Vinterhav

Vinterhav

lørdag 26. februar 2011

Gode opplevingar

Denne fine blomeoppsatsen står plassert i Garnboden - eit bevis på at vi som var med å kjøpe den set uendeleg stor pris på å ha denne flotte garnbutikken i vårt nærområde. Butikken har Siw drive i vel eit år og ho byrja i det små for å sjå korleis ein slik spesialbutikk vart teken i mot i vesle Brandbu. Eg trur nok det har gått over all forventning for no var lokala for små og tysdag hadde vi dugnad for å få flytta alt garnet over i nye og større lokaler.



Lyse fine lokaler med god plass til dei som vil kjøpe garn og tilbehør - forslag til påskepynt er allereie utstillt.


I vindauga er det utstillt ferdige produkt som ein kan kjøpe eller som berre kan vere til inspirasjon for andre. God plass til inspirasjonshefter og oppskrifter er det også blitt - mange gode forslag til handarbeid i hyllene der.


Mykje spennande utstyr og knapper er allereie kome på plass og kjenner eg innehavaren rett så blir det nok meir utval etter kvart.


Men det beste med det nye lokalet er at det har blitt så uendeleg mykje bedre plass til alle som vil delta på strikkekafe/kurs som blir halde i butikken. Det er eit samarbeid med Husflidlaget på Hadeland som har gjort til at vi har fått istand eit slikt kreativt og flott miljø i butikken. Her møtest damer i alle aldrar for å drive med strikkearbeida sine ilag - det vert arrangert ulike tema slik at dei som ikkje er så erfarne blir kursa i det dei ikkje kan.

Ein kombinasjon av uerfarne og erfarne strikkarar gjer at alle har utbytte av møta - å sitte i butikken å strikke gjer at ein blir mykje meir kreativ i tillegg til at det er veldig sosialt.

Etter omlag eit år med øvelse ser vi at heilt uerfarne strikkarar no har byrja på store plagg med mønster i fleire fargar.


For meg som innflyttar har denne aktiviteten vore springbrettet til at eg har kome inn i eit miljø og blitt kjend med mange flotte damer. Jammen heldig for meg at Siw opna garnbutikk og annonserte med kurs:-))

Men ein kan ikkje berre sitte inne og strikke heile dagen - det hadde no ikkje eg hatt helse til heller sånn er det no berre med den saken....

Systa med familie har hatt vinterferie denne veka og fredag var det duka for skitur på Lygna. Sekken vart pakka med kakao og frukt og det var berre å kome seg ut sjølvom veiret ikkje var det beste.

Gjengen i fint driv langs løypa som forøvrig går parallelt med "vinstralinja" eit stykke - kraftlinjer som kjem frå dalane og går mot Oslobyen.


Matpause må til på skiturar og det gjer godt for trøytte kroppar å få satt seg ned og leita fram kakao og sjokolade.


Det skikkelg kalde veiret har sluppe taket -men med nokre minus og vind er det godt å ha gode klede og hadelandsvottane og lua i rein ull er gode å ha i slikt veir.


Ser mest ut som eg er på "haiketur" - kunne jo vere at eg hadde flaks å fekk sitte på med løypepreppemaskina når den kom på retur....


Det er ikkje berre i "kollen" det er skodde om dagen - var ikkje akkurat verdens lengste sikt i skauen her heller. Reint trollsk vart han skogen - tilsynelatande urøyrd utanfor løypa. Men hadde vi vore tolmodig og stille så ville vi nok ha merka at vi ikkje er åleine på tur - sikkert mange som har desse viddene som heim.


God laurdag frå jannetove

fredag 25. februar 2011

Minne om ein far

Den 25.februar det herrens år 1929 kom ein gut til verda i Olden i Nordfjord - han fekk navnet Wilhelm O. Løken. I dag er det 82 år sidan - og min kjære far hadde vore så gammal om han framleis hadde vore her hos oss.

Men så gammal vart han desverre ikkje - det er faktisk snart 22 år sidan har sovna stille inn på sjukehuset i Volda etter eit par år med kreftsjukdomen. Berre så vidt 60 vart han - han som tok meg med på skiturar, fjellturar og ikkje minst fisketurar i elva sommars dag.

Han var ei klippe i livet mitt - han var rettferdig - streng - snill og ein tolmodig læremeister. Det er ikkje få ting den mannen har lært meg opp gjennom livet og mang ein gang har eg tenkt tilbake på han med eit smil når eg har oppdaga at eg har gjort slik som han sa eg måtte gjere.

