Vinterhav

Vinterhav

tirsdag 31. mai 2011

Sol og regn

I dag vakna vi til eit fælsleg regnveir her på Hadeland
- det plaska ned og vaska landskapet og reinska lufta.

Seinare på dagen letta det opp og sola var framme innimellom
det vart så pass til veir at vi orka køyre hageavfall 
på dynga og tenkte at no er det sommaren som kjem.

Men før vi viste ordet av det så rann det av himmelen att
og medan sola er i ferd med å gå ned i nordvest 
er heile verda her farga i eit oransje lys
Solnedgang i plaskande regn - himmelsk vakkert - 

Får meg til å tenkje på den vakre songen som mor mi song til meg så mange gongar......



Fager kveldsol smiler, over heimen ned
Jord og himmel kviler, stilt i heilag fred

Berre bekken brusar, frå det bratte fjell

Høyr, kor sterkt det susar, i den stille kveld

Ingen kveld kan læra, bekken fred og ro

Ingi klokke bera, honom kvilebod

Så mitt hjarta stundar, bankande i barm

Til eg ein gong blundar, i Guds fader arm
   
 
Tekst: A. H. H. Von Fallersleben og Peter Hognestad
Melodi: J. Chr. H. Rinck
 
 
 
Solnedgang i plaskande regn over Haugsbakken - 11


2 kommentarer:

  1. Veldig fin song, og koseleg bilete! No måtte eg smila og, kjem nok til å nynna på songen til eg legg meg:) Håpar sola kjem for å vera nokon dagar, snart!

    SvarSlett
  2. Det var vel en fin sang! Og vejret er omskifteligt hos dig lige nu, ja. Her er det blevet sommer og det skal nydes! :)

    Klem og god aften

    SvarSlett