Vinterhav

Vinterhav

torsdag 13. mai 2010

På limpinnen igjenn....

Det er ikkje så ofte eg kjøper vekeblad, men tysdag falt eg for fristelsen til å ta med heile to blad heim. Eit ordinært vekeblad med forskjellig småstoff, idiellt til do-lektyre og eit "luksus" blad med innhald utelukkande om vakre rom og fine heimar. Sidan eg skulle tilbringe mange dagar heime åleine med rydding og vasking av huset som skal leggjast ut for salg, tenkte eg at eg fekk unne meg litt utenom det vanlege - og eit interiørblad ville vel vere ei god invistering i så måte....
Do-bladet har sakte men sikkert blitt "opplest" og i dag var tida komen til "luksus" bladet som har lege på stovebordet å smila til meg i fleire dagar. Sette meg godt til rette med ein kopp te og tok fatt på bladet. Bladet inneheldt utruleg mykje fine bilder av vakre stover, kjøkken, bad, soverom og uterom - og eg tenkte at jammen meg er det mange driftige folk rundt om som kan klare å lage slike fine stemningsfulle rom.
Romma er fulle av "antikke" ting som gamle melkespann, jutesekker, korger - ja endatil gamle kjoler er hengde opp strategisk for å skape ei stemning. Det meste er i fargane kvitt, grått og natur - nostalgisk - vakkert oppsett til ære for fotografen.....
Ja for det er nettopp det det er, viser det seg....
Dei aller fleste sidene i bladet har lita skrift under som viser kvar du kan få tak i alle desse tinga, kven som er fotograf og kven som er stylist - rett og slett reklamesider for ein eller annan interiørdesigner eller firma.
Men rett skal vere rett - det finst nokre få litt lengre reportasjar frå heimar i Norge og Sverge - smilande familier benka rundt eit nostalgisk gamalt stovebord med blonder og dill og dall rundt omkring. Der er bilder av mest alle roma i huset - frå forskjellige vinklar - alt nøye satt opp og forsyne meg har dei akkurat same lysestakar og blomster både på kjøkken og soverom. For ikkje å gløyme det nydlege bildet frå hageselskapet til ei av huseigarane - selskapet der utemøblane er overleste av kvite puter, tepper, blonder og endatil blomsteroppsatser som står i stil. Damene kosar seg med kvitvin og jordbær og jammen meg har alle damene valgt kvite blondekjoler frå same designer for anledningen... Den minimalistiske teksten til reportasjen kan igjenn fortelje om kven fotograf og stylist er...og sjølvsagt kvar du kan få kjøpt ein del av detaljane...
Så sit eg her då og sjønar at absolutt alt innhaldet i dette magasinet - over 160 sider - er reinspikka reklame. Eg har altså kjøpt ein reklamekatalog til kr. 69,-!!! Men det verste av alt er at i min iver over å få rydda bort mykje gammalt rusk og rask har eg antageleg kasta og kvitta meg med mange verkeleg skattar som kunne vore danderte rundt omkring for å skape ei liknande stemning. Men gråte over "spillt melk" har eg ikkje tenkt å gjere - eg tenkjer at eg er glad for at eg slepp å tørke støv av alle desse "tinga".
Vist er det fint å ha ein heim med stil og eleganse - men viktigare enn all verdens flotte designerartikler, er det at heimen har plass til meg og kjæresten min og at vi kan ha gode dagar ilag.

Ha ein god dag alle saman
Jannetove

4 kommentarer:

  1. Men så merkeligt.
    Eg veit eg var og skreiv en kommentar til deg her en dag. Men den blev borte tydligvis.

    Eg mente det at i de derre interiörbladene så er mye tull. Det er ikke helt rett når dem skal sette i stand rom för å ta bilder.

    Eg har inget designer hus, med shabby chick interiör. Eg har en salig blanding av det meste. Men det er slik eg liker det.
    Trur heller ikke at allt dem viser i bladene passer hjemme hos alle som ser det.
    Så eg er godt fornögd som det er. Det viktigeste i livet har eg uansett. Ham eg er glad i. Det er det som teller.
    Klems på deg.

    Skal pröve å skrive litt mere på norsk hihi.
    Kos deg videre i kveld nå.
    Synnöve.

    SvarSlett
  2. Dinna limpinnen he ej gått på nokre gongar ja...he liksom ikkje kunna fatte at folk virkeli he so mykje blonder, dill og pynt. Går an å ha det koseli å fint heime uten å fylle opp me alt muli, som trekløveret mitt i sofaen når det er barnetv feks?? Synst at hus som e interiøribladidylliske blir fort umoderne og lite barnevenlege....men det er no mi meining, og har absolutt ingenting i mot at folk he det slik heime. Hadde derimot ikkje villa hatt det sjølv, og det vise!! ;-) Ha ei fortreffeli 17.mai-feiring og lykke til me salg av hus, tenkje du fe selt uansett blonder eller ei!!!

    SvarSlett
  3. Der ligge en ting til dej i siste innlegge på bloggen min;-)

    SvarSlett