Vinterhav

Vinterhav
Viser innlegg med etiketten Janne prøver nye ting. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Janne prøver nye ting. Vis alle innlegg

søndag 26. august 2012

Sommar med LevNo

For ein sommar eg har hatt - 
eg har verkeleg kjent på at eg har levd her og no.
Dei fleste dagane har vore gode
og vi har kosa oss frå sør til nord
og frå vest til aust.
Ein tur på Vikingmuseet på Bygdøy

Ein fin fjelltur på Buhammaren


Flyshow i nydleg veir i Bodø


Overnatting på Inndyr i Nordland med middnattsol


Svartisen bada i sol


Nydlege Strynsvatn i Jonsokhelga


Jonsokbrudlaup i Olden Kyrkje
Gratulerer til bror Stein Ove og svigerinne Randi


Kveldskos på Voss Camping under Ekstremsportveko


Sol og god stemning på Bømoen og Skydive Voss 


Så ein tur innom kreftpoliklinikken på Gjøvik for å få påfyll av Herceptin


Friaren i Geirangerfjorden


På Helset i Hellesylt på World Base Race


På tur i Torghatten Brønnøysund


Ein fin kveld på Offersøy ved Sandnessjøen


Møtte gode vener på camping på Forøy


Lofoten i kuling og sidelengs regnveir


Nyksund ein skikkeleg regnveirsdag


Nokre dagar på Skydive Elvenes -
der eg fekk meg eit tandemhopp:-))


Koseleg lunch i Luleå


Flâse Camping i sommarnatta


Det var vakkert på campingen ved Søderhamn - 
der vi vart kjende med Kaisa og Uffe


Vestby Prestegård - der Arne Martin - kamerat svoger
feira 50 års dagen sin


Vi vart små samanlikna med klauskjerings / campingbilen
til dei nygifte


Og for eit måltid
tapas i store mengde - så absolutt vellukka


Ein tur til Ørsta for å besøke
Sondre - Sigurd og Ingeborg - i tillegg til mange gode vener


Dei tre ungdommane i stova til Ingeborg og Sigurd


Jau jammen har det vore ein flott sommar - 
eg angrar ikkje på at vi satsa på LevNo
No er sommaren på hell - 
og eg kjenner at eg har fått henta mykje energi
i alle turane vi har hatt
No er eg klar for å ta fatt på hausten
klar til å reise på eitårs kontroll
klar til å fullføre behandlingsopplegget
Klar for livet:-))

tirsdag 17. april 2012

Ting tar tid

Det er i motgang vi blir sterke heitest det.

Eg kjem til å bli fryktelig sterk trur eg...
....må berre vente ei stund....
Vente til Fatiguen har reist sin veg
Vente til smertene i kroppen forsvinn
Vente til magen har roa seg ned
Vente til heitetoktene roar seg
Vente til denne totale utmattinga tek til vetet og forlet kroppen min.

Eg tykkjer det går seint
er så utolmodig
Vil så gjerne yte
Vil så gjerne ha tilbake mitt gamle liv

Eg må vere tolmodig -
La kroppen få bruke den tida den treng
for å kome seg.

Tolmod har aldri vore mi sterke side
eg har alltid likt å få unna ting
Alltid likt å vore effektiv
jaga frå oppgåve til oppgåve.

No berre må eg ta det med ro
må berre innsjå 
at eg har meir enn nok med å kome meg gjennom dagane.
 
Men eg lever
og eg har trua
trua på at eg skal bli kjempesterk...
kanskje like sterk som Pippi....
 
....eg skal berre kvile litt fyrst...
 
jannetove


onsdag 11. april 2012

Det forløysande ordet......

Frisk
eit lite ord
med så uendeleg mykje godt i seg.

Frisk
"eg reknar deg som frisk"
sa legen i går.

Frisk 
frå kreften
ja for den er borte
tatt bort med kniv
tatt ut or kroppen.

Eg kjende at eg sveva rundt på loftet
i allefall ei stund - 
- heilt til neste heitetokt kasta meg i bakken
- heilt til smertene i kroppen henta meg ned på jorda igjen
- heilt til utmattinga lulla meg i svevn
der eg sat i godstolen.

