Vinterhav

Vinterhav

onsdag 14. april 2010

Det vårast....


endelig...etter ein lang og hard vinter er våren her. Vi kan sette oss ut i sola og kjenne kor den varmar oss i ansiktet og er vi heldige sprett det fram ei fregne eller to.

Syns det var stor stas då vi forleden dag kunne leite fram dei nyinnkjøpte plenrivene og sette igang med å rake bort gammalt lau og restar etter vinteren.





Det er alltid så godt når snøen er borte og bakken er blitt så tørr at ein kan ta til med våronna. Alt blir så mykje lettare og lysare - ja så lett og lyst at eg rett og slett fekk lyst til å prøve sykkelen. Det vart ein flott tur langs Jarenvatnet og også tid til ein liten stopp for å forevige våren.

Vel heime vart eg så inspirert av våren at eg måtte få planta meg eit par krukker på trappa. Det er ikkje så mange planter ein kan ta sjangsen på å sette ut enno - men vårlyng og løker var vist trygt nok iflg. dei på hagesenteret.

Resten av ettermiddagen har gått med til å lage ei langpanne med sjokoladekake - så når eg har fått pynta den og kjæresten har kome heim blir det nok ei lita koseleg stund i sola før den går ned over veståsen....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar