Vinterhav

Vinterhav

fredag 29. januar 2010

Til rett tid.....

I dag har eg lese bloggen til Gunn Hild Lem, noko som stort sett gir meg mykje glede. I dag blogger ho på ein måte som engasjerer meg sterkt og som opprører meg så eg får vondt langt inn i hjerterota mi.
Etter å ha opplevd alt av både sorg og glede i forholdet mitt til Bjørn, føler eg at eg har noko til felles med Gunn Hild. Ho har som eg også funne seg nye kjærest forholdsvis kort tid etter at mannen hennar døde og dette beskriv ho på ein fin måte.

Både i tida før og etter at Bjørn døde opplevde eg utruleg mykje støtte i nærmiljøet, noko som varma veldig mykje i ei tung tid. Både venner, familie og nærmast heilt ukjende viste meg støtte og forståelse og mange gleda meg med gode varme klemmar og klapp på skuldra. Dette var i sannheit med på å løfte meg vidare i livet - ja for livet mitt måtte jo gå vidare. Eg måtte ta meg sammen og prøve å leve og finne att gleda i livet mitt.

Men eg skal innrømme at det var tungt å vakne åleine om morgonen og kjenne at iskloa hogg tak i meg i det eg kom i hug kvardagen og alle dei utfordringane det var å gå vidare åleine. Å vakne kvar morgon med ein klump i magen og gråten i halsen var ubeskriveleg vondt. Å ete frukost åleine frista så lite at det ofte gjekk timar før eg orka å gå vegen innom kjøleskåpet. Då var det fint å kunne gå på besøk til ein kjenning eller ta turen innom ein kafè å få seg noko å ete der saman med ein god venn.

Men uansett vart det mange og lange timar åleine heime med tankane og sorga - mange turar på gravstaden med blomar og lys - der eg stod åleine og gret og minnest.
Derfor var det så godt då eg fekk ein ny ven på Facebook som sende meg ein mail i ny og ne, som var interessert i å bli kjent med meg. Eg kunne sitte heime i mi eiga stove å skrive med denne nye venen og føle at eg ikkje var heilt åleine i verda. Det var så lett å "brevveksle" med han og vi oppdaga etter kvart som vekene gjekk at vi delte mange interesser og draumar der vi sat åleine på kvar vår kant av landet. Derfor vart det etter kvart naturleg å ta i bruk telefonen og det vart mange lange samtaler der vi prata og lo saman og vart enno betre kjent. Når vi så våga ta skrittet vidare og treffe kvarandre, var det som om vi hadde kjent kvarandre i årevis og vi fant tonen med ein gang.

No er det ingen som må tru at dette var ein lett prosess - for det var det slett ikkje. Det var mange følelsar som sleit i kroppen - glede, redsle, forvirring, forventning, dårleg samvet og ikkje minst tanken på kva alle ville sei om dei visste at eg var i ferd med å få meg ny kjærest så fort etter at Bjørn døde. Heime i Ørsta vart eg stadig minna på livet før og sorgen eg følte ved å misse Bjørn - på Hadeland kunne eg kjenne på ei glede og ei framtidslyst eg ikkje hadde kjent sidan før Bjørn vart sjuk.

Heldigvis har eg mange gode og nære vener og familie der heime som vil meg alt vel. Etter kvart som eg fortalde dei rundt meg kva eg var i ferd med å oppleve, fekk eg så og seie utelukkande gode tilbakemeldingar - alle som ein var dei verkeleg glade for å høyre at eg hadde det bra og at eg hadde funne ein som kunne støtte meg framover.
Men eg har også fått høyre referert at det har vore mange kommentarar rundt om som går på at det var altfor tidleg å finne ein ny ven - "ho kunne vel ikkje vere skikkeleg glad i han ho miste, sidan ho alt no har fått ny kjærest".

Å ta slike kommentarar heilt på alvor har ikkje vore noko alternativ for meg. Eg veit så inderleg vel kor glad eg var i Bjørn og kor eg håpa på at han skulle bli frisk slik at vi kunne verte gamle ilag. Eg veit at eg gjorde det eg kunne for å vere der for han fram til "døden skilte oss", samtidig som eg veit at han er borte for alltid.

Det er ingen som veit kor langt livet blir og kor lenge ein får kjenne på glade dager. Det eg veit akkurat no er at eg har fått meg ein ny kjærest som er glad i meg, som bryr seg om meg og som er interessert i at eg skal ha det godt og vere glad. Han veit at eg er i ei fase i livet der sorg og glede går hand i hand og er villig til å vere der for meg i denne tida. Han er villig til å lytte når eg treng nokon å prate med, han er villig til å le saman med meg når eg har gode dagar og han er villig til å vere der for meg når eg treng trøyst og ei skulder å gråte ved.

For meg kom den nye kjærasten inn i livet mitt akkurat til rett tid - då eg trengde han som mest - så får no folk rundt om ha sine meiningar for og imot om det var for tidleg eller ikkje.

