Vinterhav

Vinterhav

søndag 18. november 2012

Litt garn, litt pinnar....og vips......

I mangel av den store energien til å ta fatt på store prosjekt
har eg i dei seinare vekene kosa meg
med litt handarbeidspussel.

Veska her skulle eigentleg bli Vinhøne til påske for to år sidan
....så vart det altfor stort
...tenkte å lage eit sitteunderlag - ja det ville sikkert bli bra
....men så plutseleg vart det ei tova veske
...ja det vart skikkeleg bra:)
 

På Montebello måtte eg ha noko mellom fingrane 
i godt lag utover kveldstimane.
Tok med store pinner og restegarn
Strikka uformelege deler 
og tova
...og vips så vart det flotte hatter for 
fine damer:)


Men endå var det att meir garnrestar
og med litt grønt og gult
og store pinner
vert det gode tofa tøfler
...som desverre vart for små for min fot...
...jaja det blir nok ein fin gevinst til eit lotteri ein dag:)


Denne er sjølvkomponert
...men det er aldeles hemmeleg kven som skal få den
...ja om mora til jenta les dette - ja så sjønar ho nok heilt sikkert
kva som ligg i "ekstrapresangen" under treet til jul:)
 

Men får den eine så må også den andre få
Cupcake 
me påsydd strøssel
blir nok fint på ei anna lita taus:)



Tova tøfler i restegarn 
varmar føtene mine når kjærasten lufta ut all varmen i stova:)

Elles går det litt tid med
til å male....
....vi har ein kjellar 
...ei utleigeleilighet
som er i ferd med å få ny drakt.

Ein time eller to om dagen
med pensel og spann
avbrote av ei laaang og god kaffiykt
...sakte men sikkert 
klarar eg og kjæresten 
å utføre vår del av jobben.

Resten
det tek snekkar, rørlaggjar og elektrikar seg av....
....jammen godt ein kan leige seg litt hjelp.

Berre vent - om ikkje lenge 
kan eg legge ut før og no bilder
- det gler eg meg til:)
 

torsdag 8. november 2012

Eit god og lærerik tid


For eit år sidan var eg i full gang med cellegift - hårlaus og på ingen måte
i særleg form.
Det er rart å tenkje på at det er så lenge sidan.
Hugsar godt då eg fekk beskjeden om at eg hadde kreft - 
hugsar tankane som då rasa gjennom hovudet - 
- skal tru om denne jula er mi siste?
- skal tru kor alvorleg dette er?
- er det spreidning?
- korleis vil mine nærmaste reagere?
Mange tankar - vonde tankar.

Det er underleg å tenkje på kor livet brått endrar seg - 
- frå å vere "normalt" til å bli fullstendige kaos.
Eg hugsar at eg ikkje grudde meg for operasjonen, 
å ta bort eit bryst betydde så lite.
Eg visste så uendeleg lite om kva dette var for noko. Eg hadde høyrt at mange som fekk
brystkreft slapp både cellegift og stråling - dei fekk berre tablettar som dei skulle ta i 5 år.
Eg hugsar at eg håpa på at min kreft skulle vere slik - at eg berre kunne ete pillar og alt ville bli bra...
 
Eg budde meg på full pakke og forespeila meg det verste.
Eg hugsar alle gongane eg sat på eit venterom -
- venta på å kome inn til lækjar 
- venta på å få høyre kor alvorleg det var med meg.
Hugsar kaldsveitten når namnet mitt vart ropt opp
Eg hugsar kor eg misstenkte lækjaren for å ikkje fortelje meg sanninga.
 
Eg hugsar spenninga når eg skulle få fyrste cellegifta
Hugsar så godt då eg tok ut parykk (som eg ikkje har brukt)
Eg hugsar kor spennande det var å gå til frisør og rake av meg alt håret då eg merka 
at det fall av i store dottar.
Eg hugsar nettene etter kur - då eg ikkje fekk sove
- sveittetoktene som kom og gjekk
- den dårlege matlysta
- utmattinga

Alt dette er lenge sidan
No veit eg så mykje meir
No har eg vore inne til kontrollar - sjekka omlag det som kan sjekkast
og lækjaren let vel og meiner eg ikkje har grunn til å vere engsteleg.
No trur eg på lækjaren
No tenkjer eg stort sett berre positivt og har ingen angst for kor mange juler eg skal få.
Eg forundrar meg over kor lett det er å leve med at eg har hatt
denne sjukdomen i kroppen
Forundrar meg over kor lite eg tenkjer på det
 
No veit eg så mykje meir
 
Eg har lært mykje
Eg har lært at dei tablettane eg tenkte skulle vere så greie å tygge
på langt nær var det eg trudde
Eg har lært at cellegift gir seinverknader
Eg har også lært at Herceptin verkar inn på hjertefunksjonen
- ikkje visste vel eg at kreftbehandlinga skulle gje så mykje biverknader....
 
- vulkanske sveittetokter som når ein har trimma verkeleg hardt
- muskelverk og smerter i heile kroppen
- fatigue - total utmatting enkelte dagar
- problem med negler som sprekk
- plager med tørr munn og lepper
- konsentrasjonsproblem
- hukommelsetap
- nedsett hjertefunksjon

.....ja det er mykje fælt
eg syns det....

Livet har blitt heilt annleis enn det var før
No må eg planlegge aktivtetane mine - eg må prioritere
Eg må innsjå at eg ikkje er i same form lenger
at eg ikkje orkar for mykje på ein gong
Det er ikkje enkelt når ein har vore vand med å ture fram som ein har ynskt i alle år.

 
Pa Montebello september - 12

Mykje biverknader og seinverknader - ja - 
men det blir lite når ein tenkjer på alternativet
Eg kunne faktisk ha vore i ein heilt anna situasjon
dersom eg ikkje hadde kome så tidleg til lækjar og fått diagnosen

Gjennom dette året 
har eg opplevd mykje fint og positivt
Eg har blitt kjend med andre i same situasjon
Eg set meir pris på dei små og nære ting
Eg kjenner meg rikare

Eg vil ikkje sei at eg ikkje villa vore det foruten
men når det først skulle hende meg
ja så må eg sjå på det som ei lærerik tid som har utvikla meg som person:-)

Bålkaffi på Montebello september -12