Vinterhav

Vinterhav

torsdag 10. desember 2009

Alternative julekaker


No midt i julestria skal tradisjonen tru alle kakeboksar fyllast opp av alle 7 sortane. Sukker, melis, nøtter og sjokolade er ofte ingrediensane og jammen meg er det godt og. Så var det her for ei stund sida at mi gamle klassevenninne Britt (som forøvrig er svært ung enda) hinta meg om oppskrifta på eit heimelaga knekkebrød som skulle vere så utruleg godt. Full av iver strena eg på buda og fekk tak i det som skulle til for å prøve underverka.



Så no har eg funne mitt eige sunne alternativ til julebaksten i og med at eg har fyllt opp ei av mine kakebokser med denne sunne, grove og utruleg velsmakande "småkakevarianten".

Server desse fantastiske sunne bitane med eit tynt lag smør og litt ost, og så har du eit sundt og godt alternativ til alle julekakene som vi tradisjonellt puttar i oss denne tida.






Her har du oppskrifta
2 dl grov sammal kveite
2 dl havrekli
2 dl lettkokte havregryn
2 dl sesamfrø
2 dl solsikkekjærner
1 dl kruska kli
1 dl linfrø
3 ts salt
7 dl vatn

Bland det heile og la det svelle ei stund. Smør utover 2 plater dekt med bakepapir og sett i ovnen på 180°C i 10 min. Ta ut og rute opp med pizzahjul og sett så inn i ovnen att i 30 min. Skru ned til 100°C og la dei steike vidare i 30 - 50 min. med ovnsdøra litt open. Knekkebrøda skal vere heilt tørre.

God vente tid:-))

1 kommentar:

  1. Neimen HEI du!
    Du he slått deg på blogglandia du også, KJEKT!
    Her "inne" greie me liksm å halde tritt med kvarandre. Tidsklemma e fortida ENORM derfor syns ej d e so kjekt å kan få lese litt om ka folk styre med rundt omkring og legge att ein kommentar her og der, då har eg på ein måte "ståkke en tur innom".

    Såg spennande ut desse knekkebrøda dine, men dei tek nok ikkje over for den tradisjonelle julebaksten her i huset ;o)
    Akkurat no ventar eg på at ei Biscotti-deig skal bli kald nok så eg får starte steikinga. Forøvrig ein ny sort eg ikkje har prøvd før, men med tanke på ingrediensane MÅ dei smake himmelsk!
    Me lesast om me ikkje møtast en dag...
    Klem Tonje

    SvarSlett