Vinterhav

Vinterhav

fredag 24. februar 2012

Livsteikn i vårsol

Her har det vore stille ei stund -  eg har hatt litt anna å styre med,
så mitt liv i bloggverda har stort sett bestått i å lese hos andre.

Eg har avhalde årsmøte i Hadeland Lokallag av Norges Fibromyalgi Forbund
- der er eg leiar -og det blir alltid litt hektisk rundt årsmøte, 
og eg kjenner veldig på at eg orkar så uendeleg mykje mindre enn før.

Snart er det 4 veker sidan eg fekk mi siste dose med cellegift
Dagane blir bedre og bedre, men det vil nok ta tid - 
- kroppen er utruleg sliten.
Eg må nok berre innsjå at eg ikkje er noko meir supermenneske
enn alle dei andre som har gått vegen før meg.
Eg har kontakt med mange - mange som er ferdig med all behandling for lenge sidan
- mennesker som slit med seinverknader etter tøff behandling - 
- det hjelper meg å forstå at eg må la kroppen min få tid
- hjelper meg å forstå at eg ikkje må krevje for mykje av meg sjølv.
Det er mange som opplever tida etter at dei er ferdig behandla
og såkalla friske som veldig vanskeleg. 
Vanskeleg avdi dei ser friske ut - men allikavel ikkje er det.
Dei er nok kreftfri - men seinverknadane av behandlinga
og angsten for tilbakefall gjer noko med mange av desse menneska.
Då er det fint å lese at Kreftforeninga gjev 15 millionar til
Kreftforeninga sitt nasjonale senter for forskning på seinverknader.

Men så er der mange solskinnshistorier også - 
jenter med tøff behandling bak seg
som er heldige og ikkje får alle desse seinverknadane.
Eg håpar eg er ei av dei....og tenkjer at det nyttar lite å ta sorgane på forskot.

Det er trass alt mykje bra som skjer i livet mitt.
Eg har hatt min første Antihormonkur - Herceptin.
Det gjekk fint - ingen akutte reaksjonar - men eg må tilstå at smetene i kroppen
som kom sigande utover kvelden den dagen eg fekk kuren var tøffe - 
men dei var borte dagen etter - så eg kan nok klare å leve med ein dag kvar 3. veke 
med slike smerter - det er jo det som skal gjere meg frisk.

Idag tenkjer eg ikkje så mykje på verken Antistoff eller Antihormon - 
det kan eg ta dei dagane det plagar meg.
Akkurat no er det lite som plagar meg - 
ute skin sola og vi har påskestemning - 
og vinterferien er like om hjørnet.

Vårsola blenkjer
snøen smeltar


og det er fint
med ei lita kaffipause
på ein grønmalt benk i hagen


Slike dagar er livet godt å leve
det er fint å klare å leve akkurat her og no.

Ynskjer alle mine vener ei god helg
og ein god vinterferie (til de som skal ha det neste veke)

Eg har tenkt å kose meg
kose meg i mange dagar framover:-)

Klem jannetove

mandag 13. februar 2012

Mitt Firkløver

Eg har eit Firkløver
som betyr
alt for meg.

Eit firkløver
som for meg er den store lykka.

Sondre - den yngste
Ambulansesjåføren


Sigurd midt i mellom
Kokken



Helene
Økonomen


Bjørn Erik
Kjærasten


Dette er mitt Lykkefirkløver

Firkløveret
som gjer livet mitt
så godt.
Firkløveret
som får fram gode tankar
som får meg til å smile og le.
Firkløveret
som gjev livet meining.

Eg treng ikkje leite 
etter firkløver i skogen -
Eg har det rundt meg
og i hjarta.

Dette Firkløveret
er verdt meir enn all verdas gull og glitter.

lørdag 11. februar 2012

Ei annleis Morsdagsgåve


Morsdagsgåve frå verdas beste dotter
Eit bevis på at ho har huska på mor si
Eit bevis på at ho tenkjer på andre
som ikkje har det så godt
som oss her i Norge.





Eg kjenner at eg er stolt -
Stolt av å ha ei dotter
som bryr seg om mor si
men også har hjarte til 
å bry seg om andre.

Tusen tusen takk for morsdagsgåva Helene
Den varma mykje meir 
enn allverdas fine ting og tang
som eg har så rikeleg av frå før.

Kjempeglad i det vennen:-))

Klem Mora