Til slutt kjem eg i hug ei samtale eg hadde med ein kreftsjukepleiar i dagane mellom dødsfallet og begravelsen. Eg vart oppmoda om at eg ikkje måtte avvise kjærleiken om den skulle dukke opp på nytt, for den kunne kome så mykje fortare enn ein rekna med. Dette var noko vedkomande hadde sett i mange tilfeller opp gjennom åra i arbeidet med kreftomsorg - og i alle tilfelle der den dukka opp førte den alltid noko godt med seg for den sørgande som sat att åleine. Denne samtalen var god å ha i bakhovudet når eg oppdaga at det stod ein ny kjærest å venta på meg der ute.

15 kommentarer:

  1. Veit du, Janne Tove, du skriv så godt at eg vert heilt nagla til skjermen her eg sit!!! Språket ditt er godt og måten du bygg opp språket ditt på er godt! Men det var ikkje så mykje det eg ville snakke om:

    Eg trur ikkje at vi menneske er skapte til å vere åleine. Nokre få likar sjølvsagt å berre ha sitt eige selskap å forhalde seg til, medan andre som av ein eller annan grunn har vorte åleine, ventar på ein ny å dele livet sitt med. For det er det det handlar om; Å HA NOKON Å DELE MED! Det gleder meg stort å høyre at der er plass til fleire i hjartet ditt. At du har kjærleik nok til fleire. Det betyr ikkje at din fantastiske Bjørn er gløymt eller utviska frå minnet. Eg er sikker på du har alle minna om Bjørn, alle kjærleiken dokke delte, alle gleder og sorger, godt gøymt og teke vare på i ein gullkanta del av hjartet ditt.

    Livet har så uendeleg mykje glede å by på. Og så uendeleg mykje sorg. Du har opplevt heile registeret, og då er eg glad for at du no har nokon som kan gå ilag med deg, side om side, og vere din nye hjarteven.

    Hadde du vore her akkurat no, så hadde eg gitt deg ein STOR klem og ønskt deg lukke til. Å høyre at du har fått ei ny hand å halde i gleder meg verkeleg. Og det er fantastisk at du er så opne om det og at du skriv så godt om det! Orda dine vil sikkert vere til hjelp for mange andre! Du er ikkje åleine om å vere i denne situasjonen!

    Akkurat no har eg ei lita spysjuk jente attmed meg, men når eg får litt meir tid vil eg gjerne skrive litt om bloggen din på bloggen min. Får eg lov til det? Du skriv så godt om tankar som heilt sikkert fleire deler med deg...

    Ta vare på det store, gode hjartet ditt. Tillat deg sjølv å finne glede og kjærleik på nytt. Ikkje bry deg om dei som seier noko anna.

    Eg heiar på deg, kjære du....

    Stor og god klem frå Tove

    SvarSlett
  2. Tusen takk Tove - det varmar det du skriv både om skrivinga mi og om hjertet mitt. Om du vil skrive noko om dette i bloggen din er du hjartans velkomen til det. Her handlar det om å spre dette viktige budskapet til flest mogeleg slik at folk kan få opp augene for at vi må kome bort frå tida då alle skulle gjennom eit sørgeår før dei fekk lov å gå vidare.
    Som Gunn Hild Lem seier i sin blogg og som ho sa det i Hjemmet for eit par veker sidan:
    Kan berre ei enke eller ein enkemann tore å forelske seg igjenn, er det verdt alle skeive blikka og kommentarane som ein kan pådra seg ved å vere open:-)

    Takk for at du heiar på meg og samtidig alle andre der ute som heilt sikkert har det som meg:-))

    SvarSlett
  3. JA FOR TENK!!!!!

    Sann ska d være!!!

    Ej ivra i vei me masse veivande utropstegn her ej no :)

    Klem på mora mi!!

    SvarSlett
  4. Stå på!! Du kjem alltid utav det du opplev med føtene ned og haudet opp, du Janne Tove. alltid like beundringsverdig!! -For for snille piker ender det alltid godt :) Etter kvart..

    Klem

    HEIA HEIA!!!!

    SvarSlett
  5. Hei Janne Tove:-)
    Har vore innom bloggen din nokre gongar, og må sei meg einig med Tove om kor godt du skriver.
    Vi har vel fått vårt nokon og ein kvar, og vi veit at den so sa at live va enkelt, han laug!!!

    Ein har ett liv, og lever det kun ein gong. Å då skuldar ein seg sjølv å forsøke å leve det best mogleg. Å du skal leve ditt liv for deg sjøl, ikkje slik ein trur at andre vil at du skal leve det. Å til h**** med dei so meine at du skal gjere det på deira måte.

    Nyt kjærleiken du, det er deg vel unt:-)
    Husk at det er bedre å ha elska og tapt, enn aldreg å ha elska.....

