Vinterhav

Vinterhav

mandag 16. januar 2012

Reisepremie

Endeleg ein nokonlunde heilt bra dag
Det har vore tyngre denne gangen
etter 5. kur.
Dei to første dagane var litt som sist - 
men så endra det seg brått.
Har vore meir konstant småkvalm
-og med den ekle metallsmaken i nasen - ja i nasen

Heitetoktene har omtrent lamma meg innimellom - 
før frostriene har innhenta meg.
Alle kjenner vel til den følelsen
ein får når ein har vore ute og verkeleg svetta ut
- då går det ikkje lenge før ein frys og ikkje vert varm att før ein har dusja og fått på tørre klede.
Men med heitetokter med halvtimes mellomrom
er det liksom ikkje berre å dusje kvar gang for å få att varmen heller......
....godt at lageret av ulltrøyer er stort....

Har plutseleg fått følelsen av total utmattelse
og sovna både på soffan og i stolen fleire ganger.
Stakkars gode kjærasten min 
han har nok vore litt bekymra for meg denne gongen.
Det er ikkje enkelt å vere pårørande og ikkje heilt vite kva ein skal gjere til beste
for den som berre sovnar bort
sveittar og frys
blir lite pratsom
irritabel og grinete.
Eg er så uendeleg takksam for at han er her
og har tolmod med meg
trøstar og muntrar opp
og køyrer etter "takeaway" mat når eg finn det for godt at det er det eg vil ha.

Men eg har kome gjennom dagane og nettene
eg har hatt matlyst
og vore ute på tur
på strikkekafe
og varmtvannsbading
som tidlegare....
....men eg kjenner at det har "kosta" meir 
å prøve å leve som vanleg
denne gongen.
Og så veit eg at eg er ikkje den som har det verst
det er mange andre som har det mykje verre under slike giftangrep som eg har hatt.
Eg har trass alt ikkje spydd ein einaste gang.....bank i bordet.....

Og NO ser eg slutten
enden i tunellen
Eg har diskutert vidare behandling
med antistoff og antihormon med legen min.
Og om to veker er eg klar for siste kur
og då er det ikkje lenge att før eg kan realisere
Reisepresangen vår

For det er heilt vanleg å få premie
når ein har vore flink enten hos tannlegen eller doktoren - så det så....








Det er vel ingen som tvilar på at eg gler meg 
til å innta denne terassen og kose meg på dette hotellet
om nokre veker.

Snakk om gulrot:-)))

søndag 8. januar 2012

Ny duppeditt

Jau så har eg altså gjort alvor av tankane mine
kjøpt meg ny mobil
av typen HTC -
med slik "tutsj" skjerm.

Eg hatar slike nye duppeditter
både når det gjeld ny PC og telefon -
TV kontrollar er heller ikkje mi sterke side.

Veit ikkje heilt kva som gjer det -
men eg trur kanskje at eg vegrar for å bruke så mykje energi
på å sette meg inn i korleis slike ting virkar.
Det er så greit med det eg kan -
når eg veit korleis eg skal betjene det 
og når eg får det til.

Etter at telefonen hadde lege i ro i eit døgn
manna eg meg opp og sette igang.

Og ja eg har fått til litt -
eg har funne ut at den går ann
- å ringe med den
- å ta bilder
- å sende melding....
....har sågar vore inne på Facebook:-))

Er nok nokre som har ubesvart annrop
på loggen sin frå meg,
då eg plutseleg
ringde både hit og dit -
og febrilsk trykte på "avslutt samtale" knappen.

Har fått til nokre ganske bra bilder - 
og også klart å få dei inn på bloggen:-))

-mega stolt av meg sjølv
- berre sjå her


Kjærasten med snøfresen


Godt med snøfres med så stor gardsplass


Kan trengast på terassen også


Storbjørkene og vinterhimmelen
mot vest


Finurleg effektknapp...
.....sola er der i bakgrunnen


Ei storebjørk mot sør


Endå ein effektknapp


Mange fine ting ein kan gjere med
ny mobil.
Eg brukar den nok helst til å ringe med
og sende nokre meldingar

Men må innrømme at det var litt 
artig å få foreviga den fine vinterdagen vi har hatt her i dag.

Har avslutta med middag på resturant i dag -
og no er det snart tid for å sove seg fram mot 
cellegiftkur nr. 5.....

...og DÅ er det berre ein att:-))))))

Vandrar med freidig mot
og ser slutten på giftangrepa

Håpar de får ei flott veke alle mine gode lesarar
Eg kjem til å ta dagane, timane og minutta 
pø om pø 
og tenkje på ein sommardag
som kjem etterkvart

Jannetoveklem

tirsdag 3. januar 2012

Kvardag og stive prisar

Kvardag igjen
etter ei roleg jule og nyårsfeiring -
med form som har gått litt opp og ned.
Frå småkvalme døsige dagar
til dagar med kjempeenergi.

Viste de forresten at "hålåss" er ordet for kvardag her:-))

No er eg inne i veke 3
etter 4. FEC100 kur
og kjenner at formen er stigande.
Bivirkningane kjem i bøljer
og omlag til same tid kvar gang.
Først dei småkvalme dagane
som denne gangen vart betre 
pga akupunktur, seaband og Ingefærte.
Nettene med dyvåte sengkle -
andletsfarge som skiftar frå normal til traffikklysraudt på sekundet
Så dei utmatta dagane -
før dei tunge dagane,
når hetetoktene rår og det riv og slit i operasjonsarret.
Det er då eg føler at eg "kjenner" kreften
Sjølvom den er borte -
minner smertene i arret 
meg om at den har vore der
Då vert tankane tyngre og 
dagane gråsvarte
Då får eg reinsa tårekanalane 
og letta litt på trykket.
Så kjem dagane med kviseliknande utslett
som ploppar opp både i andletet og elles på kroppen
Så rett før neste kur føler eg at 
eg er i normalt gjenge att.....

....så er det inn for ny kur....
....og slik går no dagane:-))

Berre 2 gangar att no:-))

Men eg skal ikkje klage
eg er med på ein nettstad for damer som er i same situasjon.
Der kan vi dele sorger og glede
og diskutere bivirkningar på godt og vondt,
og gje kvarandre støtte og oppmuntring -
og lire av oss frustrasjon og sinne og få støtteklemmar sent med vinden.
Og der ser eg at eg er heldig
 - eg har få bivirkningar i forhold til mange andre.

Men noko eg syns eg kan få lov å klage over
er prisane på spesialundertøyet som vi med brystproteser
må ha.....

Kjøpte 4 stykk av typen på spesialbutikken idag
og fyttikatta for ein pris...
2.500,-
for herlegheita...



...einaste forskjellen frå vanleg - er at det er sydd i ei lomme til plastikkpuppen....

...og det for noko som ikkje syner ein gong...

Jaja like fattig og like rik
Eg går med heva blankskalle og veit at innafor skjorta
er eg iallefall stivpynta:-))
Nyt dagane og klem frå meg:-)