Vinterhav

Vinterhav

fredag 29. januar 2010

Til rett tid.....

I dag har eg lese bloggen til Gunn Hild Lem, noko som stort sett gir meg mykje glede. I dag blogger ho på ein måte som engasjerer meg sterkt og som opprører meg så eg får vondt langt inn i hjerterota mi.
Etter å ha opplevd alt av både sorg og glede i forholdet mitt til Bjørn, føler eg at eg har noko til felles med Gunn Hild. Ho har som eg også funne seg nye kjærest forholdsvis kort tid etter at mannen hennar døde og dette beskriv ho på ein fin måte.

Både i tida før og etter at Bjørn døde opplevde eg utruleg mykje støtte i nærmiljøet, noko som varma veldig mykje i ei tung tid. Både venner, familie og nærmast heilt ukjende viste meg støtte og forståelse og mange gleda meg med gode varme klemmar og klapp på skuldra. Dette var i sannheit med på å løfte meg vidare i livet - ja for livet mitt måtte jo gå vidare. Eg måtte ta meg sammen og prøve å leve og finne att gleda i livet mitt.

Men eg skal innrømme at det var tungt å vakne åleine om morgonen og kjenne at iskloa hogg tak i meg i det eg kom i hug kvardagen og alle dei utfordringane det var å gå vidare åleine. Å vakne kvar morgon med ein klump i magen og gråten i halsen var ubeskriveleg vondt. Å ete frukost åleine frista så lite at det ofte gjekk timar før eg orka å gå vegen innom kjøleskåpet. Då var det fint å kunne gå på besøk til ein kjenning eller ta turen innom ein kafè å få seg noko å ete der saman med ein god venn.

Men uansett vart det mange og lange timar åleine heime med tankane og sorga - mange turar på gravstaden med blomar og lys - der eg stod åleine og gret og minnest.
Derfor var det så godt då eg fekk ein ny ven på Facebook som sende meg ein mail i ny og ne, som var interessert i å bli kjent med meg. Eg kunne sitte heime i mi eiga stove å skrive med denne nye venen og føle at eg ikkje var heilt åleine i verda. Det var så lett å "brevveksle" med han og vi oppdaga etter kvart som vekene gjekk at vi delte mange interesser og draumar der vi sat åleine på kvar vår kant av landet. Derfor vart det etter kvart naturleg å ta i bruk telefonen og det vart mange lange samtaler der vi prata og lo saman og vart enno betre kjent. Når vi så våga ta skrittet vidare og treffe kvarandre, var det som om vi hadde kjent kvarandre i årevis og vi fant tonen med ein gang.

No er det ingen som må tru at dette var ein lett prosess - for det var det slett ikkje. Det var mange følelsar som sleit i kroppen - glede, redsle, forvirring, forventning, dårleg samvet og ikkje minst tanken på kva alle ville sei om dei visste at eg var i ferd med å få meg ny kjærest så fort etter at Bjørn døde. Heime i Ørsta vart eg stadig minna på livet før og sorgen eg følte ved å misse Bjørn - på Hadeland kunne eg kjenne på ei glede og ei framtidslyst eg ikkje hadde kjent sidan før Bjørn vart sjuk.

Heldigvis har eg mange gode og nære vener og familie der heime som vil meg alt vel. Etter kvart som eg fortalde dei rundt meg kva eg var i ferd med å oppleve, fekk eg så og seie utelukkande gode tilbakemeldingar - alle som ein var dei verkeleg glade for å høyre at eg hadde det bra og at eg hadde funne ein som kunne støtte meg framover.
Men eg har også fått høyre referert at det har vore mange kommentarar rundt om som går på at det var altfor tidleg å finne ein ny ven - "ho kunne vel ikkje vere skikkeleg glad i han ho miste, sidan ho alt no har fått ny kjærest".