    Håper du får ein fin vinter med mykje kjærleik og varme, fulgt av ein enda bedre sommar.
    Lykke til:-))))
    Klem frå mej

    SvarSlett
  6. Nyt Kjærleiken og livet Janne Tove! Det fortener du så inderleg....

    SvarSlett
  7. Du er ei fantastisk dame og du fortjernar alt godt som kan kome deg i hende. Klem

    SvarSlett
  8. Takk så mykje alle sammen:-)))

    SvarSlett
  9. Kjære Janne Tove!
    Eg er så glad for at eg kom over bloggen din!
    Du skriv så godt og fint.
    Så vil eg sei at dette fortjener du!!
    Ikkje tenk på kva folk seier,dette er det faktisk
    ingen andre som har noko med!!!!
    No lurer du sikkert på kven eg er. Eg er den dama
    som du for ei tid tilbake stakk eit kort opp i handa til med tilbud om å ta kontakt for ein prat. Fordi eg var så uproffesjonell at eg plumpa ut med situasjonen min.....
    At du i din situasjon hadde overskudd og ork
    til å tenke på meg rørte meg djupt inn i hjarterota,og vitnar om for eit varmt og godt
    menneske du er. Berre då så synd at eg ikkje
    turde å ta kontakt. Det å skulle ta imot hjelp frå andre sit langt inne hos meg. Gjennon heile
    denne prosessen me har vore gjennom har eg fyrste gong til gode å be om hjelp frå nokon.
    Er det ikkje dumt vel? Kvifor er det slik at me
    må vere så fordømt sterke og klare alt sjølve?
    Er det stoltheit? Det har eg ofte lurt på.....
    No ser det heldigvis ut til at alt går bra med
    oss,sjølv om ikkje alt er heilt avklart endå.
    Men me håpar og trur....
    Ynskjer deg alt godt vidare,og lukke til med
    kjærleiken.
    Du er unik,husk det.

    Varm klem frå meg.

    SvarSlett
  10. Denne er til deg, Janne Tove: www.camillagangsoy.blogspot.com

    Klem

    SvarSlett
  11. Til anonym
    Takk for orda dine. Eg huskar godt at eg gav deg kortet og tilbaud mi hjelp. Det var lett for meg å gjere det - for eg hadde vore igjennom ein lang prosess og følte at eg visste korleis de hadde det då.
    I tida då Bjørn var sjuk prata eg mykje med ei anna dame som var i same situasjon og det var viktig for meg. Men av og til kunne også det vere vanskeleg sidan alt då kom opp og fram i dagen. Ofte var det også godt å prate med folk som ikkje visste - om heilt andre ting. Det fekk tankane bort frå det vonde.
    Kvar og ein må finne sin måte å takle situasjonen på - men det er godt å vite at der er folk ein kan ta kontakt med. Ofte er dette nok, det at ein veit at ein har nokon om ein må.

    Håpar det beste for dokke og at de kan gå vidare uten sjukdomen - det hadde vore heilt fantastisk:-))

    Klem

    SvarSlett
  12. en kollega av meg mista sin mann på samme måte for en del år siden. Hun har nå truffet kjærligheten på ny, og er klar for å leve og nyte livet igjen. Likevel finnes det hjernedøde mennesker, som sa:" jeg så hun var på graven hans med blomster før jul.Så hun gjør det, da, selv om hun har fått ny kjæreste!" Hva er det med folk? Hun slutter da aldri å elske han som døde, men hun får faktisk sjansen til å elske, igjen! vi bør leve som om hver dag er den siste, vi bør ikke utsette noe vi har tenkt å gjøre lenge, vi skal ta den telefonen, gjøre det besøket...Lykke til, jeg ønsker deg lykke til:-)

    SvarSlett
  13. Kjære Janne Tove.

    Las nett det både du og Camilla har skreve.

    Du er ein eneståande og sterk person - og det er godt å høyre at du har funne deg ein kjærest som kan være ei glede og ei støtte for deg. Eg ynskjer deg alt godt vidare i livet.

    "Sorgen er seg selv nok, men for å ha fullt utbytte av gleden, må man ha noen å dele den med."
    Mark Twain

    Varm klem Wenche

    SvarSlett
  14. Nyt kjærleiken Janne Tove :)) Det har du fortjent :)) Hev deg over dei som kjem med sure kommentarar, dei har ikkje bedre vit.. Eller kanskje dei er litt misunnelege ;))
    Klem..

    SvarSlett
  15. ho janne tove er verdens snillaste dame.. og stillte opp for faren min so masse so ho kunne:).. ej vart veldi gla den dagen pappan min ringte mej og sa veit du ka annica ej har fått mej dame. først so trudde ej han berre tolla me mej.. men so såg ej ho og tenkte jippi endelig ei dame so kan sette han pappa på plass.. når ej tenke mej om so har denne dama lært meg masse om live.. den dagen pappan min fikk kreft raste live mitt berre meir og meire ned.. men janne tove og mine venna var der for mej heile tida.. og de fins ikke sterkere dame en janne tove..

    SvarSlett