Vinterhav

Vinterhav

søndag 19. desember 2010

Svart og kvitt....

Søndag kveld - 4. søndag i advent og eg har hatt ei fin helg. Eg har hatt besøk av yngste sonen og forloveden - Sondre og Carina - to flotte unge menneske som eg set veldig høgt. Eg er så heldig at eg har 3 flotte born, 2 nydlige svigerdøtre og ein utruleg god kjærest. Eg er glad for at eg kan vere takksam for alt det gode - det er ikkje kvar dag det er unt oss menneske å ha det like godt.

Denne helga er det mange rundt om i verda som brått har fått livet snudd opp ned - det finst mødre som gret i fortviling over tap av eit barn - det finst mange som lyt gå vidare i livet med eit sår i hjarte. Eg veit at dagane deira ein gang vil bli lyse igjenn - men det tek tid....og sjølv om livet smiler vil nok dagane skifte frå kvitt til svart innimellom....


Eg ligg heilt stille
Nagla til underlaget
Stiv – kan ikkje bevege meg
Atter ein gang låst
Natta er enno ung

Gang på gang natta igjennom
Våken - kjempar meg tilbake
Tilbake til den sorglause søvnen
Glir bort – ut av smertene
Inn i draumane

Gjennom vindauga
Skimtar eg det grå morgonlyset
Røyver meg forsiktig
Strekkjer varsamt ut musklane
Så kjem klumpen

Mageklumpen
Som minner meg om kvardagen
Redsla – angsten og smertene
Alle dei vonde minna
Kan dei aldri la meg kvile...
 
-jannetove nov.2010-

Tida leger sår og vi menneske går vidare - heilt til det skjer noko som minner oss om det som var - om kampen - gråten...Eg trur dei fleste av oss har slike netter innimellom - har tunge stunder....Då er det fint å få eit smil, ein klem eller eit klapp på skuldra.
Så midt i denne travle førjulstida vil eg berre kome med ei oppmoding - ta vare på kvarandre...
jannetove

Snart jul

Endelig har eg fått opp "ottanissen" på verandaen her i Haugsbakken. "Ottanissen" har fått navnet sitt etter Otta som var mor til Bjørn Erik og som også har laga denne nissen. Plassert saman med ei lyspynta gran står han der så stolt og rank og helsar alle naboane i feltet.

Nissen har fått skikkelege hadelandsvottar på der han står - og både lue, vottar og skjerf er heimestrikka av Otta. Det er nokre år sidan no at den har vore ute i dagslyset - så det var litt ekstra stas å ta oppatt den gamle tradisjonen. Det har blitt meg fortalt av folk rundt her at jula kom til Haugsbakkenfeltet først når nissen var komen på plass.

God 4. søndag i advent til alle saman.

søndag 28. november 2010

Så tender vi det fyrste lys....

.....åleine må det stå.....

Fyrste søndag i advent - ute er det rundt 10 minus, lett snø og litt vind som gjer at det blir snøstormliknande tilstander rundt husnova her innimellom.

Eg har ikkje gjort som alle andre iår...har ikkje leita fram adventsstaken og 4 like lys. Eg har hatt heilt andre ting i tankane - har pakka koffert og tenkjer meg ein tur til varmare strok - til ein stad der dei ikkje feirar adventstida slik som vi.

Kjenner at eg er veldig spent - ein heilt annan kultur - eit anna folk - ein annan temperatur - og antageleg tusenvis med nye inntrykk.

No er det slik at eg ikkje skal vere borte så lenge, så det blir nok jul i heimen her og - sann om ei vekes tid eller så....



Var ein tur på julemarknad sist helg - og denne vesle engelen her kunne eg vanskeleg gå forbi. Eg blir så glad av å sjå på han (eller er det ho) der han står å syng av hjartans lyst.



Dette får bli mitt fyrste lys denne adventstida - eit lys for håp og glede.

God førjulstid alle saman - og husk at jula kjem med fred om ikkje kvar ei krå er skinande rein....

jannetove

ps. kunstnaren heiter Marianne Lund og er frå Eina

fredag 26. november 2010

Egentleg eit lite under....

Endeleg er eg ferdig med mitt store pute-strikke-prosjekt - nokon som tvilar på at eg er stolt....

Strikkedamene skulle ha tema fletting og eg tenkte det måtte vere kjekt å prøve. Starta med friskt mot....

...ikkje berre fletting....men mange nye detaljer måtte lærast.....

...og etter kvart oppdaga eg at det var latterlig enkelt....

Det er rart å vere nesten 50 år og oppdage at strikking er så uendeleg mykje enklare enn eg har trudd - vi blir aldri for gamle til å lære.

Eg gledar meg så mykje over alle desse små prosjekta mine - er glad for at eg til trass for muskelplager kan klare å kose meg med slike sysslar.

....i år har eg endatil pakka heimelaga julegåver i mange pakkar....men du - det må du ikkje seie til nokon - iallefall ikkje før etter jul.

