Vinterhav

Vinterhav

fredag 25. november 2011

Storm

Her på Hadelandet mitt
er det stille og roleg ute
ingen vind
ingen bårer 
ingen storm som herjar ute

Men akkurat i dag kunne 
eg tenkje meg å vere ute ved havet
ved Runde
eller Flø
eller kanskje Kråkenes Fyr
Berre for å oppleve stormen
kjenne på at naturen 
viser sin styrke

Roleg hav ved Runde januar 09

Men eg er ikkje ved havet
og kjenner på stormen
Eg sit her 
heime i mi eiga stove
og har kjent litt på stormen allikavel
stormen inne i meg

Eg hadde så store forhåpningar til denne dagen
Eg skulle få operert inn Veneport
for å gjere det lettare 
å ta imot cellegift
for å gjere det lettare å få antistoff
for å gjere det lettare å ta blodprøve
Men eg vart vennleg beden om å reise heim
blodprøvene som viser kor bra imunforsvaret mitt er 
var på bånn - skikkeleg på bånn
Fekk beskjed om å vere ekstra på vakt no
ekstra påpasseleg med handhygiene
For no er eg lite imun
Så lite imun at om ikkje verdiane stig til mandag
så vert eg vennleg skyssa heim
utan å få cellegift

Det er rart
eg vil jo eigentleg ikkje ha den gifta
men eg vil så gjerne ha ho til rett tid allikavel
for eg veit jo at det er den som skal beskytte meg mot at tullecellene
finn på å vekse fram att
samtidig som det er den som bryt meg så ned

Men stormar går over
Eg har tent mange lys
det er fyr i omnen
Eg har kosa meg med gullrekka
lese litt bloggar
ete litt godt
og drukke julebrus
og berre kjent på at det er helg
Og om ikkje så lenge skal eg sove meg inn i laurdagen
vakne til ein ny dag med nye opplevingar
Så får mandagen kome
med dei utfordringane det blir
enten det blir gift eller ikkje


Å oppleve ein storm
å slite seg igjennom den
gir styrke til å ta imot gleda
og vekeleg glede seg over stilla
når stormen har lagt seg

No er det roleg og stillt 
både inne og ute
her på Hadelandet mitt

God helg til alle
både de som står i stormen 
og de som leikar i gleda

jannetove

søndag 20. november 2011

Julemarknad, nye gjestesenger og ein god Søndag

Roleg og god søndag
Litt sein frukost 
som kjæresten 
serverte med
stil og smil

Så ein tur på Julemarknad

Englane kjøpte eg i fjor
og då tenkte eg det passa fint med
ei stjerne i år

Englar og stjerne laga av Carina Maritza Vildem


Smykkesettet i sølv 
har eg kikka på lenge
og i dag tok eg sats
og kjøpte det
tenkte kanskje eg fortjente det

Så fant eg også eit 
smykkesett i glas
som eg ska bruke 
til den nye kjolen min
Oransj er fargen for meg i år

Sølvsmykka laga av Jane Johnsen 
og glassmykka laga av Carina Maritza Vildem


Ein annan lur ting eg fant 
var denne papirlommetørkle-posen
Kjempefin å ha i veska 
når nasen treng ein puss

Papirlommetørkle-pose laga av Kari Bjone Engelien


Siste vekene har det vore 
arbeidd med eit nytt gjesterom her i huset
Trappa til kjellaren vart tatt bort 
og når golvet kom på plass vart det eit rom på 6 kvadratmeter

Ikkje så store romet 
men godt utnytta
gjev det to gjestesenger, nattbord og skap
og vi har plass til fleire gjester i slengen


Dette er blitt mitt "Furterom"
Her skal eg ha pass til strikke og sysaker
viktige papir og diverse småting som 
ikkje får plass andre stader

Rommet er mala i heilt kvitt
noko som eg kjenner gjev ro i sjela
Men det er greitt å ha litt fargeklattar til det heilt kvite
derfor vart det "sirkus" gardiner og mørkeraude sengtepper

Dei heimelaga hønene har også fått ein stad å bu
Eigentleg påskepynt
men i vinduskarmen på "furterommet"
passar dei heile året


Ein fin søndag har det vore
og no skal kvelden berre senke seg
og så er eg klar for ei ny veke
ei veke med mange gode avtalar
og forhåpentleg 
ein operasjon på fredag...
...men det avheng av blodprøveverdiar
Eg skal nemleg få operert inn 
ein veneport
så slepp eg å ha så vondt i armen
av cellegifta
Det tenkjer eg skal bli bra

Klem jannetove

lørdag 19. november 2011

På fest

Morgonen i går var vakker
sola skein så flott
på Granåsen 
då ho kom opp over åsane i sør

Usikt frå verandaen 181111

Eg brukte dagen til å 
ladde opp
meg sjølv 
før vi skulle til Oslo
og på fest med Ofsk

Eg tok aromaterapi
og berre pusla med å 
pakke finkleda våre

Slappa av og kosa meg

Vel framme på Hotel Bristol
var det godt å finne eit 
delikat rom og god service



Vi masa ikkje mykje med å finne
ein stad å ete og fekk bord
på Bristol Grill
Der nytte vi god mat og godt drikke
Eg tok lutefisk med alt som høyrer til
det er så godt syns eg.....
....men cellegiftmagen min syns nok ikkje det nei
Godt at hotellroma har eige bad....

