Vinterhav

Vinterhav

mandag 31. oktober 2011

Ein fin dag med finaste venen


Å for ein nydelig morgon - 
- det er så godt å våkne til ein slik soloppgang og vite at dagen ligg 
blank og fin framfor ein.
Så fint å nyte min varme kaffi og sjå at 
"Nordens Toscana" 
 vaknar til liv
- sjå dei første strålane av haustsola
farge siluetten av Systerkyrkjene
- då kjenner eg at eg lever og at eg lever godt


Og dagen i dag skulle brukast godt -
eg hadde avtale med Rosalis -
mi nye veninne frå Den Domunikanske Republikk
Ei vakker, snill og sprudlande dame
- som har tatt steget ut i den store verda 
saman med son sin og blitt Frua til vår gode ven - Dag
Eg har gleda av å bli kjent med ho
og vise ho litt rundt i "min" skog


Skal tru om det er kaffi å få her
-bank bank - ingen heime



To blide damer 
på tur i haustskogen.

Takk for turen kjære du:-))

jannetove

søndag 30. oktober 2011

Skomaker - bli ved din lest......

Eg er ingen stor helt på kjøkkenet
og ikkje den som bevegar meg 
så langt bort frå det kjente 
og det som eg etter mange års trening har blitt litt god på.
Men her ein dag fekk eg
ei kake - ei "godbedringkake"
av ei god veninne og nabo - Ingun
Den eplekaka var 
den beste eplekaka eg nokonsinne
har smakt og heldige meg fekk oppskrifta.
Men tru no ikkje at eg kunne få den til slik
som Ingun hadde klart....
.....mi vart altfor høg
altfor tørr
ikkje lav, fyldig og litt marengsaktig seig 
som modellen......


Så medan eg var i gang og ånda hadde kome
over meg leita eg opp innlegget til
som beskreiv nydlege urterullar
med cottage chese og urter....
...full av energi sett eg i gang
men heller ikkje desse likna på orginalen.....



Men gode vart dei - 
og kaka kan nok sikkert etast varm med litt is til:-))

Bedre lykke neste gang.....Ingen grunn til surving her
for kjæresten har bede meg ut på middag i dag
Så folkens....eg lir inga nød
God søndag

fredag 28. oktober 2011

Styrke

Eg har mange gangar stått på sidelinja og sett
folk oppleve vonde ting og sagt
at dersom det var eg som hadde opplevd "det" eller "det"
så ville eg nok ikkje klare å takle det

Eg har mange gangar opplevd "det" og "det" 
og eg har takla det kvar gang-
-på min måte
Når vi menneske opplever vonde og vanskelege ting
får vi ofte ein styrke til å kome gjennom det som vi ikkje var klar over at vi hadde
Dette veit eg avdi eg sjølv 
har blitt så overraska over at eg har klart meg så bra gjennom
vanskelege stunder
og at eg har kome styrka og tryggare ut i andre enden

No er eg inne i ei slik tid
-eg fekk ei kreftdiagnose
Så har eg altså atter ein gang opplevd "det" som
eg har trudd eg ikkje ville takle......

Då er det så inderleg godt å kjenne på 
at naturen atter ein gang har gjort jobben sin
Eg kjenner at den styrken eg treng for å kome igjennom dette
har blitt tildelt meg 
-i akkurat passe mengd og til akkurat rett tid

Eg veit at eg vil vere i ulage i dagane etter ein kur
Eg veit at eg vil vere i ulage i dagane før ein kontroll
Eg veit at det vil vere dagar eller stunder 
der eg vil ha føling med kjellartrappa....
.....men eg veit også at loftstrappa står like ved......

 ona fyr i solnedgang -09

Her er tankane mine 
skrive ned i eit dikt 
sist eg var i ei vanskeleg og vond tid...
...alltid like aktuelle.....


