp te - og det er liksom ikkje tvil om kven som eig denne koppen:-))

Heldige meg.....som har ei snill datter:-))

fredag 17. september 2010

To tova badehette.....

Har ein bror og ei svigerinne som er dei reine badenymfer i nyanskaffa jacuzzi - der har dei vistnok tenkt å tilbringe mykje tid i vinter. Jacuzzien er vel plassert ute på terassen med ei fantastisk utsikt over fjord og fjell så eg sjønar godt at dei trivst i godt varmt vatn der når haust og vinterkulda set inn.
Sjølvom det er varmt og godt i vatnet så vil det nok melde seg eit behov for noko varmt på hovudet - og kva er vel då betre ein ei god tova badehette. Eg tok utfordringa og strikka dei kvar si tova badehette som eg har sendt over fjellet i dag.

Badehetta til venstre er tenkt til Randi - og Stein Ove passar forhåpentleg i badehetta til høgre.
Så no håpar eg dei to turtelduene får ein fin haust i badestampen og her heime sit eg og strikkar badehette til meg sjølv og kjærasten - må jo ha med badehette når vi skal på besøk:-)

jannetove

torsdag 9. september 2010

Det lyser i ballongen

Så lenge eg kan minnast har det eksistert ein gammaldags vin-ballong i mi familie - ei rusten jarnramme rundt ein brun glasballong. Den tida den var i bruk var den isolert med glasull mellom ramma og den store "glasflaska".

Eg minnest godt då far min sette vin på ballongen - ja eg meiner også at han brukte den når han brygga øl.

Men tida går og far min er borte for mange år sidan - og mor mi likeså - men ballongen den har fulgt meg trufast på mi rastlause reise fram til der eg no er. Ei tid lagra i ein mørk kjellar, ei stund som dekorativ pynt i stova mi, ei periode i ein gang før den no har havna med på lasset til Jaren.

Siste tida har han stått ute på trappa her - og både eg og kjæresten har kikka på den - grunda og tenkt på kvar vi skulle plassere den.

Så plutselig fekk gemalen ein lys idè - kva med lys i ballongen. Ein tur på butikken for å kjøpe det som trongst og litt arbeid med å få rigga alt på plass. Og vips så har den kjære vin-ballongen fått eit nytt liv.....


....no kan den lyse opp i mørke kveldar her i stova - eit kjært minne om farne tider og eit lyst håp om mange gode dagar famover.

Takk for ein fantastisk god tanke kjære Bjørn Erik :-))

mandag 6. september 2010

Ikkje så flatt som mange trur.....

Då eg reiste til Hadeland første gangen trudde eg at eg skulle ned på "flate austlandet" - stor var overraskinga difor når eg kom fram og fekk sjå at det slett ikkje var så flatt her som eg hadde trudd. Landskapet her blir også kalla "Nordens Toscana" og det med rette.

I dag kom eg endeleg over dørstokkmila og turen gjekk til Hvalebykampen eller Rånåsen som han og blir kalla. Herifrå ser den ut som ein liten ås der den ligg skogkledd i kveldssola - men når ein studerer kartet så er faktisk denne åsen 771 moh. og hadde den vore på vestlandet ville den nok bli rekna for eit fjell. Jarenvatnet rett nedanfor huset her ligg på 201 moh. så litt høgd blir det altså på fjellet vårt allikavel.


Eg har ikkje tenkt å skryte på meg masse kondisjon og "røle" av at eg er sprek - for nei det er eg altså IKKJE. Men eg har vore på Rånåsen i dag, ikkje så langt og ikkje så høgt, men ganske bratt allikavel - ein flott tur og jammen vart ulltrøya sveitt også.

Bildet over er tatt rett før vi kom til første toppen og her ser vi ned på Randsjøen og sætrane innover Øståsen. Langt borti alle blåner ein stad ligg Gardemoen og rett som det er kjem Widerøe flyet putrande over åsen her på veg mot barndomens fjell og dalar.



Vel framme på toppen blir ein nesten litt skuffa over all granskauen som stengjer for utsynet - men litt ser ein no imellom trea. Bildet er tatt med soom og retninga er mot Granavollen og Søsterkyrkjene. Fremst i bildet skimtar ein så vidt Jarenvatnet og i godt veir ser ein heilt til Gaustatoppen.

Nei absolutt ikkje så flatt som mange trur.....