Vinterhav

Vinterhav

tirsdag 31. mai 2011

Sol og regn

I dag vakna vi til eit fælsleg regnveir her på Hadeland
- det plaska ned og vaska landskapet og reinska lufta.

Seinare på dagen letta det opp og sola var framme innimellom
det vart så pass til veir at vi orka køyre hageavfall 
på dynga og tenkte at no er det sommaren som kjem.

Men før vi viste ordet av det så rann det av himmelen att
og medan sola er i ferd med å gå ned i nordvest 
er heile verda her farga i eit oransje lys
Solnedgang i plaskande regn - himmelsk vakkert - 

Får meg til å tenkje på den vakre songen som mor mi song til meg så mange gongar......



Fager kveldsol smiler, over heimen ned
Jord og himmel kviler, stilt i heilag fred

Berre bekken brusar, frå det bratte fjell

Høyr, kor sterkt det susar, i den stille kveld

Ingen kveld kan læra, bekken fred og ro

Ingi klokke bera, honom kvilebod

Så mitt hjarta stundar, bankande i barm

Til eg ein gong blundar, i Guds fader arm
   
 
Tekst: A. H. H. Von Fallersleben og Peter Hognestad
Melodi: J. Chr. H. Rinck
 
 
 
Solnedgang i plaskande regn over Haugsbakken - 11


torsdag 26. mai 2011

Nye utfordringar

Eg er litt opptatt av Livsstilsendring for tida - kanskje er det panikken som har teke meg etter at eg vart 50 eller kanskje er det rett og slett slik at eg er i ferd med å vekse til.......Uansett årsak så er det opp til meg sjølv å gjere mine livsstilsvalg kvar dag.

Det er på ingen måte lett å gjere slike endringar - sofaen lokkar og freistingane er mange i daglegvarebutikkane. Men så er det desto kjekkare når ein føler at ein lykkast - og det har eg gjort i dag - og det følest godt.

Eg har lenge gått tur i "Kalvedriten" og det har vore utfordring stor nok - men idag kjende eg at det kunne vere kjekt å prøve seg på ein annan veg. Valget falt på Hvalebykampen eller Rånåsen som den også blir kalla - åsen rett aust om byggefeltet der eg bur.  Rånåsen er nesten like høgt over havet som Melshornet heime i Ørsta - men sidan ein kan køyre eit godt stykke på veg - kan det samanliknast med Brekkeheida i høgde og terreng.

Eg starta med friskt mot og med berre meg sjølv og klokka som konkurent - og jammen fekk eg puste og pese før eg var på toppen. Siste kneiken opp var tung for slitne bein og derfor var det lett å stoppe for å ta bilete av lysopninga på toppen.

åhhh endeleg lys i tunellen - Rånåsen -11

Vel framme er det godt å få skue utover Viggadalen og Granåsen - men det kunne med fordel vore tynna ut litt i skogen.

Utsyn frå Rånåsen - 11

Det har vore folk her før - både bålplassen og benken har vore flittig i bruk


Rompekvila på Rånåsen - 11

Stien rett under toppen er det brattaste partiet og tungt å forsere både på tur opp og ned.


Blåmerka tursti Rånåsen -11

Frå utsiktspunktet nordover er det muleg å sjå lenger enn lagt i godt veir.....


Utsikt mot Tingelstad og Randsfjorden - 11

Langt der borte Brandbukampen eller "Brandbærje" som mange her kallar det og Randsfjorden i bakgrunnen.

Randsfjorden med Brandbukampen i forgrunnen - 11

Å få gå slik i skogen på gamle stiar og høyre på fuglelivet i vårskogen er rett og slett sjelebot og gjev meg inspirasjon til å fortsette på min veg mot Livsstilsendringa mi.
- og etterkvar vert nok dette også lette valg -

Lev lurt der ute - jannetove

onsdag 25. mai 2011

Lette valg

Kvar dag når eg vaknar har eg to valg
-  eg kan fortsette å sove bort dagen
-  eller eg kan stå opp.