Alle desse biverknadane
av etterbehandlinga
Alle desse seinskadene
etter knallhard cellegift
gjer at eg på ingen måte føler meg som Frisk

Men at legen 
seier det befriande ordet
Frisk
Gjer at gleda likevel boblar i kroppen
og eg kjenner at eg får styrke til å lære meg å leve
med alle dei usynlege (og nokre synlege) plagene.
Eg får styrke til å kjenne på at eg er takksam
- takksam for at eg kom tidsnok
- takksam for at eg får den medisinen
som no gjer meg dårleg
- medisinen som skal forebygge tilbakefall.

Styrke til å leve her og NO
Leve eit liv i sakte tempo
Ikkje slik det var før
Men likefullt eit godt liv

TAKK


mandag 9. april 2012

LevNO

Heisann
då er eg tilbake i bloggverda
etter ei økt med LevNO.

Turen starta Torsdag før palmehelga.
Vi køyrde til Fagernes og fekk kaffi hos Kirsten og Erik
og spaninga var stor då vi skulle prøve den nye bilen -
over Filefjell i snøføyk og vind.
Men iflg. "privatsjåføren" var bilen perfekt å køyre
Kjende godt at vinden ruska i den forholdsvis store "vindfangen"
og vinteren hadde kome tilbake enkelte stadar.
Men vel over fjellet var det berre å lene seg tilbake og slenge føtene høgt -
- dette gjekk så fint så:-)

Første natta med fricamping var også spennande - 
mykje å passe på
mykje å lære
- og du verda kor godt vi sov - der vi stod på ei utkjøyrsle like utanfor Lerdal.

Så var det tid for å finne vegen til Fagre Stryn
og 40 årsfeiring.
Gode dagar
med god mat og familie og vener rundt oss.

Utsyn til Stryn i påskeregn

Mandag i påskeveka skulle turen gå vidare over til Ørsta
og no hadde veirgudane verkeleg slått seg vrange.
I snøkave så ein mest ikkje såg vegen 
vart turen over til Hondalsvatnet og over Stigedalen
rimeleg strabasiøs - men når ein tek tida til hjelp vil det som oftast gå greit.

Ørsta openberra seg med sol og rundt 20 cm nysnø - 
eit vakkert skue.
Dagane der var fylde med besøk av born og vener
middags og kaffi invitasjonar
og late dagar i svært så varierande veir.

Så vart det tur i påska i år og - 
og det er garantert ikkje den siste turen med LevNO.

No skal den siste dagen i påska nytast med
god mat og besøk av godaste Helene jenta.
LevNO har flytta inn i stova heime -
og dagane ruslar og går litt opp og litt ned
i mine to livstrapper:-))

Jannetove


mandag 26. mars 2012

Om å leve her og no

Titt titt
her er eg igjen, ikkje så ofte eg besøkjer bloggverda for tida.
Eg har hatt så mykje anna å tenkje på
og dagane er litt slitsomme for tida.
Eg orkar rett og slett ikkje så mykje.

Begynnte på Antihormonet Tamoxifen for 14 dagar sidan...
 ... og ja det er litt slitsomt og tøft det....
Biverknadslista er lang og vond og eg slepp nok ikkje unna eg heller
som dei fleste andre som går på denne kuren.
Med Fibromyalgi frå før er eg vant med mykje smerter
og har min eigen måte å takle dei på.
Men når smertenivået veks i takt med tablettinntaket -
må eg bruke mykje energi på å venne meg til at det blir kvardagen framover.
Heitetoktene kjem omlag i same frekvens som før - men dei kjennest mykje tøffare ut no.
Augene er tørre som sandpapir og eg er konstant tørst og tørr i munn og nase.
Er berre å drikke vatn då tenkjer du kanskje...
....det er berre det at eg liksom ikkje har lyst på så mykje for tida.
Småkvalmen gjer at eg må ty til litt kvalmestillande innimellom
og matlysta er fråværande i lange perioder - det er akkurat som om brødskiva vekst i munnen, 
og varm mat er iallefall ikkje noko stas.
Jaja det går seg nok til etterkvart som kroppen venner seg til denne medisinen - 
er berre 4 år og 50 vekere att no så er eg ferdig med kuren - hehe.
Men det verste syns eg nok er utmattelsen - 
er så utruleg trøtt og sliten i kroppen
orkar så forferdeleg lite før eg blir trøytt og sliten....
....er liksom ikkje meg å føle at eg må sove "frukost"...
Men det vil nok forhåpentlegvis gå seg til etterkvart
Eg har trass alt vore igjennom ein skikkeleg hestekur med giftangrep.