Etter kvart som eg sjølv har vakse til innser eg kor viktig det er å ta vare på røtene sine. Eg er glad for at vi i familien Løken har ein fin og god tradisjon med å arrangere syskjenbarntreff kvart 5.år. Sist vi var samla - sommaren 2010 var heile gjengen på Løkensæter eller "Laukjisetra" som det uttalast i Olden. Frå sætra er det fantastiskt flott utsyn over indre del av Nordfjorden og Olden sentrum.


Oldedalen er smal på "Laukji" og ved breidda av vatnet Floen vaks far min opp i lag med 8 andre syskjen. Mang ein sommar har eg sprunge berrføtt i graset der - og mang ein gang har eg fiska og bada i vatnet.


Idag tenkjer eg på han som eit godt minne - eg er glad for alt han gav meg opp gjennom livet og takksam for at han var den han var. Takksam for at han gav meg minna om fjorden, dalen og barndomens somrar.....

NORDFJORDSONGEN

Du Nordfjord min fagre og fjellsterke heim
du fylgde meg ut i den framande sveim.
Eg ser dine kollar og nutar og tindar,
dei skogkledde åsar og grasgrøne rindar.

Nei, aldri eg gløymer den glitrande fjord
som sølvblank der inn gjennom fjellheimen fór.
Så storfeldt og stilt han om strendene skvalar
og møtes med elvar frå fjell og frå dalar.

Og tunet den heime eg ser det så klårt,
og stova og hagen og alt som er vårt.
Det leikar i hugen når ute eg vankar,
og tidt ber det heimatt med hug og med tankar.

Me tidt gjekk på støylen og fekk oss ein graut.
Og høyrde på kulokk og lurlåt og raut.
Og sela var fulle av gjenter og gutar,
i fjellvotna spegla seg blåblanke nutar.

Eg minnest han far med dei manande ord
og mor, ho som gret då frå heimen eg fór.
Dei gav meg det beste av alt det dei visste.
Gud hjelpe og styrke dei alt til det siste.

Gud signe då Nordfjord frå brede til hav,
og takk for slik fager ein heim du oss gav.
La lukka då fylgje kvar mann og kvar kvinne.
La hugnad i heimen kvar nordfjording finne.

Av Amund Mork 1931

søndag 20. februar 2011

Sol, ski og gnagsår

Skal ikkje skryte av at eg er fødd med ski på beina, men far min sytte for at eg vart normalt glad i å gå på ski. Sjølvom eg egentlig syns det er for kaldt når gradestokken viser - 16 når eg står opp - så var veiret så vakkert i dag når skodda letta at eg berre måtte ut å prøve skia.

Her på Hadeland er vi så heldige å ha milevis med flotte oppkøyrde løyper i variert skogsterreng.


Det var ikkje så mange i løypa i starten - var nok avdi eg var rimeleg tidleg ute. I perioder var eg heilt åleine så langt eg såg - store urøyvde vidder - sol frå klår himmel - flottare vinterterreng skal ein leite lenge etter.


Løypene går over flate myrar - over små åskollar - inni tjukke granskogar og rundt fjell og haugar.


Lushaughytta er eit populært mål for både liten og stor, der den ligg i solhellinga under Lushaugen. Her er det muleg å få kjøpt både kaffi, vaffel og sjokolade i helgane vinteren gjennom. I dag var det mykje folk der når eg nådde målet og det vart garantert ikkje mindre folk utover dagen.

For meg vart det ein rask stopp - berre så eg fekk ete eple som eg hadde i sekken. Det var ikkje nokon varme ute i dag og ein blir fort kald om ein blir ståande - så det var bedre å vere i bevegelse.


Å bevege seg det kan ein så vist få gjort i desse skogane.... Lushaughytta er eit knutepunkt i løypesystemet og herifrå kan ein velge både lange og korte løyper. Her forbi går også skiløypa mellom Oslo og Gjøvik - ja det er faktisk eit samanhengande løypesystem heile den vegen. Eg for min del skulle tilbake til Lygna der eg kom i frå - men eg kunne faktisk valt å gå ei løype som kjem ned rett oppi skogen her.


Skulle eg valt det måtte det nok ha vore litt andre forutsetningar tilstade... Eg måtte nok ha hatt meir mat og drikke i sekken - eg burde hatt skismørning slik at eg fekk litt bedre gli på skia og kanskje litt bedre feste i motbakkane. Men det viktigaste hadde nok vore gnagsårplaster... Merka det så vidt då eg stod og gnog i meg eple mitt - kjende det var noko i skoa som ikkje var heilt godt. Så dei 4 km tilbake til Lygna og bilen vart litt meir strevsomme enn eg hadde tenkt. Gnagsår er ikkje akkurat det beste å gå med - men har ein vore så utruleg dum at ein går ut uten plaster - ja så får ein berre slite med det til ein har kome seg heim.