Står eg opp har eg framleis to valg.
-  eg kan sette meg ned og sture og sutre over livets motgang
-  eller eg kan gå ut med ope sinn og kjenne på korleis dagen er.

Når eg går ut og kjenner på korleis dagen er har eg framleis to valg.
-  eg kan tenkje at dagen kan bli dårlig
-  eller eg kan bestemme meg for at dagen skal bli fin.

Bestemmer eg meg for at dagen skal bli fin har eg mange valg.
-  og alle desse valga er det opp til meg sjølv å styre.
-  eg kan sjølv bestemme meg for at dagane mine skal levast og bli av dei gode.
 jannetove-09

I kveld har eg tatt eit sunt val - 
kesam 1% feitt med krydder og gulrot, sukkererter og stangselleri
- kjempegodt og kjempesunt:-))
 

Ha ein lett og lystig kveld
jannetove

lørdag 21. mai 2011

Knekkebrød og ferjereise


17.mai 2011 er historie og historisk - det var nemleg den fyrste nasjonaldagen
eg feira her på Hadeland og såleis litt spesiell for meg.
Morgonen var ganske fin og vi starta dagen med 
ei runde for å lese russeplakatar. Her er det tradisjon for at russen set opp 
plakatar på forretningane rundt om og mange skuelystne var å sjå i Gran og 
Brandbu i gryotta. 
Etterpå var det heim og skvise seg i bundaden og sjå på det lokale
barnetoget som går forbi rett ned i vegen her. 

barnetoget på Jaren - 11

Vi tok plass under tak på verandaen og såg toget passere - og jammen 
kom det fineveir sigande frå nord. Toget starta i høljregn og gjekk inn til 
forsamlingshuset Marienlyst i strålande sol.

Mr. Haugsbakken i finstasen 17.mai - 11

Dagen etter hadde eg eit par ærend i Ørsta og sette meg i bilen og rulla mot Sunnmøre.
Sondre hadde bestillt knekkebrødhjelp - så då var det berre å sette han i gang.


Røre godt i deigen og fordele den på to plater
- stryke godt utover så dei blir tynne og fine - 


- at resultatet blir litt brendt fyrste gangen 
gjer ingen ting - smakar enno betre då.


Eg er oppvaksen med ferjer same kva retning vi skulle reise
og i dag fekk eg tatt Randsfjordferja for første gang.
Ikkje lange ferjeturen og ikkje store ferja -


- men likefullt ei ferjereise - to bilar var med over frå Horn til Tangen idag.
Turen vår gjekk vidare til Fagernes på kaffibesøk og for å kikke på 
motorsyklar.


No er det snart søndag og då kan det vel kanskje passe med eit bilde av 
Søsterkyrkjene på Granvang - forøvrig ein fin plass å rusle på 17.mai.


Ynskjer alle ein flott mai-søndag

jannetove

søndag 15. mai 2011

Naturperler, vårblomar og glede

Ute ved havet i Lindås ligg ein stad som i mine auge må vere nærast paradis på jord. Eg var så heldig å få vere der i eit og eit halvt døgn i høve konfirmasjonen til tantejenta mi - ei fantastisk ramme rundt ein viktig milepæl i Elise sitt liv.
Etter å ha reist heile vegen frå Hadeland åleine i bil - var det godt å kome fram til denne fine staden som ber navnet Lygra Gjestegård Her skulle vi bo og her skulle sjølve konfirmasjonsfesten stå - og her kunne vi kose oss i godt lag heile helga.

Kveldssol på gamle hus Lygra -11

Temperaturen var fin - nesten sommarleg og kvelden var lun og god med god mat og godt i glaset - og etterkvart viste moder jord seg frå si beste side. Det var mest så ein ikkje kunne tore å finne senga - enn om alt dette vakre var borte neste morgon...