Nei det var nok om kjellartrappa -
-opp og hopp i loftstrappa -
- det er der eg trivst best:-))

Eg tenkjer bevist på at eg er heldig
heldig som kom så tidleg til lege med styggedomen
Heldig som har fått operert bort kreften og heldig som har såå god prognose.

Eg har sett at livet tek heilt andre vendingar enn eg hadde håpa og trudd
og difor har eg tatt eit bevist valg....
....eg skal leve NO
....eg skal gjere det eg har drøymd om
og det skal eg gjere på mine premissar og i mitt tempo.

Sjå berre her...
....gliset som er nyannskaffa
til "Leve NO" prosjektet mitt.
 


Denne farkosten skal brukast flittig framover
Her kan vi køyre ein bit og når vi er trøytte og må kvile 
ja då har vi med ferdig oppreidd seng
kjøkenløysing med det vi treng
og gode kvilestolar.
Med denne kan vi reise og sjå oss rundt
besøkje born, slekt og vener
og gjere noko som får tankane bort frå både antistoff og antihormon
og anna dritt.
Vi kan finne nye stiar å gå tur på
og med syklane hengande bakpå kan vi ta små sykkelturar 
og sakte men sikkert bygge oppatt kroppen igjen.


Bubilen er behørig innvidd med ei flaske god kvitvin

 I denne "doningen" kan vi 
leve ut prosjektet 
"Leve NO"

Så vil eg atter ein gong takke for gode ord
som har blitt lagt att her hos meg.

Husk å Grip dagen og lev NO

Klem jannetove

tirsdag 13. mars 2012

Det gror...

No er det 6 veker sidan eg tok min siste cellegiftkur
og på sundag barberte eg skallen -
- ja eg måtte det
- fordi håret var blitt så langt
Iallefall ein cm eller så....
....med finaste lyse babydun på hovudet:-))

No ser eg i svarte stubbar
som kikar fram frå hovudbotnen
som stikk på puta om natta
Endatil augebryna er på veg tilbake -
- og no håpar eg at det håret som kjem ut
er vanleg hår som kan få vekse
og dekke den heller kvite skallen.
 
I går var eg inne til min 2. Antistoffkur
det gjekk bra
berre litt "influensa" smerter i går kveld
 
I går tok eg også 
min første Antihormontablett
Den første på ein 5 års lang kur
Eg merkar ikkje mykje biverknader enno
og tenkjer hardt på at eg heller ikkje skal kjenne dei framover....
 
....tankens makt er stor
....og eg smiler for meg sjølv
og kjenner at eg lever akkurat her og no.
 
Klem til alle mine gode lesarar her inne
Takk for gode ord
....dei betyr uendeleg mykje:-))
 
Jannetove


fredag 24. februar 2012

Livsteikn i vårsol

Her har det vore stille ei stund -  eg har hatt litt anna å styre med,
så mitt liv i bloggverda har stort sett bestått i å lese hos andre.

Eg har avhalde årsmøte i Hadeland Lokallag av Norges Fibromyalgi Forbund
- der er eg leiar -og det blir alltid litt hektisk rundt årsmøte, 
og eg kjenner veldig på at eg orkar så uendeleg mykje mindre enn før.

Snart er det 4 veker sidan eg fekk mi siste dose med cellegift
Dagane blir bedre og bedre, men det vil nok ta tid - 
- kroppen er utruleg sliten.
Eg må nok berre innsjå at eg ikkje er noko meir supermenneske
enn alle dei andre som har gått vegen før meg.
Eg har kontakt med mange - mange som er ferdig med all behandling for lenge sidan
- mennesker som slit med seinverknader etter tøff behandling - 
- det hjelper meg å forstå at eg må la kroppen min få tid
- hjelper meg å forstå at eg ikkje må krevje for mykje av meg sjølv.
Det er mange som opplever tida etter at dei er ferdig behandla
og såkalla friske som veldig vanskeleg. 
Vanskeleg avdi dei ser friske ut - men allikavel ikkje er det.
Dei er nok kreftfri - men seinverknadane av behandlinga
og angsten for tilbakefall gjer noko med mange av desse menneska.
Då er det fint å lese at Kreftforeninga gjev 15 millionar til
Kreftforeninga sitt nasjonale senter for forskning på seinverknader.

