Vinterhav

Vinterhav

mandag 10. mai 2010

Vårens vakraste i Kristiansand


Det er alltid så fint å kome seg bort nokre dagar. Denne helga har vi vore ein tur i Kristiansand på "Vårens Vakraste". Dette er ei årleg tilstelling som Veteranenes Fallskjermklubb arrangerer for medlemmane og deira damer "veterinnene". Vi annkom sørlandsbyen utpå ettermiddagen etter å ha vore ein snartur innom Fallskjermklubben i Tønsberg og deira hoppfelt Jarlsberg - samt sørlandsperla Lillesand. Utover ettermiddagen kom fleire og fleire veteraner til og stemninga var god i bakgården til hotellet. Sørlandsbyen byd på gode resturanger og måltidet vi hadde på resturangen Måltid var fortreffeleg.
Laurdagen var den store dagen for hopping og Kurt stillte på Kjevik med flyet sitt. No var det slik at vinden nok var i det vanskelege hjørne denne dagen så det einaste som vart gjennomført var ein "Demo" på grusbana ved festningen.

Etter ein god fiskesuppelunch vart vi frakta til Statsarkivet der vi fekk ei flott omvisning i kjellaren der nasistane dreiv storstillte avhøyr med tilhøyrande tortur av norske krigsfangar under krigen. Det var ei sterk oppleving å rusle rundt i dei roma/cellene som vart brukt på ein så grusom måte mot norske motstandsfolk. Ei omvising til ettertanke.

Dagen vart avslutta med nok eit godt måltid og masse god "drøs" rundt borda. Ein kjempeflott gjeng veteraner frå mange forskjellige stader i norge gjorde til at vi fekk ei minnerik helg og ein fantastisk forsmak på våren i Kristiansand.

Og det fine er at det kjem fleire slike samlinger med denne flotte gjengen utover sommaren.

Turen heim til Hadeland gjekk gjennom vakre Telemark - ein snartur oppom Geiteryggen for å besøke Grenland Fallskjerm klubb før vi kosa oss med ein god lunch i Gvarv. Kjæresten min var som alltid oppfinnsom med tanke på å køyre "nye" vegar slik at eg får sett meg om der eg ikkje har vore før. Det er alltid så kjekt å vere på tur med Bjørn Erik som sjåfør:-))

Takk for ei fin helg til alle Veteraner og Veterinner:-))

1 kommentar:

  1. For en flott tur.
    Fallskjern har eg nok aldrig turt gitt meg på. Eg tör ikke gå opp en stigen en gang.

    Det du forteller om statsarkivet er ubehagligt. Tenk at det er 65 år sedan. Håper det blev riktigt nå.
    Eg gjorde ett inlegg hos meg om frigjöringsdagen.
    Det var det mange i Sverige som ikke visste om.
    Håper det aldrig blir krig igjen.

    Det er alltid godt å ha en god sjåför med seg når en skal på tur. Er gift med en og.
    Ha nå ei flott mandagskveld.
    Klems fra meg som fryser.

    SvarSlett