VEIEN VIDERE
Jeg står her alene, forvirret og rar
Lurer på hvilken veg livet tar
En sorg i hjertet så hul og sår
Bare Gud vet hvilken veg det går

Jeg står her alene, forvirret og rar
Og vet at livet gir og tar
Jeg vakler et skritt, stopper og ser
Gi meg glede Herre, jeg ber

Jeg står her alene, forvirret og rar
Kjenner jeg kan smile av det som var
Jeg fylles av glede og livs - energi
Jeg har da så mye, mye å gi

Jeg står her alene, stolt og glad
Jeg ble hørt da jeg bad
Jeg kjenner at gleden vil komme en dag
Og på nytt gi meg styrke og velbehag
jannetove -09
Så vil eg takke alle dokke som har vore innom meg 
og lagt att gode og oppmuntrande ord
- alle de er med på å føre meg nærare loftstrappa
Velkomen også til nye fylgjarar

God helg 

Jannetoveklem

mandag 24. oktober 2011

Giftangrep og draumeland

Ei veke har gått sidan giftangrepet
og eg kjenner at kroppen min reagerer på kuren
Ikkje slik at det er "stakkars meg" og "huff og huff" -
- Nei eg kan godt leve med det, og enn så lenge tenkjer eg vel mest at 
det er litt spennande å fylgje med på korleis eg og kroppen min taklar dette angrepet.
Innimellom føler eg nok at eg er litt fanga i min eigen kropp - 
stengt inne bak eit gjerde - eit gjerde som det vil vere muleg å kome gjennom til slutt, 
men som eg må bruke tid på å kome over


Håret er livlaust og daudt
det dukkar opp kviser som på ein tenåring
Huda blir raud og varm innimellom
og småkvalmen innhentar meg om eg ikkje passar på å ete lite og ofte
Dei første dagane herja smertene kroppen-
-det var akkurat som om Hr Fibro protesterte heftig 
der han tok sats og herja heile kroppen slik han aldri har herja før
Og så heitetoktene.....som eg hadde fått slik god hjelp for
No er dei tilbake og set fyr på heile meg innimellom

Men det er natta som er mest underleg og spennande
der eg brått vekslar mellom tung søvn og lys våk-
-nattlege vandreturar for naturen sin del
og ei fantastisk draumeverd
Det er spennande å bevege seg i så heftig draumeland
og samtidig huske draumane klart idet eg brått er våken
Og så er det fint å ligge lys våken ei stund
berre å lytte til natta og den tunge rolege kjærestepusten-
-fundere over livet
-tenkje dei gode tankane
-tenkje dei vonde tankane
-få satt ting og tankar på plass
før eg slumrar av og på ny tek ei stund i eventyrland


Akkurat no kjenner eg at det er godt å bruke
tid på å gjere berre det eg vil
-berre hente krefter
-og å lære meg den dansen eg dansar no:-))

jannetove

søndag 23. oktober 2011

Ein dans på Roser

Å danse på Roser
Mjukt over raude kronblad
Forsiktig over grøne blad 
og lange stenglar

Men pass på
Ei Rose har også torner
Som ein må danse på

Å danse på ei Rose
Er som å danse i livet
Sorglaust og fint
Men også vondt og vanskeleg
Der gleda og sorgen
Går hand i hand

Livet er ein dans på Roser


jannetove - oktober 11

torsdag 20. oktober 2011

Innehuer

I natt kom den føste snøen 
her hos oss. 
Det var berre så vidt det var eit lite
melisdryss
men like fullt den første snøen.

Etter kvart vil det nok bli vesentlig meir
og mykje kaldare enn dei 3 blå vi hadde i dag tidleg.

Og det vil melde seg eit behov for 
varme gode klede
ikkje minst hovudplagg
til eit hovud som mest truleg 
er aldeles hårlaust.

Kjenner at eg er litt oppøst 
over at eg skal misse håret...
...blir ein heilt ny opplevelse å 
sjå seg sjølv utan hår...

Men eg ser også at eg er 
heldig som veit at eg vil få att håret
når kuren er over....
....det er nemleg ikkje alle som er like heldige....

Eg likar å vere budd når ting skjer
så parykken er bestillt
avtale med frisør for å rake bort alt når hårdottane 
startar falle av er gjort
Og i går var eg ei runde
og såg meg etter nokre "innehuer"
Eg enda opp med nokre "halsar" frå Devold ala "Bøff",
som eg kan forme litt slik det passar meg den enkelte dag.

Men rundt om sit det kanskje nokon som 
veit om nokon
som lagar
artige innehuer
for kvinnfolk uten hår....
....og fekk eg eit tips så ville det vere spennande.

