Vinterhav

Vinterhav

søndag 28. november 2010

Så tender vi det fyrste lys....

.....åleine må det stå.....

Fyrste søndag i advent - ute er det rundt 10 minus, lett snø og litt vind som gjer at det blir snøstormliknande tilstander rundt husnova her innimellom.

Eg har ikkje gjort som alle andre iår...har ikkje leita fram adventsstaken og 4 like lys. Eg har hatt heilt andre ting i tankane - har pakka koffert og tenkjer meg ein tur til varmare strok - til ein stad der dei ikkje feirar adventstida slik som vi.

Kjenner at eg er veldig spent - ein heilt annan kultur - eit anna folk - ein annan temperatur - og antageleg tusenvis med nye inntrykk.

No er det slik at eg ikkje skal vere borte så lenge, så det blir nok jul i heimen her og - sann om ei vekes tid eller så....



Var ein tur på julemarknad sist helg - og denne vesle engelen her kunne eg vanskeleg gå forbi. Eg blir så glad av å sjå på han (eller er det ho) der han står å syng av hjartans lyst.



Dette får bli mitt fyrste lys denne adventstida - eit lys for håp og glede.

God førjulstid alle saman - og husk at jula kjem med fred om ikkje kvar ei krå er skinande rein....

jannetove

ps. kunstnaren heiter Marianne Lund og er frå Eina

fredag 26. november 2010

Egentleg eit lite under....

Endeleg er eg ferdig med mitt store pute-strikke-prosjekt - nokon som tvilar på at eg er stolt....

Strikkedamene skulle ha tema fletting og eg tenkte det måtte vere kjekt å prøve. Starta med friskt mot....

...ikkje berre fletting....men mange nye detaljer måtte lærast.....

...og etter kvart oppdaga eg at det var latterlig enkelt....

Det er rart å vere nesten 50 år og oppdage at strikking er så uendeleg mykje enklare enn eg har trudd - vi blir aldri for gamle til å lære.

Eg gledar meg så mykje over alle desse små prosjekta mine - er glad for at eg til trass for muskelplager kan klare å kose meg med slike sysslar.

....i år har eg endatil pakka heimelaga julegåver i mange pakkar....men du - det må du ikkje seie til nokon - iallefall ikkje før etter jul.

Håpar alle får ei fin adventstid...klem

onsdag 17. november 2010

Eit mektig skue



På tur heim frå Ørsta sist søndag fekk eg oppleve dette fantastiske synet - for første gang i mitt liv har eg sett ville ørner på nært hald.

Vi hadde akkurat passert første vatnet opp frå Kile mot Bjørkedalen - og i elva mellom vatna sat desse flotte fuglane. Maken kom flygande, landa og flaug igjenn medan vi stod i vegkanten og fylgde med.

Eg har ikkje det beste kameraet for slik fotografering - men syns likevel at eg har fått eit bra bilde av desse to.



Det var kjærasten som fekk auge på ørneparet og stoppa. Eg fekk gå ut av bilen og fram på elvebaren for å ta bilde - den eine ørna sat heilt roleg og følgde meg heile tida.

lørdag 6. november 2010

Utrulege fakta på ein laurdagskveld

Eg vart plutseleg så veldig, veldig trist her eg sat og skulle kose meg på ein laurdagskveld. TVèn stod på og det var magasinet på TV2 som brått fanga mi merksemd - eg vart sitjande som lamma og fylgje med på innslaget og trudde ikkje det eg såg.

Det handla ikkje om vald, krig eller svolt og elendigheit som ein kanskje skulle tru sidan eg vart så trist. Nei det handla om ei vel etablert familie med to små barn - ei famile med flott hus, god økonomi - og der det såg ut for at alle var friske og hadde det tilsynelatande bra.

Det som var så spesiellt med denne familien var at dei hadde meldt seg på ei ordning der dei fekk køyrd heim daglegvarer som inneheldt råvarer og oppskrifter til 5 sunne og gode middagar. Altså middagsvarer til 5 kvardagar slik at dei sjølve slapp å tenkje ut kva dei skulle ete og så slapp dei å gå innom butikken for å handle det dei trong.

Eg skal ikkje gjere meg til dommar over desse folka - dei må sjølve avgjere korleis dei vil leve livet sitt - og eg er heilt sikker på at dei og alle andre som vel ei slik løysing er flotte menneske som tek godt vare på familen sin.

Det som gjer meg så trist er at samfunnet vårt har blitt slik at vi i det heile har slike valg. Tidsklemma har teke heilt overhand og vi er så opptekne av karriere og ein travel livsstil at vi ikkje har tid til å gje ungane våre ein normal oppvekst lenger. Er det blitt slik rundt omkring at vi ikkje lenger har tid til å planlegge kva vi skal ha til middag og heller ikkje har tid til å handle inn det vi treng??