Å ta slike kommentarar heilt på alvor har ikkje vore noko alternativ for meg. Eg veit så inderleg vel kor glad eg var i Bjørn og kor eg håpa på at han skulle bli frisk slik at vi kunne verte gamle ilag. Eg veit at eg gjorde det eg kunne for å vere der for han fram til "døden skilte oss", samtidig som eg veit at han er borte for alltid.

Det er ingen som veit kor langt livet blir og kor lenge ein får kjenne på glade dager. Det eg veit akkurat no er at eg har fått meg ein ny kjærest som er glad i meg, som bryr seg om meg og som er interessert i at eg skal ha det godt og vere glad. Han veit at eg er i ei fase i livet der sorg og glede går hand i hand og er villig til å vere der for meg i denne tida. Han er villig til å lytte når eg treng nokon å prate med, han er villig til å le saman med meg når eg har gode dagar og han er villig til å vere der for meg når eg treng trøyst og ei skulder å gråte ved.

For meg kom den nye kjærasten inn i livet mitt akkurat til rett tid - då eg trengde han som mest - så får no folk rundt om ha sine meiningar for og imot om det var for tidleg eller ikkje.

Til slutt kjem eg i hug ei samtale eg hadde med ein kreftsjukepleiar i dagane mellom dødsfallet og begravelsen. Eg vart oppmoda om at eg ikkje måtte avvise kjærleiken om den skulle dukke opp på nytt, for den kunne kome så mykje fortare enn ein rekna med. Dette var noko vedkomande hadde sett i mange tilfeller opp gjennom åra i arbeidet med kreftomsorg - og i alle tilfelle der den dukka opp førte den alltid noko godt med seg for den sørgande som sat att åleine. Denne samtalen var god å ha i bakhovudet når eg oppdaga at det stod ein ny kjærest å venta på meg der ute.

mandag 25. januar 2010

Ventetid.....


Jeg ser at du smiler og ler, men det er også noe annet.

Din redsel, din smerte for hva som vil komme.

Du vet at du har en veg å gå, det var ikke dette du håpet på.


Håpet, det siste vi mister, grip fatt i det, du trenger det nå.

Jeg vet at du gråter, men kan ikke se det.

Du er så sterk og stolt, og så uendelig sliten.


Kjære gode du, utenpå er du så blid.

Men inni deg er det stormfullt hav.

Du vet han må gå, det var ikke dette du håpet på.


Jeg vet hva du føler, smerten som rir deg.

Maktesløsheten, å ikke kunne gjøre noe.

At døden banker på er ikke lett å forstå.


Kjære, du vet du må gå denne tunge vegen.

Være sterk nå, for ham og alle andre.

Jeg ber at du får styrke, og vet at du vil makte det.


Så når dagen kommer, slipp løs og la gråten komme.

La tårene strømme, som frigjørende bekker.

Sakte men sikkert vil stormen stilne og du vil kunne se igjen.

-janne tove-



torsdag 21. januar 2010

Ein unik og kald vinteropplevelse

Kalendaren viste den 09.01.10 og dagen var heilt fantastisk med sol frå klår himmel og mange kalde grader. Vi hadde nokre ærend i diverse butikkar som måtte gjerast før det vart heilt helg, men først skulle eg få bli med på ein liten biltur frå Brandbu og nordover langs Randsfjorden for å sjå noko som kjæresten min syns var så vakkert og spesiellt.

Vi køyrde mot Røykevika i strålande sol og eg såg at frostrøyken låg tjukk på fjorden som enno var isfri. Etter kvart som vi kom lenger nord langs fjorden kom frostrøyken nærare og nærare før den til slutt innhylla oss og skjulte både blå himmel og sol. Her inne i dette infernoet var vegen som rett før hadde vore godt brøyta og tildels bar i hjulspora full av snø som om det var snøstorm - i tillegg så dala det snø ned frå himmlen. Frostrøyken var så tett at det var omtrent uråd å sjå kvar vegen var - og i neste øyeblikk skein sola gjennom ei glette og gav ei heilt trolsk stemning.

Dette vakre naturfenomenet kjem av at det bles litt inn frå fjorden og frostrøyken kjem inn over land - der det er snø og is. Her frys vatnet i frostrøyken og fell ned på bakken som snø.

