Vinterhav

Vinterhav

lørdag 30. april 2011

Heime, men ikkje heilt landa....

Eg er heime igjenn - ja det er fleire dagar sidan no, men like fullt nytt. Huset stod på same staden - hagen og - sjølvom våren hadde komt på besøk når vi var borte. Men allikavel kjennest det rart - som i eit vakum. Det kjennest ut som om grunnen under føtene mine gyngar enno og landskapet står merkeleg stille utanfor vindauga. Etter 12 dagar i bevegelse og med stadig skiftande omgjevnader er det litt tomt og rart å berre vere i ro og i kvardagen.

Ei reise med MS Trollfjord frå Bergen via Kirkenes og tilbake til Bergen har gjort uendeleg stort inntrykk på meg - inntrykk som eg heilt sikkert kjem til å bruke tid på å bearbeide. Men på den måten varer ferien lenger og sakte men sikkert vil heile den fullkomne turen legge seg tilrette i den menneskelege harddisken.

Ei reise i kontrastar
stilla og storm
blått morgonlyst hav


tidleg morgon over stadthavet -11

Grå og våt morgonby

Ålesund tidleg palmesøndag - våt og trist - 11

Speilblank morgonelv

Nidelven Trondheim -11

Roleg kaffikos

Kaffikos ein tidleg morgon på Bakklandet -11

Stemningsfull fyrlykt
på roleg hav

Fyrlykt langs leia -11

Romantiske middagar

Middagskos på fast plass heile turen -11

For meg vart turen eit eventyr - ei reise gjennom fleire årstider - ei reise langs vårt langstrakte land - ei reise i luksus og ei reise for livet.
No kan kvardagen kome for eg har fått påfyll av inntrykk og minner som eg kan leve på i lang tid.

klem jannetove

fredag 15. april 2011

Om å vere tilstade


Ho går å ventar – puslar litt rundt
Ser på klokka
Ventar – gler seg
Ser fram til gleda ho håpar skal kome
Ser fram til lukta, lydane og synet
Alt ho har sett føre seg i draumane
Alt ho har laga seg til - inne i sitt eige hovud
Forventning, håp og spenning
Så er ho midt i det

-              Det er då ho må vere der med heile seg
-          Det er då ho må vere tilstade
-          Det er då ho må fange augeblinket
-          Det er då ho lever                                                                                      jannetove-11


Vestkapp på Stadt - 08

Alle har vi vel ei forventning om noko godt som skal skje - alle går vi vel og gled oss til noko innimellom - håpet lever i oss.

Ynskjer alle ei retteleg God Påske - med håp om at vi klarar å vere til stade i liva våre:-))

Klem frå Janne Tove

torsdag 14. april 2011

Alder inga hindring.....

Eg må innrømme at eg gjer meg nokre ekstra tankar om alder og år no - det er vel kanskje naturleg når ein tek føre seg kallendaren og ser kor lang tid det har gått sidan vi skreiv 1961....
Men ein ting er iallefall sikkert - eg er utruleg glad - takknemleg og ikkje minst stolt over å få lov å vere her enno - berre vere i livet - leve i livet.....

Alternativet ville jo vere katastrofalt.....

JUBILANTEN
Ikkje akkurat så slank
Ikkje akkurat så rank
Haka er ikkje lenger åleine
Tankane er bittelitt seine

Armar med hertuginne-heng
Rynker rundt auga i fleng
Håret har gråna
Det er mest så ein kan dåna

Synet litt svekka
Ein ser alderdomstrekka
Kne og legger forundeleg stive
Men jenta er enno i live

Dagane går mot femti
Vi er ikkje gammal vi
Ettermiddagsøkta har teke til
Ho kan framleis gjere det ho vil

Kjærsten har letta på lommeboka
Spanderer cruise i dei vestlege stroka
Frå vest til nord i store båt
Slik luksus – det erkje måt

Snart pakkar ho sekken og dreg på tur
Ut på havet – aldri sur
Takkar for kvart eit einaste år
Ungdommen kjenest ut som i går


Takkar for gåva - den fine skyss
Gir sin kjære eit skikkeleg kyss
No skal vi feire dei mange år
Håpar på ein varm og lang vår.....

..........og ein fin tur i allslags veir
jannetove - 11


Bjørn Erik grillar på terassen

I takksemd til kjærasten som gir meg ein av dei store draumane.

Klem frå jenta di

mandag 11. april 2011

Stress


MORGONKAV
Ho vaknar brått
Ser seg skremd rundt
Det er morgon
Sveitten driv
Pusten går fort
Strevar med å huske
Det som skulle gjerast
Musklane stivnar
Kva har ho gløymt
Kva er det ho ikkje har fått gjort
Kvar morgon
Same kjensla
Pliktene - alt ho skal rekke
Kjensla av noko ugjort
Kjensla av stress
Vere snar
Kome seg opp
Kome seg i gang
Få unna alt som skulle vore gjort i går
Aldri ein morgon utan denne forbanninga
Pust ut - du er ikkje der lenger
Det er andre tider
Tider med tid for å kvile
Tider med betre tid
Tider utan pliktene
Tider utan stresset
Forbanninga frå tida før
Får nok fylgje ho
jannetove-11

ei grind langs sætrevegen - 09

fredag 8. april 2011

Glede

I dag har det vore nydleg fint vårveir her på "hadelandet mitt" og livet har leika. Har fått baka knekkebrød og lavkarbo-brød i tillegg til at eg har fått prøvd dei nye joggeskoa mine - trur de eg er fornøgd eller?