Men så er der mange solskinnshistorier også - 
jenter med tøff behandling bak seg
som er heldige og ikkje får alle desse seinverknadane.
Eg håpar eg er ei av dei....og tenkjer at det nyttar lite å ta sorgane på forskot.

Det er trass alt mykje bra som skjer i livet mitt.
Eg har hatt min første Antihormonkur - Herceptin.
Det gjekk fint - ingen akutte reaksjonar - men eg må tilstå at smetene i kroppen
som kom sigande utover kvelden den dagen eg fekk kuren var tøffe - 
men dei var borte dagen etter - så eg kan nok klare å leve med ein dag kvar 3. veke 
med slike smerter - det er jo det som skal gjere meg frisk.

Idag tenkjer eg ikkje så mykje på verken Antistoff eller Antihormon - 
det kan eg ta dei dagane det plagar meg.
Akkurat no er det lite som plagar meg - 
ute skin sola og vi har påskestemning - 
og vinterferien er like om hjørnet.

Vårsola blenkjer
snøen smeltar


og det er fint
med ei lita kaffipause
på ein grønmalt benk i hagen


Slike dagar er livet godt å leve
det er fint å klare å leve akkurat her og no.

Ynskjer alle mine vener ei god helg
og ein god vinterferie (til de som skal ha det neste veke)

Eg har tenkt å kose meg
kose meg i mange dagar framover:-)

Klem jannetove

onsdag 8. februar 2012

Sengeklede i Ull

Dagane går
og eg består:-))
Varierande form
med litt mildare heitetokter,
men stadig litt utmatting innimellom.

I morgon er det klart for tur til Gjøvik att - 
- er begynnt å bli litt lei den streknina no,
men det går fort med ein kaffistopp på Lygna
og med selskap av kjæresten.

I morgon er det hjertetest
for å sjekke om eg har hjerte i form
slik at eg kan få Herceptin.
Trur nok at hjertet er i bra form -
- men uansett så er det ein tur innom sjukehuset
for å ta prøver og bilder...
Det som før var grei skuring
blir etter kvart eit spenningsmoment i kvardagen.

I helga bestemte eg meg for at eg måtte gjere noko 
med sengekleda mine - 
å sveitte i bomull og dun er iallefall ikkje ein god kombinasjon....

...og i dag kom det nye
Det blir spennande å sjå om 
nattesøvnen blir betre med slike sengklede.

Mjuke og gode var dei 
iallefall 
trur det snart er natta her:-))

Klem jannetove

søndag 5. februar 2012

Ein biverknad til besvær

Aldri i min villaste fantasi
hadde eg trudd at
hetetokter kunne bli så 
til dei grader
ubehagelege og
forringe livskvalitetsen slik dei gjer.

Eg har vel sett damer i 
overgangsalderen før,
damer som plutseleg sit der med sveitten piplande på panna
og febrilsk viftar på genseren
og pesar og pustar
- kanskje har eg til og med vore med å "fnisa" litt av dei også.....

Men no skal eg jammen meg ta tilbake den "fnisen"
for no skjønar eg kva dette handlar om....
Eg held fredleg på med mitt - enten ditt eller datt
og plutseleg - og heilt utan forvarsel - 
kjem denne bølja
som ein tsunami 
kasta over meg...
...på ein to tre 
er eg klissj våt over heile kroppen
kleda blir gjennomvåte
sveitten renn i dropar under knea
ned i augene
i nakken og på ryggen
samtidig kokar hovudet
og eg blir like raud i fjeset som eit trafikklys.
Tankane blir uklare
det einaste eg klarar å fokusere på er å røme bort frå dette vulkanske helvete.
Men å røme er ikkje til å tenkje på...
....denne varmen kjem frå inne i min eigen kropp
og den er eg så til dei grader avhengig av å bu i.....

Men så går det over-
-varmen forsvinn like fort som den kom.
Men kva skjer då.....
jau då blir eg jo kjempefrosen 
der eg sit i våte klede
og held på å fryse i hel......

Så får eg kanskje fred ei stund før neste bylgje skyl innover......

Eg var så vidt begynnt å kjenne på dette fenomenet før
kreften slo til og fekk god hjelp i ein naturmedisin
basert på oppkonsentrert soya - eit stoff som triggar østrogen-nivået i kroppen
og derfor tok bort "toktene"
Men med diagnosen kom forbodet -
forbodet mot å ta noko som helst som kunne auke østrogenen i kroppen.
Eg skal istaden ha medisin som skal senke det same hormonet...
...altså hardt og brutalt kasta ut i vulkanske heitetokter.