Blomstereng med Lyngheisenteret i bakgrunnen - 11

Men neste morgon kom med same gode veiret og morgonsola glitra så vakkert at ingen kunne klare å sove bort den vakre dagen. Ingen sure miner og ein god og lang frukost ilag med slekt og vener vart ein fin start på dagen. Konfirmasjonen stod i Åsane Nye Kirke og etter ei fin ykt der - vart det nydleg servering mellom gamalt tømmer - og konfirmanten skein i kapp med sola.


Lygra i morgonsol - 11

Men alle dagar har ein ende og snart var sola på hell igjenn over dette flate lynghei landskapet.

Etter at bundaden var snøra av og eit stakkars menneskje kunne puste fritt igjenn, fekk eg og systa ein fin spasertur over heiane i solnedgangen. Her ute var verda stille, lun og vakker - ein einsleg motorbåt høyrdes så vidt i det han tøffa forbi der vi gjekk og fylde batteria våre i kveldssola.

Gamal grind ved Lyngheisenteret - 11

Så langt ute på heiane var det smått med tre og enno var dei få som var der rimeleg nakne etter vinteren.

Einsamt tre i kveldsol - 11

Så - langt om lenge gjekk sola ned i vest og kalla oss til kvile - vi hadde føre oss ein lang dag med køyring heim - kvar til sitt dagen etter.

Livet er fullt av tilfelle - eg hadde nok aldri komt på Lygra om det ikkje var for at ein resturang inne i sentrum var blitt stengd og den einaste naudløysinga låg langt ute på heiane ein stad.....

Solnedgang Lygra - 11

Vel heime att var det snart tid for å plante ut i kasser og krukker til 17.mai. Bjørn Erik har hatt for vane å plante ut raude geranium og blå lobelia - og det er ikkje reint få blomar som går med for å få det som det skal. 7 verandakasser, 6 verandakrukker og 3 andre storkrukker rundt om krev bra med blomar og arbeidslyst.

Men vakkert blir det - raudt og blått rundt heile fasaden på huset.....


Haugsbakken - 11
....sirleg plassert med to raude og tre blå.....

Haugsbakken - 11

.... i kasser og krukker - store og små...manglar berre litt norske flagg no så er vi ferdig pynta til den store dagen.

Haugsbakken - 11
 
Innomhus står det også ein fin bukett på stas - blomehelsinga som kom frå Veteranenes Fallskjermklubb i høve at Bjørn Erik har vore innom sjukehus nokre dagar for å rette opp litt hjerteinfarkt tull.....




Men alt gjekk godt - kjærasten er vel heime igjenn - han er i bra form og legane meiner at han blir god som ny berre han får nokre veker på seg - og det er jammen meg bra......slik at vi framleis kan leike oss vidare på livsvegen.


Songen
Kvar vart songen av…
Songen frå barndomen…
Songen eg lærde av mor…
Songen som fylde sinnet mitt med glede…
Songen i hule dusjrom…
Songen som letta arbeidet…
Songen som  lulla borna i søvn…
Songen som tok bort sorg og angst…
Songen som fylgde meg kvar dag…
Lenge var den borte – eg sakna den sårt
Med deg kom den tilbake og fylde meg opp
No syng vi saman – du og eg.

jannetove - 11


liljekonvall i hagen -11


jannetove

torsdag 5. mai 2011

Skogen "min"

Startar forsiktig, roleg på asfaltveg - høyrer den jamne dunkinga av joggeskoa på det harde underlaget - kjenner den kalde vinden som trengjer gjennom ulla, men veit at det ikkje varer ved.

Ikkje så langt - berre eit lite stykke nedover vegen - så over på den knasande grusen og her startar stigninga. Forsiktig oppover i starten - over på gras-stien - kjenner at det blir godt og mjukt å gå - så inn i skogen. Inn i skogen der eg blir omslutta av trea, fuglesongen - koret som stig til uante høgder når eg kjem inn og uroar - der eg er i ly for den sure vinden.

