Vinterhav

Vinterhav

søndag 17. oktober 2010

Som dagane går...

Hausten er ei god tid når sola skin frå klår himmel og lufta er klår og fargane formeleg eksploderer. Men det kan vere ganske trøsteslaust å vakne opp til dagar som denne.....



....skodda her på Hadelandet mitt blir berre så utruleg tjukk. Og når ein då veit at den ligg berre i dalsøkket og at himmelen over er knallblå blir det litt ekstra kjedleg.
Men så går det kanskje berre ei lita stund og eg oppdagar at lyset endrar seg i sør - det er akkurat som om noko som gløder.....



...og brått har sola fått overtaket igjenn. Då kjennest det godt å leve - humøret stig mange hakk og kroppen følest lettare med ein gang.



Denne helga har vore perfekt for haustaktivitet i hagen. Det har vore tørt og fint ute og sola har varma godt i ryggen sjølvom det om morgonen var heilt nede på - 6 grader. Eg pusla og raka litt under fureleggane i sørhellinga på tomta her - det gjev meg slike gode assosiasjoner til barndomen. Tankane går så lett tilbake til Askjellhaugen og granleggane der - der laga vi store bondegardar med grankongler og furukongler til husdyr og kvistar og mose til bygningar....Syns eg kjenner den gode lukta av varm skog...

Tida har gått og Askjellhaugen har bestått og blitt Ørsta`s nye gravstad - tenk om eg den gong viste kor mykje denne plassen skulle bety for meg og mange andre...

Naboens epler er modne og nokre har falle ned - dette ligg fint imellom steinane i bytet og er ikkje så verst dekorativt der det ligg.



Det er så fint her rundt husa - med store og mange bjørker og ein del furutre. Blir berre så enormt mykje lauv av slike tre - fullt på plenen og i takrenner. Godt med nyinnkjøpt lauvblåsar - fekk samla alt i ein stor haug, og då vart det jo så uendeleg mykje lettare å få det bort. Det gjer godt for oss "gamle" med stive og støle kroppar og elendige ryggar...



Det er nok ikkje mykje som tirrar apetitten som arbeid ute i frisk luft. Heldig for oss at vi hadde denne i press medan arbeidet pågjekk. Ein fin fårerull laga på slagside av lam og litt lammebog - smakar perfekt på grovt brød med raudbetar på.



Det er ikkje meir enn midten på oktober enno - men eg kjenner at det skal bli kjekt med snø, kulde og smått om senn juleførebuingar i år også....

jannetove

3 kommentarer:

  1. Så flotte bilder.
    Den förste var helt herlig.
    Eg lengter litt etter snö nå må eg si.
    Det er så kaldt så det kommer nok.

    Håper den lammebogen smakte godt.
    Klems Synnöve.

    SvarSlett
  2. Ej gler mej veldig til jul...det gjer ej kvar haust. Håpe det verte like fin vinter som me hadde i år...kanskje ikkje so kaldt å so mykje snø, men akkurat passe av alt :) E vel å tru på julenissen...men so trur ej litt på han også;)

    SvarSlett
  3. Hei i kvelden.
    Takker for dine opplysninger. Har leita og googla får å finne information om Gudbrandsdalsosten på nett. Ikke enkelt skal eg si deg. Så eg tar til med dette fra deg.
    Det eg mener med å la G35 leve er at det er kultur og tradition som eg synst er viktigt. At tar dem bort osten fra Gudbrandsdalen så er det ikke Gudbrandsdalsost lenger. Da kan dem bytte navn på den.
    Vi må pröve å ta vare på våre tradisjonar når det gjeller mat og drykk.
    Det er ju kultur og.
    Skjönner godt hvad du mener og tar som sagt til meg det. Men eg liker ikke at dem ska ta bort siste rest av produksjonen fra den rette plassen. Da må dem skifte navn.
    Sen er det en hjelma go ost da. Det kan vi väre enig i :))

    Sitt her og frys.
    Skal pröve å komme meg i seng. Det er kaldt både ute og inne. Sentralfyringa röyk inatt...
    Nå er det 5 minus ute og inne er det 16.
    Håper det blir orden på den i morgon.
    Klems og natta.
    Synnöve.

    SvarSlett