Etter å ha studert litt rundt min diagnose, 
lese litt om kva andre i same situasjon opplever,
er det i ferd med å gå opp for meg 
at dette antageleg kjem til å prege meg i nokre år framover.
Ikkje akkurat lystig
- men eg kan ikkje grave meg ned fordet....
 ....det er nemleg nettopp desse medisinane
som gjev slike biverknader
som skal beskytte meg mot tilbakefall.

Eg må berre mobilisere
finne måtar å takle dette på
være bevist på å kle meg i ull
hente fram dei positive tankane....

....det er jammen ikkje alltid like lett....
....men eg skal klare det.....trur eg....

Ein varm klem frå Haugsbakken

torsdag 2. februar 2012

Over all forventning

Her går det strålande:-))

Ulldorre og ulltrøye 
om natta gjer at dei nattlige hetetoktene er til å leve med.
Fokus på å drikke masse farris 
gjer at eg kjem meg opp om natta og får ete litt 
og fyllt på med kvalmestillande drops
= mindre kvalm.

Tidleg frukost 
gjer at eg og kjærasten vart ferdig med 
handlinga og ærenda vi skulle ha utført
medan vaskehjelpa tok helgevasken min.

No er det god fyr i omnen
huset er reint
og eg legg meg langflat 
på soffan - tek på meg dei sterke brillene
og les meg frampå om Gran Canaria....

....iallefall så lenge augene held seg oppe.
Stiller klokka slik at eg vaknar 
og får stæsja meg før eg utkvilt og opplagt 
hiv meg i bilen
og unner meg junkfood til middag
og kooooosar meg glugg i hjel på strikke-kafe
ilag med dei flottaste damene på heile Hadeland:-))


Nei truru je harre fint æll

Klem frå Haugsbakken

tirsdag 31. januar 2012

FERDIG.....med første del

I går var den store avslutningsdagen
siste dag med cellegiftkuren FEC100.
Eg våkna tidleg og kjende på kvalmen
lenge før eg skulle avstad.
Er nok mykje av biverknadane som sit mellom øyra....
Men med ein god frukost 
og ein liten "roe-seg-ned-drops" innabords
bar det til Kreftpoliklinikken på Gjøvik
Først blodprøve
for å få sjekka at imunforsvaret var godt nok.
Så å vente ein times tid på at legen kunne gje klarsignal og bestille kuren.
Og eg kunne ta første kvalmestillande tablett.
Vel påkopla gjennom VAP 
vart behandlinga satt i gang.
Først litt saltvatn
Så kvalmestillande
Saltvatn
F-kur
Saltvatn
E-kur -den raude og mest giftige - som gjer at eg tissar raudt eit par dagar....
....og må skylle ned to gongar etter dobesøk:-))
Saltvatn
C-kur
Så avsluttning med Saltvatn før eg vart kopla i frå.

Fine englar i kvitt henta både raud saft og brødskiver undervegs
til ein pasient som låg der med blanda følelser.
Og den gode kjærasten min sat tolmodig på ein pinnestol og goprata med meg.

Vel ferdig er eg skikkelig "tommelomsk"
finn nesten ikkje att verken doen eller kleda mine.

Så inn til legen som vil snakke med meg-
-forklare meg vidare behandlingsforløp.

Neste veke er det hjartetest
for å sjekke at blodpumpa virkar som den skal
at ho ikkje har teke skade
og at ho er klar for neste steg i prosessen.

Herceptinkuren - antistoffet som skal
ta knekken på dei eventuelle tulle-cellene som kan ha funne ut 
at dei skulle vandre ut i kroppen min.
Den behandlinga startar med "oppladdingsdose" på 6 timer
om tre veker.
Og så blir det tur til Gjøvik kvar 3.veke i eit år framover
for ei lita påfyllingsdose på ein halvtime-
-ja om hjertetestane kvar 3. månad gjev klarsignal for det.

Nokre dagar etter det kan eg trygt reise ein tur til varme strok-
med sol, strand, spa og fine turar i varmen.
Då rekk eg akkurat heim og får starta med Tamoxifen - Antihormonet
som skal senke østrogen nivået mitt og gjere sjangsen for tilbakefall så liten som mulig.
5 år med tablettar med bivirkningsliste så lang og vanskeleg at ein kan bli mørkredd.
Den verste er nok hetetoktene sidan overgangsalderen kjem brått og brutalt-
-og muskelsmerter og leddsmerter....
....akkurat som om ikkje eg med Fibromyalgi har nok av dei frå før.....