Snart dunkar blodet i årane, blodsmaken, leggane verkjer, pusten går og kroppen vert varm - den sure vinden er som svalande bris. Oppover - oppover - jamnt og trutt - steg for steg - trassar smertene i musklane - pustar og pesar - det er like låkt kvar gong. Og så - endeleg oppe på sletta der stien flatar ut og stega går lettare.

-oppe på sletta- 11

Alt blir straks så mykje betre når stien flatar ut og ein kan gå med lettare steg ei stund. På kryss og tvers - snart bortover - snart nedover - og like fort oppattover.
-variert terreng- 11

Finne ei glenne i skogen - der sola kan sleppe til - der ein kan stogge ei lita stund og lytte. Det følest som om eg er åleine - men eg veit at eg ikkje er det. Eg høyrer livet av fuglane og ser at elgen har vore her på alle små elgperlene.

-langt inni granskauen- 11

Men det einaste eg ser av bevegelse er solstrålane som skin gjennom greiner i tett skog - ny stigning - nye utfordringar.

-lysglimt på stien- 11

Ei opning ut av dette skogsrommet - men det er ikkje denne opninga som er mi i dag - det får bli ein annan dag at eg tek denne vegen ut.

-inngang eller utgang- 11

Tek meg tid til å sjå på alt levande som gror langs med stien - blomster og kløver - firkløverlykka? Stega er lettare no og sinnet er fylt med frisk luft og gode lukter av skog, vår og fridom.

-kløver- 11
 
Vegskillet - det finst mange slike valg å ta - ikkje alle er like lette å få auge på - og det spørst ofte på kva for ei retning ein kjem ifrå. Eg tek mine valg idag som eg gjorde dagane før - ein gong hit og ein gong dit.

- vegskillet -11

Lyden av vårbekken møter meg ved eit vegskille - gå over eller gå langs - må finne ein veg som gir variasjon. Litt oppover - litt bortover og litt nedover.

- vårbekken - 11

Ein dag skal eg ha med kaffi og nistemat hit - heimebaka brød med brunost og godt smør og ein kaffitår - berre tanken på det gjer godt.

- rasteplassen - 11

Til slutt på tide å "gå seg ned" - finne den vegen som går rakt nedover att - ned og til venstre - så vidt synleg når du veit kvar den er - stien...... 

- nedover sti - 11

....som fører over bekken på store steinar og rake vegen ut av den lune gode og trygge skogen - ut og heim til ein velfortjent tekopp.

- frå stein til stein så lett over bekken -  11

Det kjennest godt å vere ferdig med ei naturmedisinykt. Hjertet har fått dundra og banka i lange og korte intervaller - øyra har fått høyre vakker naturmusikk, auga har fått sett vakre naturbilete og tankane har vandra frå motløyse til håp og glede. Motløysa i dei verste bakkane er erstatta med glede over å kjenne at kondisjonen blir betre for kvar dag og håpet om å få lov å gå slike turar mange mange gongar til.

Skogen "min" er ikkje stor - den er avgrensa med vegar og hus på alle sider - så det er ingen fare med å gå seg bort. Skogen "min" er eit einaste virvar av stiar - på kryss og tvers - opp og ned. I dag var eg på farten i 45 minutt - men her kan ein gå i timevis berre ein tek dei rette vala i alle vegkryssa. Skogen "min" er Kalvedriten og eg ser den frå stoveglaset på nordveggen.

jannetove

mandag 2. mai 2011

Dagens dose naturmedisin

høg himmel
kvite skyer
kollar og åsar
ei opning mot vest


djupe skogar
solglimt gjennom greiner
gamalt lauv
på gamle stiar


dyretrekk
blåbærlyng
spor etter elg og ekkorn
lune småskogen


ei opning mot vegen
ei opning mot lyset
ei opning mot glede
framtid


hogstfelt
såra natur
natur i bruk
naturleg


skogsveg
uendeleg
fridom
glede


 frisk luft å ande inn
frisk luft til tankane
meditasjon
min naturmedisin

jannetove ;-))