Håpar alle får ei fin adventstid...klem

onsdag 17. november 2010

Eit mektig skue



På tur heim frå Ørsta sist søndag fekk eg oppleve dette fantastiske synet - for første gang i mitt liv har eg sett ville ørner på nært hald.

Vi hadde akkurat passert første vatnet opp frå Kile mot Bjørkedalen - og i elva mellom vatna sat desse flotte fuglane. Maken kom flygande, landa og flaug igjenn medan vi stod i vegkanten og fylgde med.

Eg har ikkje det beste kameraet for slik fotografering - men syns likevel at eg har fått eit bra bilde av desse to.



Det var kjærasten som fekk auge på ørneparet og stoppa. Eg fekk gå ut av bilen og fram på elvebaren for å ta bilde - den eine ørna sat heilt roleg og følgde meg heile tida.

lørdag 6. november 2010

Utrulege fakta på ein laurdagskveld

Eg vart plutseleg så veldig, veldig trist her eg sat og skulle kose meg på ein laurdagskveld. TVèn stod på og det var magasinet på TV2 som brått fanga mi merksemd - eg vart sitjande som lamma og fylgje med på innslaget og trudde ikkje det eg såg.

Det handla ikkje om vald, krig eller svolt og elendigheit som ein kanskje skulle tru sidan eg vart så trist. Nei det handla om ei vel etablert familie med to små barn - ei famile med flott hus, god økonomi - og der det såg ut for at alle var friske og hadde det tilsynelatande bra.

Det som var så spesiellt med denne familien var at dei hadde meldt seg på ei ordning der dei fekk køyrd heim daglegvarer som inneheldt råvarer og oppskrifter til 5 sunne og gode middagar. Altså middagsvarer til 5 kvardagar slik at dei sjølve slapp å tenkje ut kva dei skulle ete og så slapp dei å gå innom butikken for å handle det dei trong.

Eg skal ikkje gjere meg til dommar over desse folka - dei må sjølve avgjere korleis dei vil leve livet sitt - og eg er heilt sikker på at dei og alle andre som vel ei slik løysing er flotte menneske som tek godt vare på familen sin.

Det som gjer meg så trist er at samfunnet vårt har blitt slik at vi i det heile har slike valg. Tidsklemma har teke heilt overhand og vi er så opptekne av karriere og ein travel livsstil at vi ikkje har tid til å gje ungane våre ein normal oppvekst lenger. Er det blitt slik rundt omkring at vi ikkje lenger har tid til å planlegge kva vi skal ha til middag og heller ikkje har tid til å handle inn det vi treng??

Dette innslaget handla om middagsmåltidet - kva så med dei andre måltida i denne familen - kvar vart dei etne? Sei det - det vart det ikkje snakka om men eg har nok ein misstanke om at foreldra har betalt for at borna får frukost, lunsh og ettermiddagsmat i barnehagen. Vidare trur eg at dei voksne inntek frukosten i full fart til jobb eller kanskje dei stoppar for ein kaffelatte og muffins på ein cool kaffibar på vegen. Lunchen et dei nok i kantina på kontoret eller så går dei ut og får med noko ferdigsmurt frå ein eller anna kafè på hjørnet.

Så undrar eg meg på om det finst anna mat i kjøleskåpet til dette unge paret - ja det er jo ikkje godt å vite om dei i det heile har behov for det - er ikkje sikkert dei et så mykje kveldsmat....og skulle dei bli svolte er det jo berre å ringe ein eller annan stad så får ein levert på døra.

Undrar meg på korleis den norske småbarnsfamilien ser ut om nokre år....blir det slik???
- All mat blir ete alle andre stader enn heime
- Huset vert vaska av profesjonelle ein gang i veka
- Eksterne firma blir leigd inn for å skifte sengetøy og ta unna klesvask og stryking
- Eigne firma syter for julepynting - julemat og gåveinnkjøp
- Interiørfirma vert leigd inn vår og haust for å style huset.
- Sportsbutikken tek mål og leverer perfekt innstillt sportsutstyr på døra
- Catering - og eventsfirma syter for alle bursdager og andre spesielle feiringar
- Eigne barneoppdragingsfirma......
- osv - osv - osv....

Eg trur vel egentlig ikkje at det går så langt - men eg må sei at eg faktisk er litt skremd over utviklinga. Eg er glad for at eg syns det er kjekt å lage handleliste og planlegge middagen min sjølv - eg er glad for at eg enno finn glede i å bake knekkebrød og lage til jul på tradisjonellt vis....

tirsdag 2. november 2010

November

Pøsande regn og susande vind
Nysnødryss på høge tind
Sluddbyger, regnbyger - snø
Lavtrykka står i kø
November mørker mitt sinn

Fønvind og bris og varme grader
Gullgult lauv alle stader
Haustsola varmar og skin
Solnedgang raud som vin
November lyser mitt sinn

Været skiftar ofte og brått
Frå solskin til regnvers grått
Dagane er som livet vårt
Alt frå lyst og lett til sårt
November kom også i år….

-jannetove 11/10