Den fuktige frostrøyken legg seg også som eit teppe rundt tre og busker og for kvar dag veks snølaget seg tjukkare og tjukkare - trea blir ståande der med "lubben" snø og is på greinene.

For ei som har vakse opp på vestlandet og sjeldan har hatt så kalde vintrar var dette ei naturoppleving av dei sjeldne - eg kjende meg utruleg takksam for at eg fekk oppleve dette og at kjæresten min har auge for slike fine naturopplevelsar og best av alt - han vil dele dei med meg.











fredag 15. januar 2010


Etter å ha lese Møre Nytt og vore inne på forskjellige sider på internett kan eg ikkje unngå å legge merke til at det er starta ein stor aksjon for å berge sjukehuset i Volda. Det er vel fyrst og fremst akuttsjukehuset dei stridest om, men ein fryktar at forsvinn denne så vil andre funksjonar også bli borte etter kvart.
Dette får meg til å grøsse berre ved tanken. Eg har vakse opp i Ørsta og budd der omlag heile livet, og sjukehuset har alltid vore der. Det har vore ei tryggheit når nokon i mi familie har vorte sjuke og trengt hjelp. Det har vore der for meg både når det gjeld fødslar, operasjonar og når far min var sjuk og levde sine siste dagar der i 4. etg.

Men det som står sterkast i minne er at vi hadde Volda Sjukehus då min no avdøde Bjørn Malvin fekk kreft og måtte ha omfattande hjelp frå profesjonelle. Det var på Volda sjukehus vi fekk diagnosen og takk og lov at det var så kort veg heim den dagen. Når verda fall i grus og livet stoppa opp var det uendeleg godt å ha berre ei mil å køyre for å kome heim. Eg er usikker på om vi hadde klart turen i bil frå Åse og heimatt den fredags ettermiddagen.

Seinare vart det undersøkingar og operasjon både på Åse, St.Olav, Riskhospitalet og Radiumhospitalet. Dette var utruleg trøttande turar å ta når forma og psyken på ingen måte var i ballanse. Med det skal dei ha - alle dei som er på dei store sjukehusa - dei er flotte menneske alle som ein. Men ingen ting var som å kome på sjukehuset i Volda...det var som å kome heimatt til sine.

Gleda var derfor stor då vi fekk vite at Bjørn Malvin kunne få cellegift på kreftpoliklinikken i Volda - vi kunne vere heime i vår eiga seng kvar natt og det var berre nokre timar han var nøydd å tilbringe på sjukehuset. Dei dagane vi skulle ta cellegift kunne vi ha god tid om morgonen, ete ein god frukost og førebu oss i fred og ro på den belastninga kroppen skulle igjennom. Vel framme på kreftpol. møtte vi stort sett dei same pleiarane og legane kvar gang - dei vart på ein måte familien vår i denne uendeleg tunge stunda. I tillegg møtte vi ofte dei same pasientane også frå gang til gang - folk i same situasjon som kunne vere med å halde oss oppe og som vi kunne vere med å løfte med god galgenhumor og gode samtalar. Og sist men ikkje minst - når kuren var over og smerter og kvalme var uuthaldeleg - så var det berre ei mil heimatt til si eiga stove og sin eigen sofa. Tenk om vi skulle køyrd heile vegen frå Åse - det hadde gjort behandlinga så uendeleg mykje tyngre.

Etter kvart som behandlinga skreid fram vart det klart for oss at dette nok gjekk feil veg og etter kvart vart det smertelindring som gjaldt. Eg har ikkje tal på kor mange gangar vi reiste ein tur til Volda og fekk lagt oss inn på eit rom som kreftpol. disponerte slik at smertedosene kunne aukast og profesjonelle kunne ta hand om oss. Der hadde vi raskt tilgang til både lege, sjukepleiar, prest og fysioterapeut - ei fantastisk tryggheit i eit kjent miljø når børa vart for tung å bere åleine. Og så var det ikkje lengre vegen enn at eg som pårørande kunne stikke heimom å hente det som trengdest av "private" ting, ta med familie på besøk eller rett og slett sove og koble ut nokre timar. Tenk om eg hadde måtta reist frå Åse kvar gang eg hadde behov for å kome heimom ein tur.