Innimellom alt dette skal eg ha faste kontrollar
for å sjekke ut at det ikkje veks noko tull nokon stad i kroppen min.

Idag er forma god
forundeleg god
eg har ete godt (det gjer eg no igrunnen ganske så ofte eg då...)
Eg tygg kvalmestillande drops etter ein nøye planlagt timeplan
Huskar å ete youghut med Husk i 
passar på å ta dropane som skal halde magen igang
(hmm er vist komt i den alderen at dette er eit naturleg tema - har du vore på do i dag- hehe)
Kosar meg i soffan med PC, te, farris og berre hentar meg inn.

Eit langt lerret å bleike tenkjer du nok....
....og det tenkjer eg og.......

Men tenk kor heldig eg er 
som bur i Norge
som får alle desse tilboda
denne massive etterbehandlinga.
Legen gjev med alt det ho kan kome på 
for å lette bivirkningane mine
no dei fyrste dagane etter kuren.

.....og så er det no på ingen måte sikkert
at alle dei bivirkningane som er forespeila slår til heller då...

Det er no lov å håpe.

Klem får soffakroken på Haugsbakken


søndag 29. januar 2012

Det står til livs.....

"Long time no see"
er det noko som heiter- 
-og her inne har det ikkje blitt mange oppdateringane i det siste.
Men det står til livs...
på ein måte
- på den måten ein kan forvente 
med ein langvarig giftkur
som snart er til ende.

No merkar eg godt at eg
har vore igjennom ein hestekur.
Energien er ikkje på høgnivå for å seie det slik
Eg er sliten og litt lei
Hetetoktene held på gjere meg litt smårar....
....her eg går rundt som eit trafikklys - og lyser raudt i tide og utide.
Men eg har gode unnskyldningar for å investere i nye ulltrøyer - 
- ikkje så gale at det ikkje er godt for noko heiter det vist:-))

I helga har eg kosa meg
Vore på årsmøtesamling i Skien
der Fallskjermveteranar har vore samla 
til god mat og litt god drikke.
Eg har hatt det kjekt
men gleda over turen blir litt avstumpa
når eg føler at eg har brukt meir tid på hotellromet 
enn saman med dei andre.
Men slik er det 
når eg blir utmatta av dei minste utskeielser......

I morgon er planen at eg skal ha siste cellegiftkur
og no merkar eg at eg grugleder meg.
Gled meg til å verte ferdig med denne forgiftinga
Grur meg til veka som kjem
med alle bivirkningane og heitetoktene - 
- som kjem til å kome som perler på ei snor.
Men når eg ser attende
sjønar eg nesten ikkje kvar tida har vorte av
Så langt fram som eg følte det var i oktober då eg starta
og no er det snart over.

Men eg har gulrota mi
og er begynnt så smått å planlegge.
Var innom "veteran" Stig på 
utsalget til Friluftsmagasinet
og fekk meg tak i nye Spotec sandalar.
Eit par artige luer fant eg og på salg i Skien -
kan vere godt å ha over den nakne skallen når vi reiser til varmare strok.
I morgon er det Medicus på Gjøvik som får besøk
Håpar dei har badetøy for store damer med lauspupp:-))



Og no når soffan vil få mykje besøk nokre dagar,
har eg skaffa meg litt lesestoff.
Halve turen er god planlegging tenkjer eg
og har planer om å "drøyme" meg bort
i veka som kjem


Vart vist litt "syting" dette her
men det gjer litt godt å få delt-
-delt at livet er ein dans på roser
også når ein må gå over tornene.
Men litt lenger oppe på stilken 
skimtar eg dei flotte mjuke kronblada
i form av varm sand
svalande vatn
eigen veranda med utsikt over havet
og tid til glede 
ilag med min gode ven og kjæreste.

Eg må berre ha litt tolmod
så dansar eg barbeint i sola snart......

Klem frå meg
som snart har gått mitt livs lengste "tur"

tirsdag 17. januar 2012

På Jaren-isen for fyrste gong

Skodda låg tjukk over Jaren idag
men ei stund før sola gjekk ned
letta det opp og eg og kjærasten
kjende for å gå oss ein tur.