Men skulle det blir så kaldt som på bildet
under her....så må ein nok fram med skinnlua
og dunjakke
Ved Randsfjorden vinter 2010

Grip dagen du og slik som eg har valgt å gjere...

klem

tirsdag 18. oktober 2011

Det første steget

Det er svarte natta ute
det bles og regnar
skikkeleg vestlandsveir
- eg er våken
-og nyt roa i eit nattstille hus

Spenninga over den første kuren
har lagt seg
Det første halve døgnet
er over


Timar med spenning
venting
informasjon
påfyll av medisiner
mot kvalme
mot ansgt
mot smerter
bestilling av parykk....
....ja for det var som eg trudde...
...håret kjem til å falle

Timar heime
med ein kjærest som 
lagar middag
som lett bekymra kastar blikket på meg
for å sjekke om eg har det bra
Som fylde meg inn i natta
med sine sterke armar rundt meg

Søvnen har vore bra
til tross for sveittebad
og halvvåken forvirring
Men no måtte eg opp
naturen krevde sitt
og kroppen ville ha fleire "drops"

Tankane er gode her eg sit
og nyt blesten og regnet
og veit at det er lite eller inkje som krev meg
desse dagane
At håret skal falle
tenkjer eg er litt spennande
litt rart
korleis vil eg sjå ut
utan hår
Det er godt muleg å finne noko positivt med det -
- eg slepp kostnader til dyr shampoo
-eg kan berre ta på ei lue og gå ut - uten å tenke
på morgonsveis
på luesveis
I grunnen er det mange positive ting 
å finne
om ein bestemmer seg for at det er slik ein vil tenkje.....

.....og dessutan.....

Dropsa virkar - så no er det natta igjenn:-))

jannetove

søndag 16. oktober 2011

Tru på ei framtid

I dag er det Søndag
det er Sol
og det er Siste dagen
før eg skal starte på Cellegift

Eg føler at eg er litt i Skuggelandet
akkurat no
Men når eg lyfter blikket 
og Ser framover
så ser eg at eg kjem
ut i ope landskap
ut i Sola 
langt der framme


Eg må nok innom 
nokre mørke parti før
eg er heilt framme
Men tek 
eg eit steg om gangen
og kviler litt på vegen
så kjem eg nok fram til slutt

Dagen i dag 
burde eg nok bruke ute i sola
gå meg ein tur å kjenne på den friske lufta
Men det gjer eg altså ikkje
eg brukar den på noko som eg syns er mykje meir spennande
og meiningsfullt

...eg ryddar i boda
og eg ryddar i rommet der trappa går ned i kjellaren

Kva er vel så meiningsfullt med det
spør du kankje...

I boda skal det settast inn ei dør
slik at vi gjennom den mørke vinteren
kan gå rett ut i vedsjulet 
uten å måtte gå utomhus

Og trappa til kjellaren skal
bort 
der skal det kome eit ekstra gjesterom
slik at vi får plass
til fleire gjester

Så då sjønar de vel 
at dette er meiningsfullt

....og framtidsretta:-))))

torsdag 13. oktober 2011

Mykje fint å få i plast

Om eg fekk velge - ja så ville eg nok velge den ekte
men det toget har gått
og då er det fint at alternativa slett ikkje er så verst.

No er "han" komen i hus
ja for det må vere ein "han" trur eg
"han" har iallefall lyseblå seng
som "han" skal sove i kvar natt

Men om det no er han pupp eller ho puppa
så spelar det lita rolle
Denne dingsen som har lyseblå seng og 
eiga lomme i BH`en min
kjem til å vere ein del av meg framover
og eg er blitt glad i "han" allereie eg:-)


Så utruleg mykje meir behageleg 
å vere ven med enn den uformelege vattdotten
som eg fekk i starten.

I tillegg til denne venen her 
har eg krav på å få enda ein
heilt gratis endatil
Hr. Staten seier at kvinner har rett på to puppar
ja to....
.....ein til kvardag og ein til selskap?
Nei ein i reserve heiter det visst
i tilfelle ein blir øydelagt
eller eg misser ein....

Og så er det slik at 
dei finst i litt forskjellige variantar
nokon til å ha i lomma i BH`en
andre til å lime rett på huda
....ja og så i mange forskjellige størrelsar då...
...men eg tykkjer det er greit at "han" er omlag 
like stor som naboen...


Så heretter er det slutt på 
å gå på lavpriskjeder for å få klede til denne
kameraten
Spesialklede må til må vite
med lomme og god støtte
og dei er også å få i alle variantar
både med blonder og utan blonder
heilt ordinære og heilt spesielle
sportsutgåve, til å bade i og til å sole seg i

Så det står ikkje på utvalget...

