Vinterhav

Vinterhav

fredag 11. februar 2011

Snøstorm

Så var det vår tur med snø - det var kanskje på tide at vi fekk litt her på austlandet og. Det var nesten så eg fekk litt sunnmørsfølelse når det stod på som verst - våt kladdesnøv som la seg på bilen igjenn medan eg kosta andre sida - 0-føre og så glatt og trasig at eg ikkje kom meg opp bakken rundt huset her....Men eg skal ikkje syte og klage - ikkje så lenge eg har fylt med på tilstandane på vestlandet i vinter - der er det nok ein og annan som kan ha grunn for å sutre litt.

I dag vakna vi til snøstorm og snøfresen må nok til enkelte plassar i dag og - vi har liksom ein meter snø berre her og der - medan det er nesten bart andre stader. Men snøstorm er ikkje så verst - blir iallefall vakkert på vindauga ei stund:-))



Her skal eg kose meg med litt husarbeid utover dagen og kanskje lage litt god mat til kvelden - er eg rett heldig kan eg kanskje få eit glas raudt til....

Vil med dette ynskje alle ei god helg -

jannetove

2 kommentarer:

  1. koseleg med snøstorm, så lenge ein veit at våren er like rundt hjørnet (forhåpentlegvis), her var eit skikkeleg ruskevær i går, men i dag skin sola frå ein kald og klar himmel.

    ha ei fin helg

    SvarSlett
  2. Godmorgen Janne Tove.
    Nei eg vill ikkje ha vår enda. Vi er da kun i februar ju!
    Snöstormen feide over oss her og. Måtte ut å måke tidligt i går morres for at maken skulle komme seg inn. Men det gav eg opp. En meter höye snöskavler det graver man seg ikkje igjenom på en vei som er 300 meter lang!
    Så bilen måtte stå igjen på Nugursvegen. Men så kom nabon med traktor og snöfreser :))

    Her er det idag akkurat nå 23 minus. Det blir en flott ny vinterdag. Sola er på vei in gjenom mine skittne vindauge så eg ser klart og tydeligt hvor eg må vaske hihi.
    Våren kommer nok akkurat når hun skal trur eg så eg gidder ikke å mase om det.
    Liker vintern eg :))

    Nå skal eg ordne med litt frokost. Gubben er på tur hjemmat fra enda en natt på veiene.
    Klems Synnöve.

    SvarSlett