Eg hadde lyst å gå ned mot Jarenvatnet
der isen no ligg tjukk og snødekt.

Ei ny tur rute for meg
ein veg eg ikkje hadde gått før.

Med 8 blå
sol og blå himmel
kledde vi oss godt
og la i veg.

Sola var lavt på himmelen
bak rimfrosne tre.


Ut på isen med ein litt rar følelse-
- vil den halde meg
Kjærasten som er vand med isen
berre ser på meg og gliser i sjegget:-))


Han har kjøyrd bil på isen
Han har hoppa fallskjerm på isen
Han har floge opp med fly frå isen - 
rett nok for fleire år sidan -
-men han kjenner staden og forholda
Og så skulle den liksom ikkje halde oss to:-))

Men slik er det når ein ikkje er vand å ferdast på is
men med kjærasten med på tur kjende eg meg trygg
der sola sende lange skuggar av oss bortover mot land.


Med målet i sikte -
- langt der borte går elva ut av Jarenvatnet
og renn nordover
ned Viggadalen mot Brandbu
Røykenvika og Randsfjorden


Ein skal kanskje ikkje sjå seg tilbake
men slik fin natur må ein få med frå alle kantar - 
- og jammen er det ikkje berre vi som har gått isen.
Det har nok gått nokre sørover mot Gran også
og langt der borte er det ein annan som er ute på tur også.


Mot sørvest er sola i ferd med å gå bak Granåsen.


Det er fin trim å gå på upløygt is
og sjølv om det var kaldt ute
vart det etter kvart godt og varmt inne i dunjakka og under pelshua.


I strandkanten står stråa
kalde - frosne og vakre.


Inn i buskaset
og inn på trygt land.


Vi kom trygt over isen 
og heim til ei varm stove.

Min første tur på Jaren-isen
gjorde godt for både kropp og sjel...
....der eg gjekk og smilte for meg sjølv heile tida.

Ei god stund berre vi to ilag:-))

mandag 16. januar 2012

Reisepremie

Endeleg ein nokonlunde heilt bra dag
Det har vore tyngre denne gangen
etter 5. kur.
Dei to første dagane var litt som sist - 
men så endra det seg brått.
Har vore meir konstant småkvalm
-og med den ekle metallsmaken i nasen - ja i nasen

Heitetoktene har omtrent lamma meg innimellom - 
før frostriene har innhenta meg.
Alle kjenner vel til den følelsen
ein får når ein har vore ute og verkeleg svetta ut
- då går det ikkje lenge før ein frys og ikkje vert varm att før ein har dusja og fått på tørre klede.
Men med heitetokter med halvtimes mellomrom
er det liksom ikkje berre å dusje kvar gang for å få att varmen heller......
....godt at lageret av ulltrøyer er stort....

Har plutseleg fått følelsen av total utmattelse
og sovna både på soffan og i stolen fleire ganger.
Stakkars gode kjærasten min 
han har nok vore litt bekymra for meg denne gongen.
Det er ikkje enkelt å vere pårørande og ikkje heilt vite kva ein skal gjere til beste
for den som berre sovnar bort
sveittar og frys
blir lite pratsom
irritabel og grinete.
Eg er så uendeleg takksam for at han er her
og har tolmod med meg
trøstar og muntrar opp
og køyrer etter "takeaway" mat når eg finn det for godt at det er det eg vil ha.

Men eg har kome gjennom dagane og nettene
eg har hatt matlyst
og vore ute på tur
på strikkekafe
og varmtvannsbading
som tidlegare....
....men eg kjenner at det har "kosta" meir 
å prøve å leve som vanleg
denne gongen.
Og så veit eg at eg er ikkje den som har det verst
det er mange andre som har det mykje verre under slike giftangrep som eg har hatt.
Eg har trass alt ikkje spydd ein einaste gang.....bank i bordet.....

Og NO ser eg slutten
enden i tunellen
Eg har diskutert vidare behandling
med antistoff og antihormon med legen min.
Og om to veker er eg klar for siste kur
og då er det ikkje lenge att før eg kan realisere
Reisepresangen vår

For det er heilt vanleg å få premie
når ein har vore flink enten hos tannlegen eller doktoren - så det så....








Det er vel ingen som tvilar på at eg gler meg 
til å innta denne terassen og kose meg på dette hotellet
om nokre veker.

Snakk om gulrot:-)))