Etter kvart som sjukdomen tok meir og meir overhand vart det veldig viktig å kunne få vere heime i sitt kjende miljø - og for oss var det viktig at livet skulle ende heime i så vante omgjevnader som mulig. Dette er det fullt muleg å få til med litt planlegging i eit samarbeid med heimebasert omsorg, hjelpemiddelsentralen, sjukehuset og familie. Alle desse profesjonane er fantastisk flinke til å hjelpe til og tilrettelegge for at den døyande skal få ei så verdig avslutning som mulig. Men om ein vel å vere heime siste tida vil det uansett falle mykje på dei næraste pårørande og usikkerheita og redselen for det som skal skje kjem etter kvart sigande innover ein anten ein vil det eller ikkje. Då er det at det er så utuleg godt å vite at om ein må ha hjelp så finst den berre ei mil unna.

Eg vil tore påstanden om at om ikkje Volda Sjukehus hadde vore så nær i julidagane -09 så hadde vi ikkje kunna oppfylt Bjørn Malvin sitt ynskje om å få døy heime. Vi hadde heilt sikkert ikkje fått ansatte frå Åse til å kome heim til oss å hjelpe til med nødvendig avansert sjukepleie ein av dei siste dagane. Vi hadde heller ikkje fått tilgang til naudsynt utstyr til smertelindring siste døgnet. Då hadde alternativet vore at vi hadde måtta tilkalla ambulanse og reist den lange vegen til Åse ein søndagsettermiddag, og kven veit - kanskje livet då hadde slutta ein stad uti Vartdalstranda......

Så går tankane mine til alle dei som vel å tilbringe sine siste dagar på sjukehus, det er trygt og godt og der kan ein få den hjelp ein treng til ei kvar tid. Eg trur ikkje det er så stor forskjell på å vere på sjukehus i Volda eller på Åse når det gjeld sjølve behandlinga. Det som imidlertid er ein utruleg stor forskjell er reisetida for alle pårørande som gjerne vil vere tilstade og gjerne byttar på å sitte ved den døyande si seng. Det er ei kjennsgjerning at når ein ligg for døden så er det ingen som veit når livet ebbar ut og dette er ei stor påkjenning for dei som er i ferd med å misse den dei er glad i. Ein blir veldig fokusert på at ein vil vere tilstade så mykje som mulig og iallefall når døden inntreff, men samtidig har ein eit visst behov for å ta vare også på seg sjølv i denne fasen. Nærheit til heim, familie og venner er derfor av avgjerande betydning, samtidig som ein vil kunne stille opp med ein gang om tilstanden forverrar seg.
....Tenk om du fekk bodskap om at no må du kome med ein gang....og så måtte du reise heile vegen til Ålesund...

LA SJUKEHUSET I VOLDA BESTÅ MED ALLE DEI FUNKSJONANE DET HAR I DAG!!

torsdag 7. januar 2010

Kvardagens gleder


Set meg tungt ned på stolen her ved PCèn, rygg og musklar verker og svetten kjennest klam under ullskjorta. Frå høgtalarane fyller store tonar frå The Priest rommet og sola er i ferd med å gå bak åskammen over søsterkyrkjene i sørvest. Heile huset er oppvarma av god vedfyring og det luktar litt stramt av salmiakk. Golva skin nyvaska og fine her eg sit og tenkjer på at eg har greidd det denne gangen også. Eg har kome over både stove, kjøkken og gang med vaskefilla. Sjølvom kroppen min no verkjer og seier klart og tydeleg ifrå om at slike utskeielser ikkje er bra for stive musklar og ledd, har eg ein god følelse. Sjølvom å vaske er noko av det verste eg veit, så er eg glad for at eg er så pass frisk og førleg at eg kan gjere denne jobben sjølv.

