Vinterhav

Vinterhav

lørdag 6. november 2010

Utrulege fakta på ein laurdagskveld

Eg vart plutseleg så veldig, veldig trist her eg sat og skulle kose meg på ein laurdagskveld. TVèn stod på og det var magasinet på TV2 som brått fanga mi merksemd - eg vart sitjande som lamma og fylgje med på innslaget og trudde ikkje det eg såg.

Det handla ikkje om vald, krig eller svolt og elendigheit som ein kanskje skulle tru sidan eg vart så trist. Nei det handla om ei vel etablert familie med to små barn - ei famile med flott hus, god økonomi - og der det såg ut for at alle var friske og hadde det tilsynelatande bra.

Det som var så spesiellt med denne familien var at dei hadde meldt seg på ei ordning der dei fekk køyrd heim daglegvarer som inneheldt råvarer og oppskrifter til 5 sunne og gode middagar. Altså middagsvarer til 5 kvardagar slik at dei sjølve slapp å tenkje ut kva dei skulle ete og så slapp dei å gå innom butikken for å handle det dei trong.

Eg skal ikkje gjere meg til dommar over desse folka - dei må sjølve avgjere korleis dei vil leve livet sitt - og eg er heilt sikker på at dei og alle andre som vel ei slik løysing er flotte menneske som tek godt vare på familen sin.

Det som gjer meg så trist er at samfunnet vårt har blitt slik at vi i det heile har slike valg. Tidsklemma har teke heilt overhand og vi er så opptekne av karriere og ein travel livsstil at vi ikkje har tid til å gje ungane våre ein normal oppvekst lenger. Er det blitt slik rundt omkring at vi ikkje lenger har tid til å planlegge kva vi skal ha til middag og heller ikkje har tid til å handle inn det vi treng??

Dette innslaget handla om middagsmåltidet - kva så med dei andre måltida i denne familen - kvar vart dei etne? Sei det - det vart det ikkje snakka om men eg har nok ein misstanke om at foreldra har betalt for at borna får frukost, lunsh og ettermiddagsmat i barnehagen. Vidare trur eg at dei voksne inntek frukosten i full fart til jobb eller kanskje dei stoppar for ein kaffelatte og muffins på ein cool kaffibar på vegen. Lunchen et dei nok i kantina på kontoret eller så går dei ut og får med noko ferdigsmurt frå ein eller anna kafè på hjørnet.

Så undrar eg meg på om det finst anna mat i kjøleskåpet til dette unge paret - ja det er jo ikkje godt å vite om dei i det heile har behov for det - er ikkje sikkert dei et så mykje kveldsmat....og skulle dei bli svolte er det jo berre å ringe ein eller annan stad så får ein levert på døra.

Undrar meg på korleis den norske småbarnsfamilien ser ut om nokre år....blir det slik???
- All mat blir ete alle andre stader enn heime
- Huset vert vaska av profesjonelle ein gang i veka
- Eksterne firma blir leigd inn for å skifte sengetøy og ta unna klesvask og stryking
- Eigne firma syter for julepynting - julemat og gåveinnkjøp
- Interiørfirma vert leigd inn vår og haust for å style huset.
- Sportsbutikken tek mål og leverer perfekt innstillt sportsutstyr på døra
- Catering - og eventsfirma syter for alle bursdager og andre spesielle feiringar
- Eigne barneoppdragingsfirma......
- osv - osv - osv....

Eg trur vel egentlig ikkje at det går så langt - men eg må sei at eg faktisk er litt skremd over utviklinga. Eg er glad for at eg syns det er kjekt å lage handleliste og planlegge middagen min sjølv - eg er glad for at eg enno finn glede i å bake knekkebrød og lage til jul på tradisjonellt vis....

4 kommentarer:

  1. No vart eg nysgjerrig, Janne Tove... Her har eg tydelegvis gått glipp av noko!

    SvarSlett
  2. forstår godt reaksjonen din..
    alt kan ordnast så "enkelt" i dag..

    Vi har ulike valg vi kan ta og ikkje alle er så gode..

    Ha ein vakker søndag!
    PS: her blir det hjortekjøt på menyen, laga frå grunnen av ;-)

    SvarSlett
  3. Men av og til hadde det vore fint om noken ville kome med ferdi meny til meg og alle råvarene...somme dagar er heilt ræva å kome på ka ein skal ha til middag... ;)

    Det eg lure på er kar folk gjer av all den tida dei sparer. Finst det ein tidskonto ein kan sette timane inn på? Eller legg en dei på lad under haudeputa?

    Håpe for all del at det ikkje går så langt at ein må leige folk til å leve livet sitt... For det er livet, å gå på jobb, kome heim for å vaske, rydde, lage middag, hjelpe borna med lekser, leiker, pynte huset til jul og gle seg i lag med ungane...

    Dersom ein ikkje har tid til dette...då har ein ikkje tid til å leve...

    SvarSlett
  4. Hei der.
    Må si eg ikkje såg dette programmet da.
    Hadde nok blitt veldig lei med.
    Det som eg tenker på er at der så fole enkelt å ta en telefon til andre og dem ordner opp!
    Hvor har gleden tatt veien, gleden å koke middag sjöl, vaske huset til jul, bake pepperkaker og pynte sjöl veien.
    Håper ikkje det går so langt.

    Eg nyter av å bake, lage mat fra grunden av og se dem som skal smake det eg fått til.
    Sier som Gjengen framma i dala, hvad gjör folk av all den tiden dem sparer?
    Har dem slutet å leve?
    Nå skal ihvert fal eg ut og leve litt. Möte nabojenta vid skulebussen...

    Så du er egetlig sykkylving du hihi.
    Ha nå ei flott dag.
    Klems Synnöve.

    SvarSlett