Dette innslaget handla om middagsmåltidet - kva så med dei andre måltida i denne familen - kvar vart dei etne? Sei det - det vart det ikkje snakka om men eg har nok ein misstanke om at foreldra har betalt for at borna får frukost, lunsh og ettermiddagsmat i barnehagen. Vidare trur eg at dei voksne inntek frukosten i full fart til jobb eller kanskje dei stoppar for ein kaffelatte og muffins på ein cool kaffibar på vegen. Lunchen et dei nok i kantina på kontoret eller så går dei ut og får med noko ferdigsmurt frå ein eller anna kafè på hjørnet.

Så undrar eg meg på om det finst anna mat i kjøleskåpet til dette unge paret - ja det er jo ikkje godt å vite om dei i det heile har behov for det - er ikkje sikkert dei et så mykje kveldsmat....og skulle dei bli svolte er det jo berre å ringe ein eller annan stad så får ein levert på døra.

Undrar meg på korleis den norske småbarnsfamilien ser ut om nokre år....blir det slik???
- All mat blir ete alle andre stader enn heime
- Huset vert vaska av profesjonelle ein gang i veka
- Eksterne firma blir leigd inn for å skifte sengetøy og ta unna klesvask og stryking
- Eigne firma syter for julepynting - julemat og gåveinnkjøp
- Interiørfirma vert leigd inn vår og haust for å style huset.
- Sportsbutikken tek mål og leverer perfekt innstillt sportsutstyr på døra
- Catering - og eventsfirma syter for alle bursdager og andre spesielle feiringar
- Eigne barneoppdragingsfirma......
- osv - osv - osv....

Eg trur vel egentlig ikkje at det går så langt - men eg må sei at eg faktisk er litt skremd over utviklinga. Eg er glad for at eg syns det er kjekt å lage handleliste og planlegge middagen min sjølv - eg er glad for at eg enno finn glede i å bake knekkebrød og lage til jul på tradisjonellt vis....

tirsdag 2. november 2010

November

Pøsande regn og susande vind
Nysnødryss på høge tind
Sluddbyger, regnbyger - snø
Lavtrykka står i kø
November mørker mitt sinn

Fønvind og bris og varme grader
Gullgult lauv alle stader
Haustsola varmar og skin
Solnedgang raud som vin
November lyser mitt sinn

Været skiftar ofte og brått
Frå solskin til regnvers grått
Dagane er som livet vårt
Alt frå lyst og lett til sårt
November kom også i år….

-jannetove 11/10

mandag 1. november 2010

Yoga

Phuuu endeleg er eg ferdig med endå ei yogaklasse - ja det er vist det det heiter - yogaklasse.
Eg har fått det føre meg at Yoga er noko som sikkert er bra for meg med kronisk muskelsmertesyndrom - ja jamvel nyare amerikansk forskning viser at det har ein positiv effekt på folk med mine plager.
Eg møtte opp med ope sinn forrige mandag - og ilag med nærare 40 andre damer i alle farger og fasonger fekk eg prøve mine første yogaøvelser. Vi fekk utlevert kvar si matte og kvart sitt teppe - og så var det berre å følge etter den flotte slanke dama som var yogainstruktør.
Dei første øvelsane var ikkje så verst vanskeleg - men det var til å begynne med det. Etter ei stund skulle vi stå med begge handflatene i matta heilt lengst framme og føtene strake heilt bakerst på matta. Halebeinet skulle vi rulle under oss og rompa skulle peike opp i lufta, ansiktet opp og fram medan vi pusta vekselvis inn og ut....Heilt umuleg spør du meg - og så eg som er så inderlig opptatt av at eg skal gjere alt rett - det var like før eg berre gjekk i lås der eg stod....
Men etter at vi hadde halde på i ein og ein halv time var det total avspenning som gjaldt og det er eg skikkeleg flink på - berre ligge rett ut og gjere ingen verdens ting - det kan eg!
Både tysdagen og onsdagen var eg veldig usikker på om eg i det heile skulle tore å gå på neste kurskveld - ja eg var igrunnen veldig usikker på om eg nokon gong kom til å klare å gå normalt igjenn. Elles var eg umåteleg overaska over at det kunne vere muleg å få så inderlig gangsperre berre ved å strekke musklane...

Men i dag har eg altså vore der igjenn - eg huska igjenn nokre av øvelsane frå sist - visste litt meir kva som skulle skje og eg følte at eg faktisk fekk til nokre av øvelsane ørlite bedre enn sist.

Eg er ikkje sikker på om Yoga er det som skal gjere meg og min musklatur bedre - men eg vil iallefall prøve så godt eg kan å gjennomføre heile kurset - og i morgon trur eg at eg vil kjøpe meg ei slik matte - ja slik at eg kan øve meg heime:-)))



Så får vi sjå om eg blir ein skikkeleg Yogatilhengar eller om det er berre eit lite blaff slik som så mykje anna eg har prøvd opp gjennom livet.....

....men eg har iallefall prøvd og dermed utvida min horisont:-)

jannetove