Vinterhav

Vinterhav

onsdag 17. november 2010

Eit mektig skue



På tur heim frå Ørsta sist søndag fekk eg oppleve dette fantastiske synet - for første gang i mitt liv har eg sett ville ørner på nært hald.

Vi hadde akkurat passert første vatnet opp frå Kile mot Bjørkedalen - og i elva mellom vatna sat desse flotte fuglane. Maken kom flygande, landa og flaug igjenn medan vi stod i vegkanten og fylgde med.

Eg har ikkje det beste kameraet for slik fotografering - men syns likevel at eg har fått eit bra bilde av desse to.



Det var kjærasten som fekk auge på ørneparet og stoppa. Eg fekk gå ut av bilen og fram på elvebaren for å ta bilde - den eine ørna sat heilt roleg og følgde meg heile tida.

4 kommentarer:

  1. En sjelden naturopplevelse! Utruleg flotte fuglar ditta.

    Synst bilda vart bra ej ;)

    SvarSlett
  2. Så spennande med slik ei naturoppleving :-)

    SvarSlett
  3. For en opplevelse det måtte ha värt. Imponert over dine bilder.
    Det er en stor opplevelse at se slike fugler.
    Har aldrig sett dem i virkeligheten sjöl.

    Klems Synnöve.

    SvarSlett