....og prisen på herlegheitene....
..den treng vi kanskje ikkje prate om 
for det er ikkje gratis...
blir mest som å betale for 3 og få ein

Men gode vener fortjener 
at ein tek godt vare på dei
så får no prisen berre vere det den er

Ha ein flott dag der ute - det har eg tenkt å ha
Klem jannetove

tirsdag 11. oktober 2011

Lita tue velter stort lass.....

Når ein er høgt oppe 
er fallhøgda så stor
I går ramla eg utfor...
....og det føltest høgt.

Ingen ting er endra
kreften som er operert bort er like stor eller liten
lymfene er like friske
prognosane like gode...

...det er berre behandlingsopplegget
som har fått ein annan veg.
Faktisk ein meir "normal" veg

I staden for å la motoren gå på tomgang
er det bestemt av vi skal gi full gass.
Først cellegift
så stråling
så hormontabletter i 5 år

Alt dette fordi ein verdi
av ei enkelt prøve
var så vidt utanfor den firkanta ramma
for tomgang.

Ja eg ramla utfor
eg kjende eg datt - susa avgarde
utfor fjellet....
...men til all lukke så hadde eg fått på
fallskjermen

Den gode favnen til kjæresten
som hjelpte meg å sjå det positive
- i at eg får ekstra god etterbehandlig
- som kunne fortelle meg at vi skal takle dette ilag

Som heldt rundt meg
og gav meg varme når eg fraus
som fungerte som min fallskjerm då eg rasa utfor.

Så blir tida med etterbehandling
litt lenger enn eg først trudde
Då får eg tid til å lese gode kokebøker
Då får eg tid til nye strikkeprosjekt
Då får eg tid til å rusle ein tur midt på dagen
Då får eg tid til å bruke tida på meg sjølv
tillate meg å vere litt sjølvopptatt
Då får eg kjenne på at livet er her og no
ikkje i går - ikkje i morgon - berre no.



Ei spennande kokebok
første resultat vart ikkje slik eg trudde - 
men eg har tid til å prøve fleire ganger eg


Gian`s genser
endeleg ferdig
slik at guten frå andre sida av jorda
har litt ekte norsk ull å ha på til vinteren


..og den vart slik eg hadde tenkt
og i går kveld når Gian prøvde den 
ja så vart han akkurat så fin som 
eg tenkte han ville bli.


Positive tankar og klemmar frå jannetove

fredag 7. oktober 2011

Nokre sekund av livsdagen

Av og til må vi stoppe opp
i livet
bruke litt tid på 
å tenkje oss om

Sju månader i mitt 
liv
Ikkje så mykje
i forhold til over 50 år
Men....
Ein halv vår
ein heil sommar
ein halv haust



REDSELSMÅNADER

April med gode stunder
sorglause tankar

Mai med ei gryande uro
varierande  tankar

Juni med tydlege teikn
Bekymra tankar

Juli med prøver
tvilande tankar

August med uendeleg venting
og angstfulle tankar

September med vissheit
alvorlege tankar

Oktober med svara
jublande glade tankar


Frå bøljetopp
gjennom bølgjedal
til neste bøljetopp

Det er nett det som er livet
nokre gonger storm
andre gonger stilla

Erfaring og lærdom fyl oss gjennom livet

-jannetove- 11

torsdag 6. oktober 2011

Frå mørke dalar til høge fjell

I dag morgon då eg vakna
kjende eg på at
nervane låg på utsida av kroppen
Det var vanskeleg å vere morgonblid
det var vanskeleg å kome i gang
Turen til Hamar og legebesøk 
var uendeleg lang
og magen vrengte seg fleire gangar

Tankane kretsa om spredning, cellegift og det som verre er
Etter kvart som vi nærma oss 
vart eg stillare og stillare
og vel framme på sjukehuset
føltest det som om føtene 
ikkje kunne bære meg.

Kva ville dommen vere
ville det vere spredning
ville eg måtte opererast på nytt
ville eg måtte ta cellegift
Tankane var mange
og tankane var vonde

Så endeleg inn på kontoret
til legen som opererte meg for 3 veker sidan
Han smila lurt og kunne fortelle meg
at lymfene var heilt friske
eg skulle sleppe cellegift
men ein strålekur ville han 
nok anbefale sjølvom
han var trygg for at det ikkje var noko tull att i kroppen

Eg kjende kor gleda bobla
smilet kom tilbake
hendene slutta å skjelve 
og magen fall til ro

Dette går nok aldeles bra sa han
du har ingenting å frykte
du skal berre sjå framover
og glede deg over livet...

