Vinterhav

Vinterhav

lørdag 12. november 2011

Opp og ned

Denne veka vart eg forgifta igjen
det var tyngre denne gangen
metallsmaken
kvalmen
kroppsverken
hovudverken

kjellartrappa har lege på lur heile veka

det har ikkje gjort det noko betre 
at tåka og gråveiret har vore dominerande


jarenvatnet i tåke

Men som tåka
har letta opp og sleppt til sola
har det letta opp litt
i hovdet mitt innimellom også
og eg har kvilt meg i loftstrappa innimellom

Strikkinga saman med damene på onsdag
Livslystkurset på torsdag
Strikkinga på torsdagskvelden
shopping og kafe i lag med Rosalis og Gian på fredag
alle gode helsingane på bloggen
og klemmane frå kjæresten

Jau det har vore lysglimt
sjølvom det kjennest litt vanskeleg å sjå dei innimellom

hauststrå speglar seg i jarenvatnet

No er det verste gjort for denne gang
og eg har 2 blande veker framføre meg
der eg nok kan rekne med at formen
er betre 
og eg kan fokusere på å vere i livet 
akkurat her og no
ta eit steg om gangen
og glede meg over
livet
Klem janntove

onsdag 9. november 2011

Min spesielle godteributikk

Ikkje akkuarat den beste dagen i dag
merkar forgiftinga god
men takk og lov for gode drops
og ein varm dusj

Så eg kom meg på strikkinga
og fekk begynnt på ei slik flott lue
med alpakkadusk


Mange fine strikkekle er 
utstillt i godtebutikken min
Garnboden


Mykje fint garn er kome inn
og bordet vert dekka med lunch
kvar onsdag 
når damene møtest


Ny og fin disk har kome opp 
og etter kvart blir det muleg å kjøpe seg ein 
kaffikopp og litt å bite i her inne


Her i denne butikken 
treff eg mine gode venninner
og her har eg mine friminutt
her gløymer eg plagene for ei stund
og her kosar eg meg "glugg ihjel"

Heldige meg som kan 
kome hit og dele strikkegleda med mange flotte damer

Takk alle saman

jannetove

tirsdag 8. november 2011

Lys i kvardagen

Haustmørket er i ferd med 
å senke seg
og husfrua går rundt og tender
levande lys i alle krikar og krokar
fyrer opp i omnen og førebur middag

Tåka har vore tjukk som graut 
i heile dag
først når det nærma seg
solgang
letta den så pass at vi fekk sett himmelen
og solnedgangen
Så får ein ta eit bilde av den 
slik at ein huskar korleis den ser ut
For no er det tåketid her på Hadeland
Kaldt veir og open Randsfjord
tåkelegg Viggadalen


Ute driv kjærasten
å monterer utelys
6 nye lykter langs oppgangen og framfor garasjen
vart tent i kveld


Og inne står ei lykt og skin mot nordvest


Og på spisestuebordet
er det haustdekorasjonen som 
lyser opp for oss to som sit her 
og deler alle måltid


Lys i kvardagen er viktig
Eg kjenner på at verda er lys
Eg gler meg over kvar dag
og i morgon trur eg kanskje at eg skal 
kunne kome meg på strikkekafe
og få ei lita stund ilag med damen om ikkje anna

Livet er fint 

jannetove

mandag 7. november 2011

Drops og gift og Nordkapp

I kveld er det sofakos
med 71° Nord
Eg heiar litt på Birgitte
Ho er frå Ørsta
og eg kjenner litt til familien hennar
då blir det lett å heie på ho:-))

Her er bildet av Mitt Nordkapp
I påska då eg og kjærasten var der
i sol og flott veir
vi åt vafler og drakk kaffi i kafen 
og såg filmen
Det var før verda rasa
før tullecellene i kroppen
Det var ein fin tur.