Men det verste var at når eg vel var komen heim - jau så oppdaga eg at eg hadde gnagsårplaster i sekken. Snakk om å vere vettlaus....

Her om dagen var eg tilfeldig innom ein bokhandel og oppdaga at der var Mammutsalg. Var så heldig å finne eit par strikkebøker til sterkt redusert pris. Kjem nok ikkje til å strikke alt som er beskrive der - men det blir som med kokebøker - kjekke å ha sjølvom ein ikkje lagar all maten som er beskrive der:-))


No skal eg bruke ettermiddagen til å pleie mine såre bein og lage oss ein god søndagsmiddag - og kven veit kanskje blir det litt strikking etter kvart. Så får vi håpe det vert mykje godt veir framover slik at det blir fristande med fleire skiturar - men då skal eg ha på plaster.

God søndagskveld til alle der ute:-))

søndag 13. februar 2011

Godtebombe for godterompe

Før i tida var det litt meir vanleg med kake til kaffien på søndagar - det var vel stort sett berre på søndagar det var kake også.....Eg hugsar godt søndagane før i gamle dagar - late dagar med god familiefrukost, snø og sol ute og idrett på TVèn. Mor mi laga verdens beste søndagsmiddag som vart servert til rett tid tidleg på ettermiddagen og så var det tid for søndagskaffi litt seinare på ettermiddagen - og då alltid med ei kake eller anna kaffimat.

For ei tid tilbake vart det so at eg og gemalen prata litt om gamle dagar og heime hos han var det ikkje så ulikt oss på søndagar. Dei hadde imidlertid ein litt anna tradisjon når det gjaldt kaffimaten. På store sports-søndagar var det tradisjon med bollar med krem inni og melis på toppen - eller fastlavnsbollar som eg alltid har kalla det.

Sjølvom det ikkje er fastlavn i dag så er det jo morsdag - så vi kan vel unne oss litt ekstra....i dag og.....


Sette ei bolledeig i føremiddag og når dei var ferdige, piska eg krem og laga melis og pynta bollane slik mor Otta Haugsbakken gjorde. Så har vi kosa oss med tradisjonsmat til hopprennet eg og kjærasten:-)

janntove

Ein ting er iallefall sikkert - vi to lid inga nød:-)

lørdag 12. februar 2011

Systrene

Det står to systre her på Hadeland - nærare bestemt på Granavollen i Gran kommune. Systrene er to flotte gamle kyrkjer frå rundt 1100 talet - Nikolaikyrkja og Mariakyrkja. Mariakyrkja er bygd før 1150 og Nikolaikyrkja før 1200. Det går eit sagn her rundt om at kyrkjene er bygde av to systre som var uvenner og difor ikkje kunne gå i same kyrkja.

Eg har også høyrt at systrene skulle tekkjast ein prest ved navn Nikolai og derfor bygde kvar si kyrkje for å imponere. Det blir liketil sagt at det var ein underjordisk gang mellom ei av kyrkjene og steinhuset som ligg noko lenger borte. Dette er nok langt frå sant - men litt mystikk og segn kan vi vel unne oss ein kald laurdag i februar.

Rett utanfor kyrkjemuren står ein Milestein som fortel at det her er 533 km til Nidaros. Vestre led av Pilgrimsvegen går rett forbi kyrkjene - på den gamle kongevegen oppe på høgdedraget vestanfor Viggadalen.

Den største av dei to kyrkjene Nilolaikyrkja badar i nydleg solskin i januar i år. Dette bilete syns eg er litt spesiellt sidan vi ser skuggen av systerkyrkja på tårnet.


Den mindre Mariakyrkja er like majestetisk som systra og enno gamlare. Rart å tenkje på at kyrkja er bygd for nær 1000 år sidan - før svartedauden herja landet vårt og før Håkonshallen i Bergen vart sett opp.

Tenk alt desse veggane kunne fortelje om dei kunne prate...

Her eg sit no ser eg rett over dalen og ser konturane til kyrkjetårna med den raude kveldshimmelen i bakgrunnen - ei fin utsikt over historisk landskap.

Til sist vil eg kome med ei oppmoding...