Er så godt å ha slike gode dagar innimellom - og så er det så godt når våren eksploderer - har skjedd store endringar her berre siste dagane - og no er skogen snart klar - klar for lette bein med joggesko på:-))

LYKKA
Det pirrar ein stad langt der inne
Det boblar
Heile kroppen skjelv
Blubb – blubb
Det sitrar ein stad langt der inne
Sommarfuglar i magen
Klukk – klukk
Det er som ein brusaned vårbekk
All verdens fuglekvitter samla inne i kroppen
Ho ler – ler høgt av glede
Å kjenne lykka eit lite augeblink
Lykka
jannetove-11

Skogssti på Jaren -11

Sender mange gode tankar ut i den store verda
med ynskje om ei god helg

Klem jannetove

onsdag 6. april 2011

Min heim er mi borg

Tenkjer av og til på kor viktig det er med ein heim
- å ha ein stad der ein kan vere berre seg sjølv 
-ein stad der ein kan finne ro og glede
-tryggheit og varme.

Så skjer det innimellom at ein må gjere endringar på dette
-ein må flytte av ulike årsaker
-ein må kanskje vente ei stund før ein finn ein ny stad
- ein må kanskje bu midlertidig hos andre

Akkurat no veit eg om ein som driv å leitar
-skal finne ein ny stad å bu
- må bu midlertidig ein stad der det er koseleg nok
-men ein stad som ikkje er sin.

Sist sommar var det min tur til å vere på flyttefot
-min tur til å selge unna eit hus som romma mange minne
-min tur til å skifte miljø
-min tur til å gå vidare i livet og sleppe det som var
-det var då desse orda dukka opp.


HUSET

Fire vegger, golv og tak
Innreidd med den dags smak
Rom for tryggheit, rom for gleden
Rom for den gode familiefreden

Veggane står der, gjev ly for været
Og samlar familien i varme og nærhet
Borna kjem til på rekke og rad
Fyller romma med latter så glad

Ungar veks opp i varme stover
Erfarer og lærer om livets lover
Sommar og vinter – huset gjev ly
Det passar på folket uten å kny

Ein etter ein er dei flytteklar
Tilbake åleine sit mor og far
Veggane rommar så mangt eit minne
Frå glede til sorg og rasande sinne

Tungt har det blitt for gamle hender
Dei unge sjelden tilbake vender
Dei gamle må flytte slik gjekk det til sist
Huset står der så tomt og trist

Fire vegger, golv og tak
Blir fylde på ny med dagens smak
Sirkelen er slutta, nye tek fatt
Skapar på ny ein heimleg skatt
jannetove-10

Hus i solnedgang på Ona -09

mandag 4. april 2011

Sorg

Av og til kjem døden nært inn på oss menneske - vi treng ikkje ha mista nokon nære sjølv - men veit av at andre har tunge stunder og opplever sorg. I det siste har det vore ein del fokus på døden i media - ei diva har gått bort, ein soldat er død - og nesten dagstøtt kan vi lese om ulykker med død til følgje.

Vi er heldigvis laga slik at vi ikkje treng ta inn over oss alle dei vonde følelsane der ute - men vi har slett ikkje vondt av å stoppe opp og tenkje over at det faktisk er slik det er - det er alltid ein eller annan som gret.

Heldigvis er det også slik at når vi får døden heilt inn på oss så får vi styrke til å bere den - vi er viseleg laga slik - vi tåler oftast den børa vi får.


LIVETS VEI
Det blåser en rolig stille vind
Det kjennes så godt å ha fred i sinn
Solen skinner og himlen er blå
Det er fredfullt og godt gjennom livet å gå

Det blåser en stormfull og fryktelig vind
Det er så vondt i mitt opprørte sinn
Skyene truer så tunge og grå
Her jeg står og ser at du mot døden må gå

Så løyer den stormen som rørte meg så
Jeg bøyer min nakke, fortsetter å gå
Livet har ennå mye å by
Storm og stille vil komme på ny

Minnene fra før vil jeg ta med
Å håpe at jeg morgendagen får se
I stormen da jeg hadde det stritt
Lærte jeg og ikke ta livet for gitt.
jannetove 09


Hjørundfjord med utsyn mot Leknes

Dette diktet vil eg gi til M som har mist mor si -
og alle andre
som treng eit trøstande ord i dag.
Til alle andre vil eg minne om 
å leve akkurat no og ikkje utsette dei gode orda -
det er så fort gjort at det blir for seint.