tirsdag 5. januar 2010

Tankespinn i natta

Det er stille og mørkt, det einaste lyset på stova er skinet frå omnen som durar og gjev frå seg ein lun god varme. Ute er det godt og vel 23 minusgrader og det kryp sakte men sikkert nedover. Eg sit her åleine, får ikkje sove i kveld - sov vel litt vel lenge i dagmorgon antageleg.
Når eg sit slik og har heile verda for meg sjølv kan eg tillate meg å la tankane fare, eg kan senke skuldrane og kjenne at eg dreg pusten heilt ned i magen. Eg har det jammen godt her eg sit - trygt, varmt og roleg.
Eg kan spinne tankane tilbake til barndomen - tenke på kor heldig eg var som hadde mor og far og syskjen som brydde seg om meg og som eg brydde meg om. Syns eg kjenner kor far min strauk meg over håret - igjen og igjen - det var hans måte å vise meg at han var glad i meg. Eg kan huske mor mi som alltid var der - som laga verdens beste sosekjøt og smurde nistepakka mi kvar einaste dag - det var hennar måte å vise meg at ho var glad i meg. Det er mange år sidan dei to vart borte no, men minna lever og gjer at eg kan smile for meg sjølv her eg sit.
Så går tankane vidare til skuletida og tenåra, ei fin sorglaus tid var det sjølvom eg innimellom hadde kjærleiks-sorg og spegelen oftast var trasig å sjå i. Eg hadde mange flotte veninner som eg kunne dele gleder og sorger med og som viste meg at dei også brydde seg om meg. Desse veninnene er der framleis sjølvom eg ikkje har like stor omgang med dei no som før.
Så kom tida med mann, hus og barn. Eg kan hugse og minnast den tida med stor glede - men det var også bekymringar. Best av alt var då barna kom til verden. Dei fyrste åra deira og heile oppveksten - eit jag med tidsklemme, men mest av alt glede. No er barna voksne og klarar seg sjøl - flotte ungar som eg er veldig stolt av og som gjev meg mykje glede.
Eg spinn vidare i tankane og tenkjer at eg har opplevd mykje både på godt og vondt. Som januarkvelden for 2 år sidan då kreften slo ned i heimen som ei bombe - alle tårene og fortvilinga som fulgte den kampen. Inn og ut av sjukehus - cellegift og oppkast - latter og glede over gode beskjedar - avløyst av botnlaus fortviling då vi sjøna at det ikkje var bøtevon.
Det er 6 månader sidan han vart borte no i natt - kanskje er det derfor eg ikkje får sove i natt....6 månader sidan vi klemde kvarandre adjø - når eg tenkjer etter kjennest det som om det var igår samstundes som det kjennest ut som om det er eit heil liv sidan.
Her eg sit i mørket med peisvarmen som einaste lys, kjenner eg at livet kan vere nådelaust og hardt. Men eg må tenkje på at det er ikkje berre eg som opplever slike ting - det er ikkje berre eg som gret ved ei grav - det er så uendeleg mange som opplever å misse sine kjære, det vere seg barn, foreldre, ektefeller eller andre som står dei nær.
Så går tankane mine vidare på sin veg og eg kjenner at eg er glad for at kan klare å vri tanken vidare i positiv lei. Eg er glad for at eg evnar å vere takknemlig for den tida vi trass alt fekk - at eg kan sjå tilbake på den tida med eit smil - at eg kan gå vidare i livet utan å bere nag. Eg har så utruleg mykje å glede meg over i livet. Eg har snille gode barn, eg har ein fantastisk venn som kan støtte meg når eg treng det og eg har venner som har vist meg at dei bryr seg om meg.
Vist har eg opplevd mykje både på godt og vondt, men no i ettertid kan eg tenkje at eg hadde ikkje villa vore det foruten. Det er alle desse opplevingane som har gjort at eg er blitt den eg er og at eg kan fokusere på at livet er for kort til at vi skal skusle det bort.
Alt dette er mitt liv - det eg har fått i gåve - det er dette eg må ta vare på og syte for å leve.