Noko forseinka kom vi oss vel avgarde til festen
Vi rusla den korte vegen
ute i ein tidleg Oslokveld
Mange flotte menneke 
helste oss med gode klemmar
og varme handtrykk
Praten gjekk livleg
og eg kjende at energibegeret mitt fyldest
med glede over å få vere ein del av eit stort felleskap
Som Askepott
forlot vi selskapet i god tid før klokka slo tolv
og rusla gjennom Oslonatta tilbake til 
hotellet og nattesøvn
Det er vel berre å innsjå at vi mest truleg 
gjekk til sengs 
idet Oslo vakna på rett ei natt til laurdag

God frukost og fin tur heim
Då var det godt å få fyrt opp i omnen
Då var det godt å finne sofaen sin
slumre der nokre timar

Dagen i dag bær preg av at eg ikkje er som eg var før og eg er sliten
sliten av å gjere nesten ingen ting
sliten av å ha vore ute i lag med mykje folk
sliten av at magen ikkje spelar på lag
Eg må nok berre innsjå at forgiftinga av kroppen
verkar inn sjølv om eg ikkje kjenner det direkte
Eg toler nok ikkje like mykje no som før kuren starta

Så sit eg her då og lurer på om eg fylde opp energibegeret eller om eg tømde ut.....

Sjølvom eg er sliten i dag så vel eg å tru at eg fylde opp
for så kjekt som vi hadde det 
og så god som maten var
og så fint det var å "mingle" med gamle og nye bekjente
så var det ein fin opplevelse

I kveld blir det levande lys
litt lett mat
og julebrus

Og i morgon er nok dagen betre skal du sjå....

Klem jannetove

fredag 18. november 2011

Enegibegeret vert fyllt opp

Hadelandet mitt vaknar
og sola er i ferd med å Gripe Dagen
akkurat slik eg sjølv 
er i ferd med å gjere.

Vakna før klokka ringde i dag
så glad og forventningsfull
til denne nye dagen  -
- endå ei gåve i livet

Utsikt mot sør frå trappa vår 181111

Eg sit og fyller energibegeret mitt
med varm kaffi, levande lys og The Priests
på øyret
Eg sit og nyt den stille morgonen
med utsikt til ein time med
aromaterapi
før vi skal ha oss ein 
tur til Oslo og bu på ærverdige Bristol
og delta på Oslo Fallskjermklubb sin førjulsfest

Men før eg kjem så langt 
skal dagen nytast
Eg skal gle meg over at
eg har ein god dag
kose meg med litt huslege ting
og berre vere i livet

Utsikt mot vest frå trappa vår 181111

Her om dagen kom
denne boka i posten


Det er fyrste diktsamlinga til

Ei fin lita bok
med gode dikt
om litt av kvart
Så når dei litt meir tunge dagane kjem
kan eg leite fram denne
og lese litt av dei gode orda 
ho skriv
og på nytt fylle opp energibegeret mitt

Kva gjer du for å fylle ditt
energibeger
Husk at dette begeret blir tømd gjennom kvardagen
og må fyllast på innimellom
Finn din måte å fylle dette begeret på
så smiler livet litt oftare

Eit ynskje om ei god helg til alle mine lesarar
og alle andre - 
- og takk endå ein gong for alle dei gode orda de legg att
-orda som også er med på å fylle opp mitt energibeger.

Klem jannetove

tirsdag 15. november 2011

Små gleder

Tåka ligg tjukk over heimen
nokre få minusgrader i lufta
og rimen legg seg på trea ute


Lykta som vart tent i går kveld
for å ynskje gjestane velkomen
får berre stå og brenne 
til den brenn ut av seg sjølv


Ein fin kveld vart det
og i posten 
venta pakke
med korta som eg hadde bestillt frå 
med bloggen Dikt for dagen
- gå gjerne inn å les alle dei gode orda ho produserer

Ho lagar også julekort
Nydlege julekort
med fin dekor i form av ord
gode ord
Gler meg til å sende 
desse korta til 
dei eg set mest pris på


Tenkjer på at det skal bli ein fin dag i dag òg
Snart kjem kjærasten heim til lunch
og vi kan dele eit koseleg måltid 
før vi igjenn går kvar til vårt
for å bruke dagen vår.

Klem

mandag 14. november 2011

Dagen i dag


Skifte på senger dag
Vaske klede dag
Male gjesterom dag
Vaskegolvdag
Lage middag dag


Ingen kvalmedag

Snart vennebesøk dag
Berre ein god dag

Håper din dag har vore like god som min dag

søndag 13. november 2011

Gode stunder

Ei god helg
Vi har hatt
ein liten overnattings-gjest på besøk
god mat
levande lys 
og ein roleg laurdagskveld

Søndagsfrukost med gjest ved bordet
og god tid
 

Gian Marco 7 år

Roleg søndag
med rydding av lauv i hagen
Rett nok ikkje så flott veir i dag 
som i fjor då dette bildet er teke
men godt å vere ute å bruke kroppen 
kjenne på at formen og energien
er tilbake 
etter nokre litt tunge dagar


No kjenner eg at eg er klar for 
ei ny veke
nye mulegheiter
og kanskje er vi heldige og får litt snø
slik at verda blir kvit og fin.

Ha ei fortreffeleg veke der ute
Eg har tenkt å kose meg
og Gripe dagane mine og leve NO

Klem