Godaste kjæresten på Nordkapp sjærtorsdag -11
Eg et og puttar noko i munnen heile tida
og eg har lov å gjere det
Har blitt forgifta igjenn idag
og fått mange mange resepter
på fine drops som hjelper 
mot kvalme 
mot smerter
og for å slappe litt av

Eg kjenner på meg
at eg er utruleg heldig 
som bur her til lands
og kan få alle desse dyre
dropsa 
slik at eg slepp å ha det så 
forferdeleg trasig
når eg blir forgifta

....litt uggen
---litt småkvalm
....litt sliten
....masse glad

Klem jannetove

fredag 4. november 2011

To med lik frisyre

Det vart sagt allereie den dagen eg vart forgifta
-håret vil falle
eg kunne likegodt bestille parykken 
med det same
så hadde eg den når krisa oppstod
Ja slik tenkte eg nok
KRISE 
Krise med store bosktavar
eit hovud utan hår
mitt hovud utan hår

Har sett det før 
hos andre
gifta tek håret
Men det var hos andre
ikkje hos meg vel....

Må innrømme at det var litt rart
å gå opp trappa og inn til min faste frisør
Fekk time på dagen
det var avtalt 
Eg vart plassert innerst inne i lokalet
slik at eg var litt skjerma frå dei andre
Så klar - ferdig - gå
Maskina arbeidde seg jevnt og trutt over skallen
og augene mine vart antageleg større og større
etterkvart som håret ramla i golvet

Det er ikkje så ofte ein forlet frisøren
med lue på
Kan lett tolkast feil av andre
Kva er dette for frisør
der kundane forlet lokalet med lue på

Så no sit eg her 
nesten heilt skalla
og då kan eg innrømme
at eg i mange år har tenkt
at det kunne vore artig 
å prøvd å rake bort alt
berre for å sjå 
sjå korleis eg ser ut utan hår

Aldri så gale at det ikkje er godt for noko
og jammen stemmer det denne gongen og:-))



No har eg og kjæresten lik frisyre....
....men eg har no heldigvis ikkje fått sjegg:-))
God helg frå meg
som eigentleg stortrivst utan hår

torsdag 3. november 2011

Naken

Det er haust og laufallstid...
og som trea fell lauva
fell eg hår

Var hos Parykkfrisøren på tysdag
og han lugga og drog i håret mitt
og kunne forsikre meg
om at det sat godt fast enno....
Men det var på tysdag
dagen etter....
----i går var dusj-sluket fullt av hår
og når eg prøvde å "lugge" litt i sveisen så 
fekk eg med neven full.....
laufallstid og hårfallstid
snart er nok skallen like naken som trea ute

Men hausten er jo fin den
Når trea slepp lauvet 
står dei att og viser fram heile seg
med små og store greiner
med flotte linjer og sine skavankar

Kanskje blir det slik med meg og
Naken på hovudet
men fortsatt meg 
like rund og fin 
med alle mine flotte linjer og små (og litt større) skavankar



Så kjem snøen snart og trea får 
dekka seg av snø og kvite frosten
og blir heilt nye og fantastiske
Eg tek på meg parykken
og pyntar meg med den
og blir nok bra fantastisk


Eller kanskje brukar eg 
berre ei lue
eller eit skjerf 
eller kanskje
går eg berre rundt 
med nakne skallen
og er berre meg sjølv på godt og vondt

Og så kjem våren
lauva sprett
og håret gror 
og livet er det beste man har:-))

jannetoveklem

tirsdag 1. november 2011

November

 Jarenvatnet i skodde - 09

Pøsande regn og susande vind
Nysnødryss på høge tind
Sluddbyger, regnbyger - snø
Lavtrykka står i kø
November mørker mitt sinn

Fønvind og bris og varme grader
Gullgult lauv alle stader
Haustsola varmar og skin
Solnedgang raud som vin
November lyser mitt sinn

Været skiftar ofte og brått
Frå solskin til regnvers grått
Dagane er som livet vårt
Alt frå lyst og lett til sårt
November kom også i år….
-jannetove-09

På skauen -09