Vinterhav

Vinterhav

søndag 13. februar 2011

Godtebombe for godterompe

Før i tida var det litt meir vanleg med kake til kaffien på søndagar - det var vel stort sett berre på søndagar det var kake også.....Eg hugsar godt søndagane før i gamle dagar - late dagar med god familiefrukost, snø og sol ute og idrett på TVèn. Mor mi laga verdens beste søndagsmiddag som vart servert til rett tid tidleg på ettermiddagen og så var det tid for søndagskaffi litt seinare på ettermiddagen - og då alltid med ei kake eller anna kaffimat.

For ei tid tilbake vart det so at eg og gemalen prata litt om gamle dagar og heime hos han var det ikkje så ulikt oss på søndagar. Dei hadde imidlertid ein litt anna tradisjon når det gjaldt kaffimaten. På store sports-søndagar var det tradisjon med bollar med krem inni og melis på toppen - eller fastlavnsbollar som eg alltid har kalla det.

Sjølvom det ikkje er fastlavn i dag så er det jo morsdag - så vi kan vel unne oss litt ekstra....i dag og.....


Sette ei bolledeig i føremiddag og når dei var ferdige, piska eg krem og laga melis og pynta bollane slik mor Otta Haugsbakken gjorde. Så har vi kosa oss med tradisjonsmat til hopprennet eg og kjærasten:-)

janntove

Ein ting er iallefall sikkert - vi to lid inga nød:-)

1 kommentar:

  1. åååååå ditta såg godt ut. Vi har også kosa oss med litt ekstra til kaffien i dag, ikkje berre fordi det er morsdag, men fordi Arild har bursdag i morga.

    Tusen takk for koselege kommentarar inne på bloggen min.

    Ha en fortsatt fin søndagskveld

    SvarSlett