-vend andletet ditt mot sola - så vil skuggane felle bak deg


jannetove

fredag 11. februar 2011

Snøstorm

Så var det vår tur med snø - det var kanskje på tide at vi fekk litt her på austlandet og. Det var nesten så eg fekk litt sunnmørsfølelse når det stod på som verst - våt kladdesnøv som la seg på bilen igjenn medan eg kosta andre sida - 0-føre og så glatt og trasig at eg ikkje kom meg opp bakken rundt huset her....Men eg skal ikkje syte og klage - ikkje så lenge eg har fylt med på tilstandane på vestlandet i vinter - der er det nok ein og annan som kan ha grunn for å sutre litt.

I dag vakna vi til snøstorm og snøfresen må nok til enkelte plassar i dag og - vi har liksom ein meter snø berre her og der - medan det er nesten bart andre stader. Men snøstorm er ikkje så verst - blir iallefall vakkert på vindauga ei stund:-))



Her skal eg kose meg med litt husarbeid utover dagen og kanskje lage litt god mat til kvelden - er eg rett heldig kan eg kanskje få eit glas raudt til....

Vil med dette ynskje alle ei god helg -

jannetove

mandag 7. februar 2011

Å flyte bort

Eg er ikkje av dei som alltid må ha på musikk - eg tykkjer stundom det er best når det er heilt stille rundt meg. Den finaste musikken er lyden av naturen - fossefall, vinden som susar, ei bjølle frå buskap eller klukkinga frå ein bekk.

Men av og til vil eg ha musikk og ofte blir det til at eg lyttar til klassisk. The Priests eller Nabucco av Verdi....Det er noko med denne mektige musikken som rører meg. Når eg skal høyre slik musikk vil eg gjerne ha den heilt inn på øyret - høgt og altoppslukande - og heilt for meg sjølv.


Mjuke tonar stryk mot øyra
Fyller heile sinnet med glede
Tonane leitar seg veg
Gjennom nervane – heilt ut i yste fingerspiss
Hjarta slår fortare
Blodet brusar gjennom årane
I takt med musikken som byggjer seg opp
Vonde tankar flyg bort
Gleda strøymer som elvar
Pusten og musikken er eit
Tankane flyt bort –
Alt kjennest lett – florlett……

I slike stunder flyt eg heilt bort og får henta meg inn.




Berre prøv -

jannetove

lørdag 5. februar 2011

Knall og fall og fleire luer....

Ut på tur og aldri sur - her er vinterveieret så vakkert at ein berre må ut å nyte sola og lyset. Vi starta med friskt mot og gjekk "movegenruta" - ei fin rute med slakke oppoverbakker 2/3 delar av turen og rake vegen nedover att på slutten. Nesten opp på høgste punktet kjem skiløypa frå Øståsen ned og kryssar vegen - naturen er fin her og vi to går tett i tett.
Blå himmel med berre nokre lette skyer og nesten uberørt natur - flott å ha slikt terreng like inn til bebyggelsen.

Den første tida her på Hadeland hadde eg litt problem med å orientere meg - her er ikkje fjorden inn og ut og fjelltoppane som kan vise meg kvar eg befinn meg. Då er det greitt med gode vegskilt. Her ser vi heilt tydleg at vi har kome frå Myhre og skal mot Framstad - om vi vil til fjells fyl vi berre vegen mot Lia og endar då opp inne på Høgda og Øståsen.

Det var eit flott føre å gå på tur på i dag - ikkje glatt idet heile - iallefall ikkje om ein heldt seg til vegkanten og ikkje i bilsporet.... Men det er lett å seie når ein ligg der så lang ein er...kjenner iallefall no at rompa og bakhovudet har hatt eit noko ublidt møte med isen i vegbana. Men ei hjerneskaking og ei blå rumpe lekjer eg nok etter nokre dagar - imellomtida kan eg berre slappe av og la kjærasten pusle rundt meg:-))

Over helga skal det vere tombola i foreninga og eg har tenkt å ta med eit par gevinster. Hadde nokre rester som eg tenkte å bruke opp - så på torsdag vart det komponert ei alpeliknande lue i lilla restegarn - vart ikkje så verst med hjerteknappar på.

Frå før hadde eg ei offwhite lue liggande som eg ikkje heilt viste kven som skulle få - med hjerteknappar vert den og ein gevinst - får håpe den kjem til nokon som har bruk for ei slik ei.

Sjølvom sola varmar litt på dagtid er det absolutt naudsynt med lue til kvelden - så desse to kan iallefall varme nokre øyrer.

