Vinterhav

Vinterhav

mandag 16. august 2010

Utfordring frå Unge Gangsøy

Ei av dei flottaste jentene eg kjenner har sendt meg ei utfordring - eg skal skrive 6 fine ting om meg sjølv. Ei oppgåve som eg finn vanskeleg - slik er det vel med dei fleste av oss. Vi likar liksom ikkje så godt å seie noko fint om oss sjølve. Men for å kome vidare i livet må vi av og til fokusere på det som er positivt med oss sjølve - så eg får prøve å ta utfordringa.

Men kva betyr det så å seie noko fint om seg sjølv? Det er no slett ikkje sikkert at mine definisjoner på kva som er fint stemmer overeins med alle andre sine definisjoner....Og plutselig har eg kanskje rett og slett sagt noko ufint om meg sjølv - jaja lar det stå til.....

1. Eg er utruleg tilpassingsdyktig. Eg trivst godt same kvar eg er, berre eg har nok mat, varme klede, ei god seng og gode folk rundt meg.

2. Så meiner eg sjølv at eg oftast er blid og i godt humør - sure kjærringar er det verste eg veit.

3. I det siste har eg og begynnt å tru på at eg er litt snill - kjæresten min har iallefall sagt det til meg mange gangar.

4. Å so er eg lovlydig - irriterande lovlydig. For mange år sidan kom eg tilbake til Norge midt på natta etter ein sydentur. I bagasjen hadde eg med den lovlege kvota i tillegg til at eg hadde ein liten skvett jegermeister i ei opna flaske. Lovlydig som eg er insisterte eg på å gå gjennom tollen på raudt. Då vi kom fram til luka der tollaren sat - oppdaga vi at stakkaren sat og sov. Lovlydig som eg er tok eg å nappa han litt i ermet og vekte han. Er neimen ikkje sikker på om den karen syns det var fint gjort.....han skyssa meg iallefall fort vidare med smuglerskvetten min:-)

5. Eg er veldig glad i levande lys og peisvarme og det er vel ein fin ting vel??

6. Å bry seg om andre enten det er familie eller vener syns eg er ein fin ting - så eg gjer så godt eg kan, og trur nok at lykkast for det meste.

Den som eg vil utfordre til å seie nokre fine ting om seg sjølv er ei drivandes flink dame frå Bondalen. Tonje tek du utfordringa??

3 kommentarer:

  1. Du e so søte og ej e enig i alle dei fine tinga du skriv om deg sjølv. Du e ei knakandes kjekke dame, frå A til Å. Gode, snilde og omtenksom og meir te.

    Skal tru om ej greie å seie 6 fine ting om meg sjølv? Ej skal ihvertfall gjere ei iherdig forsøk så får me sjå om ej lykkast ;o)
    Utfordringa e herved teken!
    Klem Tonje

    SvarSlett
  2. 7. Du er ei super venninne å ha!
    Nydeleg å snakke med...sakna deg i nærheita!!

    SvarSlett
  3. Tusen takk Kristin - trivst godt her eg er - men savnar kaffistundene innimellom. Plutselig så er eg heime ein tur så vi får talast:-))

    SvarSlett