....sa han - den flinke og koselege svenske legen
som har hjelpt meg 
med å få bort "styggedomen"

Så no seier eg takk til legen
til sjukepleiarane
til kjæresten
til borna
til slekt og vener
Til alle som har tenkt på meg
til alle som har sendt meg gode tankar
til alle som har sendt meg blomar
og til dei rundt meg som har 
støtta meg no når eg trengde det så veldig

Så sender eg ei takk til høgare makter
for at kroppen sa i frå i tide
for at teikna eg fekk
vart oppdaga
tidsnok.

Så tek eg på meg lette sko
og ruslar vidare i livet
ei vond erfaring rikare
Ei erfaring eg ikkje unner nokon
men som har gjort meg
til eit tryggare og sterkare menneske

Så tek eg på meg lette sko
og vandrar vidare og ser lang lang
framover


Så håpar eg på at 
dagane framover
blir heilt vanlege
heilt kvardagslege 
og berre gode.

-jannetove

Ein engel til glede

Eg hadde ein draum i natt
denne kjære engelen 
datt i golvet
og eg gret av fortviling
no er den nok knust og borte
Men då eg tok den opp 
var den like heil
og gleda vende tilbake


Berre ein vanleg draum
men i dag kjenner eg at den gir meg styrke
eg kjenner at no når eg 
er så spent og engteleg 
for dommen 
eg skal få hos legen på Hamar
kan vere eit godt teikn

Eit fall i fortvilelse
behøv nemleg ikkje bety
undergangen

Så reiser eg til Hamar
med tru og håp
og prøver å leve i nuet
også denne dagen

Ingen har sagt at det er lett
men det er verdt eit forsøk

-jannetove-

onsdag 5. oktober 2011

Å oppdage i tide???

KULEN

Handa stryk varsomt
Forsiktige  rolege bevegelser
Leitar og søkjer på kjende stadar
Varm – frisk hud
Trygg på å finne linjene
Slik dei har vore  støtt
Leitar og søkjer
Finn roa og gleda
Ser at alt er kjent og uforandra
Så plutseleg
Skrekken og redsla
I det som er framandt
Der er han
Kulen i brystet

Jannetove-11

Bildet er lånt frå Rosa sløyfe

Oktober er Rosa - tek du utfordringa og støttar
denne aksjonen?

jannetove

søndag 2. oktober 2011

Bevisste valg


Det er godt å koma heim etter ei helg på tur
Denne helga har eg og kjærasten vore
i Hemsedal og sett på Fallskjermhopping frå helikopter
Stemninga var stor, veiret var heilt utruleg flott og 
vi har kosa oss med bilturar, gode samtalar på hoppfeltet
og ein kjekk kveld på oktoberfest.

Vi har tatt eit bevisst valg på å kose oss i helga
og det har vist seg å bli ein suksess.
Alle tankar rundt sjukdom 
la eg att heime og eg kjenner på at i helga har eg 
Gripe dagen og levd.


Vær bevisst!

Vær bevisst dine tanker
for de blir til ord.

Vær bevisst dine ord
for de blir til handlinger.

Vær bevisst dine handlinger
for de blir til dine vaner.

Vær bevisst dine vaner
for de blir til din karakter.

Vær bevisst din karakter
for den blir din skjebne.

Vær bevisst!
"buddah"

Ein av bilturane gjekk til Mørkedalen
på vegen over Hemsedal
Her hadde familien til kjærasten 
hytte før i tida og han har mange 
gode minner frå staden
Å vandre slik på "gamle stiar" 
er alltid sjelebot
og når haustsola varmar landskapet slik 
som på laurdag - blir det ekstra godt

Mørkedalen 1.10.11 

Eit av høgdepunkta var då to fallskjermhopparar 
gjorde dette stuntet.
Her ser vi ein person på line høgt over bakken
samtidig som fallskjermhopparen 
swooper under lina i det han går inn for landing.
Nesten som å vere på sirkus.....


No når eg er vel heime og merkar at
influensaen har invadert kroppen min
lyt eg mobilisere nye gode tankar
No blir det teppe, sofakos og varm te
....ei influensa går over
.....så no skal eg berre slappe av 
til eg føler meg bedre.

Ha ein fin søndagskveld og ei flott veke

-jannetove-