Syting og klaging

No blir eg litt irritert og det er slett ikkje bra verken for kropp eller sjel....Men det er vel slik at vi menneske må ha noko å syte å klage over viss ikkje er vi antagelig ikkje friske.

Eg registrerer at det er mange som har sytt og klaga over at det har kome så mykje snø i det siste og at vegane er så dårleg brøytt.
Når eg prøver å huske nokre veker tilbake så var det ganske mange som ivrig fortalde kor mange sortar med kake som var i boks, julegåvene var ferdige og at dei gledde seg til jul...jau då var det berre julesnøen som mangla.

Så kom då endeleg denne etterlengta snøen, sola snudde og det vart lyst og fint ute. Klarveir og kaldt var det også. Berre heilt fantastisk spør du meg. Ein naturlig konsekvens av den fine snøen og det flotte veret var at vi måtte finne fram snøskuffa eller for dei heldige snøfresen.

Så etter at vi hadde fått skufla eller fresa vekk snøen for eiga trapp kunne vi sette oss godt til rette og kaste innpå god mat og julekaker, vel vitande om vi hadde brendt bort nokre kaloriar med heile snømokinga. Så oppdagar vi brått litt ut på kvelden at vi skulle hatt litt meir mat eller drikke og tenkjer at vi tek oss ein tur på "buda". Ja for "buda" den er open til langt på kveld sjølv om det er romjul og ferietid for mange.

Men kva oppdagar vi då? Jau dei slaskane som skulle rydde vegen vår har ikkje vore der og det ligg haugar med snø i vegbana...ikkje berre den snøen som har kome ovanfrå men også mange plasser den snøen som folk har forflytta frå eiga trapp til vegen.

Så er vi igang att...klagar og syt over at det ikkje er brøytt på vegen vår, det var enda godt at den ikkje var brøytt slik at vi fekk noko å syte over...Heldigvis har vi gode dekk på bilen og med litt planlegging av reiserute kjem vi oss på butikken og får handla alle dei varene som vi manglar og som er så livsviktige for at vi skal kunne sitte i sofaen og kose oss resten av kvelden. Jammen er vi heldige som har ei varm stove og ein god sofa og masse julemat....

Men kva med dei som ikkje sit i sofaen sin og et julemat - kva bedriv dei kvelden med??

Jau desse menneska er ute å brøyter vegen over heile kommunen. For det er nemleg ikkje slik at alle vegar har sin eigen brøytebil. Viss vi tenkjer godt etter så er det heilt utruleg mange vegar i kommunen som skal haldast opne. I tillegg står det ofte plassert bilar i vegen slik at brøytinga tek mykje leger tid. Jammen glad eg ikkje er ansatt for å brøyte vegane i kommunen...

Så er det slik at også eg sytte og klaga over all snøen som kom og at vegane var dårleg brøytte, elles ville eg vel ikkje vere frisk. Men når eg no har fått tenkt meg om etter å ha hatt ei kjempefin jul med varmt hus, julemat og god sofa så kjem det meg i hug at vi kanskje burde sende ei takk til alle som ikkje har hatt ei like roleg jul som oss....

Takk til alle som har:
-Arbeidd med snøbrøyting av vegane
-Stelt våre eldre og pleietrengande
-Dei som har har halde sjukehusa operative
-Dei som har sytt for at vi har hatt fersk mjølk og ferskt brød i jula
-Dei som har halde butikkane opne
-Dei som har laga tv og radio slik at vi har hatt noko å fordrive tida med
-Naboen min som har handmåka innkøyrsla til 2 gamle naboar i tilegg til si eiga
-Helene jenta mi som handmåka verandaen 2 ganger
-Sondre og Carina som passar på å måke bort snøen på båten min
-Alle dei som av ein eller annan grunn har måtta jobbe medan eg har hatt ei god jul....

TAKK!!