Vinterhav

Vinterhav

mandag 21. mai 2012

Vårprosjekt og Natur-Nasjonal-tur

Tittitt 
her er eg igjen :-)
Har vore så opptatt sjønar de
at eg har ikkje hatt tid til verken å blogge eller lese noko særleg hos andre.
Eg har vore så opptatt med LevNO prosjektet vårt
og dei andre vårprosjekta våre.
Og når kvelden har kome 
ja så har eg rett og slett vore så sliten og trøytt
at eg ikkje har orka å surre så mykje her inne i denne bloggverda.

Her hos oss brukar vi å kjøpe veden ferdig kløyvd og rå
om våren.
Det har gitt mykje varme allereie.
Mykje varme, stive musklar og sår rygg...
...men sjå berre her...
....no er alt stabla og lagt under tak
slik at sol og vind kan tørke den gjennom sommaren.
Så vert det ei ny runde til hausten -
- når den skal flyttast inn i skålen.
 

Så var det garasjen då.....
Fin og svart har den blitt med tjærelin på veggar 
og kvitmaling på døra.
Må nok berre melde om kneskjelv i stigen
og vonde fingrar etter kvart som den jobben skreid fram.
Men fint vart det - om eg så skal sei det sjølv:-))


Så var turen komen til terassen
Ikkje så få kvadratmeter skulle vaskast og oljast på nytt.
Både frosen, stivbeint og rygglaus....
....men no skin den så fint og vatnet prellar av i store dråpar.


Mange tunge tak har det vore
for å få i hamn vårprosjekta.
Men vi har kome i mål
med små arbeidsykter avbrote av mange små pauser i solveggen
med kaffikoppen og god prat.

Eg set så stor pris på at vi er ferdige
og at vi fekk gjort jobben sjølve-
vi to som går her med kvar sine sjukdomsplager.
Så tenkjer eg at det er godt at vi ikkje veit kva som ventar oss....
....hadde nokon fortalt meg kor nedsett eg skulle bli av alle medisinane i fjor på desse tider...
....ja då hadde eg nok mist motet.......

Men.... sååå....
 
......så vart det tid for tur
Natur-nasjonal-tur
trur eg at eg vil kalle det.
Vi tok laust på 16.mai -
-pakka i bilen
og reiste på måfå.
Fant oss ein plass ved eit vatn og sov over til den store dagen.
17. mai - litt ut på dagen
parkerte vi ved vannkanten - 
etter å ha reist gjennom eit stykke Telemark
uten is
uten kake
uten tog
(og utan bunadstas og findress)
Berre meg og kjærasten
i fred og ro
langs stille 17.mai vegar.


Etter ein god middag
eit glas kvitvin
og barnetog på TVèn
var det denne utsikta vi såg 
før vi stengde døra og tok ein tidleg kveld.
I slike omgjevnader 
fekk vi sove i fred og ro
med berre fuglane som musikk.


Så tilbake til sivilisasjonen
og stor boogie faktor.
Parkert ved sovevogna
hos Grenland Fallskjermklubb i Skien.
Her var det samling av gamle og unge fallskjermhopparar
(og nokre som ikkje hoppar - men berre går rundt og pratar tull)


Fallskjermklubben har investert i nytt fly-
LN PER
som vart skikkeleg "døypt" i champagne
av Skiens ordførar
som forøvrig gjorde sin entrè 
i tandem fallskjerm.
 

Rett ei fin langhelg har det vore og eg.....jau....
.....eg kjenner eg er takknemlig 
for at vi er to - to ilag om både kvardag og helg.

Sidan sist har eg vore på 6 månaders kontroll
og legen syns ting ser fint ut.
"vi har tenkt at du skal bli heilt frisk" sa han - ok kar han legen igunnen:-))
Førre veka var eg å testa hjertet rutinemessig sidan eg går på Herceptin 
-og mugatesten var ikkje heilt fin....
vart litt bekymra då....
....men ultralyden i dag viste gode resultat og eit hjerte som har bra funskjon.
Så dermed fekk eg fortsette med den viktige Herceptinkuren
iallefall nokre veker til.

Så får vi ta det derifrå

og berre fortsette med LevNO prosjektet vårt.

Klem Jannetove

tirsdag 1. mai 2012

Sola skin over Hadeland

Sola skin over Hadeland
og eg har fleire gode dagar enn dårlege.
Kjellertrappa er reinska for hybelkaniner
etter at eg har brukt ein god del tid 
med å krabbe der nede i det siste.
Biverknadane og etterverknadane av medisiner og Cellegift
slo meg heilt ut både fysisk og psykisk.
 
Men no er dagane litt lysare.
Nokre av biverknadane er i ferd med å gje opp
og eg føler at kroppen sakte men sikkert
begynner å våkne til liv att.
Sjølvom eg ikkje har så mange krefter for tida
får eg likevel gjort litt.
-Puslar med litt husarbeid
-Går ein tur
-Deltek på strikkekafe
-Engasjerer meg i Fibromyalgiforeninga sitt arbeid...
....ja eg har endatil bestått eit enkelt livreddarkurs i bassenget.

Det store prosjektet for våren her på garden er
Beising av garasje....
....tungt arbeid som vi nok må bruke litt tid på
men med tida til hjelp
og i godt lag
får vi gjort litt kvar dag - eg og kjærasten.

Og så har vi tid til å kvile når vi treng det.

Vekene er prega av "fast abonnement" på Helse Sør Øst
Gjøvik, Hamar og Lillehamar - godt kjent der etterkvart.....
No er det snart tid for 6 månaders kontroll etter operasjonen.
Kjenner at eg begynner å merke spenninga - 
- ei spenning eg nok må leve med resten av livet.
For dette er berre den første kontrollen i ei lang rekke av kontrollar eg må gjennom i åra som kjem.

Men tenk på kor heldig eg er som blir kontrollert -
- eg er inne i eit system som har planer om å halde meg frisk
- og som tek vare på meg 
- passar på meg
- som skreddarsyr eit tilbod berre for meg.

Sola skin over Hadeland
og det håpar eg ho har tenkt å gjere framover og.

jannetove