No er det tid for å kvile litt - må passe på skallen så den får nok kvile så ein slepp å slitast med seinskader etter knall og fall. Men eg kan vel konkludere med at eg antageleg ikkje er heilt beinskjør enno - sidan beina i kroppen er like heile.

jannetove

fredag 4. februar 2011

Våren på besøk i februar

Dei siste dagane har eg vore litt i tvil når eg har kika på kallendaren - her har vi nemleg hatt rundt 5°C og eit strålande veir. Var ein tur til vassenden i dag og merka at eg godt kunne gått uten strikkejakka. Ein forsmak på våren har det vore og du verden kor godt det er.

Islykta som eg fraus til jul har fått stå i fred heilt til no....er ikkje mykje att av den der den står på trappa.

Sola står ikkje så veldig høgt enno, men ho varmar ganske godt. Og vakkert blir det når ho skin inn i kjøkenvindauga - det gjer ikkje så mykje at glasruta ikkje er heilt rein og at støvet viser ekstra godt i slikt veir. Det er berre å gå seg ein tur ut på trappa å berre nyte.

Men når sola går ned er det ikkje lenger tvil om at det er vinter enno. Då er det fint å kunne kveikje levande lys, fyre i omnen og lage eit godt og sundt middagsmåltid til oss to.

Har som oftast ein del grønsaker liggande og i dag vart dei kutta opp til "grabs". Squasj, gulrot, sjampinjong, vårlauk, paprika og annanas vart fresa i olje.

Brukar å ha i litt kikomansaus og basilikum på før eg heller på ein skvett fløyte og litt creme fraiche (går godt med rømme, melk eller kremost også). Så lar eg fløyte koke litt inn slik at det blir ein "graut" - eller "grabs" som ungane kalla dette når dei var små.


Brokkoli er full av antioksidanter og supergodt....må berre passe på å ikkje overkoke den.



Basmatiris er den varianten som vert brukt mest her i huset - men personleg er eg mest glad i villris og fullkornris.


Alt dette gode tilbehøyret passar ypparleg til heilsteikt kalkunfile. Eg brukar å brune den på panna før eg krydrar godt og set den i omnen på 200°C i ca. ein time. Når den så får kvile ei stund blir den saftig og god.


Ein fin fin start på ei februarhelg her på Hadeland - God helg alle saman.

jannetove

tirsdag 1. februar 2011

Dei nære ting

Huskar ein raud platespelar som kunne leggast ihop som ein stresskoffert......Det var det fyrste "musikkanlegget" eg hadde. Pappa Wilhelm fekk låne den av og til og spela blandt anna denne songen.... Når eg høyrde denne i media i går - så oppdaga eg at eg kan teksten utenåt. Den har nok sett sine spor i eit ungpikesinn ein gang i tida.....

De nære ting.
Ditt sinn monne flyve så vide omkring,
det er som du glemmer de nære ting,
det er som du aldri en time har fred,
du lengter bestandig et annet sted.

Du syns dine dager er usle og grå,
hva er det du søker, hva venter du på?
Når aldri du unner deg rast eller ro,
kan ingen ting vokse og intet gro.

Gå inn i din stue, hvor liten den er,
så rommer den noe ditt hjerte har kjær.
På ropet i skogen skal ingen få svar,
finn veien tilbake til det du har.

Den lykken du søker bak blående fjell,
kan hende du alltid har eiet den selv.
Du skal ikke jage i hvileløs ring,
men lær deg å elske de nære ting.

Tekst: Arne Paasche Aasen.

Ei vise skrive for mange år sidan - men dog like aktuell. Vi menneske jagar og leitar, leitar etter lykka, etter betre dagar og betre tider.

Men kanskje skal vi berre sjå oss rundt i nærmiljøet - kanskje det gode liv og lukka ligg der rett utanfor døra. Som langs kongevegen ein strålande vinterdag - det er så lett å oversjå - men motiva ligg der - rett i dagen.

Eller på kyrkjebakken ved søsterkyrkjene - rima bjørketre og skuggen av "søstra" på veggen.


Den gode stunda når to eg er glad i set seg tett i hop og ser på artigheiter på datamaskina og ler så hjarteleg i lag.

Solnedgangen som fargar både sinn og hjarte - som gjev håp om god dagar - reine Soria Moria.
Det nyinnkjøpte garnet med dei gode fargane - garnet som ein gang i framtida skal verte eit fargerikt slumreteppe.


Å spele musikk rett innåt øyret - lytte på klassisk musikk så høgt at det dirrar i kroppen - kose seg med ein varm kopp te og ein sjokoladebit.

I dag vel eg å nyte lykka som er her tett rundt meg heile tida - i dag vel eg å nyte dagen og ikkje bekymre meg for morgondagen - for ein ting veit vi - at alle dagar ikkje er like gode - så difor må vi gripe dei gode når dei er her.


jannetove