Medan Helene var på arbeid første dagen - tok eg meg ein tur på eiga hand for å sjå meg litt rundt i Bardu sentrum. Ikkje verdens navle, men stort nok til at ein kan spasere litt og få kikka litt i butikkar. Sola skein, men med ein isande vind sjøna eg at eg nok måtte trå til med ny dunjakke viss eg ikkje skulle fryse ihjel. Om kvelden vart eg med inn i leiren på treningsrommet og fekk gått ein halvtime på tredemølle medan Helene trente sitt vektprogram.
Dagen etter hadde jenta tatt seg fri slik at ho og mora kunne køyre den to timer lange turen til Tromsø - forøvrig første gang i den byen for min del. Her fekk vi sett litt av nordens Paris, handla jakke til mor og kikka innom ishavskatedralen og tent lys før turen igjen gjekk til Bardu. Torsdagen måtte Helene ein tur på arbeid igjenn så eg benytta dagen til å få kjøpt inn ei "balljpanne" slik at vi kunne lage oss ei stor gryte med potetball - elles fekk eg vere med ein tur å sjå arbeidsplassen hennar. Fredagen kom med sol frå klar himmel og jentene reiste på tur igjenn. Denne dagen var i si heilheit via Senja og vi rasa rundt som nyskjerrige turister. Mange huskar nok TV serien "Då damene drog" og det vart fort klart at vi måtte ha oss ein tur til Husøy for å sjå denne perla i verklegheita. Vi rusla rundt på øya, kjøpte kaffi og boller i butikken og vart beglodd av alle fastbuande. Trur ikkje det var så mange andre turister der den dagen nei. Turen gjekk vidare mot Senjahopen og vi enda opp med ei fin rundreise på ein del av øya - før vi avslutta turen med middag på kafè. Laurdagen var det tid for bading i Polarbadet og vi hadde nokre fine timar der før vi reiste heim å laga potetball. Kveldane brukte vi i lag i den koselege leilegheita til Helene og i løpet av tida der oppe fekk eg lært Helene å strikke. Ho strikka seg ei hue medan eg var der - i tillegg til at ho starta på eit stort lappeteppeprosjekt.
Men alt har desverre ein ende og eg måtte pent sette meg på flyet sørover igjenn. Men no har eg iallefall vore der oppe på besøk - sett korleis jenta mi har det i sin kvardag, helst på ein del av hennar nettverk og kven veit - plutselig kan eg kome til å ta meg ein tur seinare også. Tusen takk for et fint opphold Helene - leve lenge på det ej. Gla på dej jenta mi:-))