Vinterhav

Vinterhav

søndag 19. desember 2010

Svart og kvitt....

Søndag kveld - 4. søndag i advent og eg har hatt ei fin helg. Eg har hatt besøk av yngste sonen og forloveden - Sondre og Carina - to flotte unge menneske som eg set veldig høgt. Eg er så heldig at eg har 3 flotte born, 2 nydlige svigerdøtre og ein utruleg god kjærest. Eg er glad for at eg kan vere takksam for alt det gode - det er ikkje kvar dag det er unt oss menneske å ha det like godt.

Denne helga er det mange rundt om i verda som brått har fått livet snudd opp ned - det finst mødre som gret i fortviling over tap av eit barn - det finst mange som lyt gå vidare i livet med eit sår i hjarte. Eg veit at dagane deira ein gang vil bli lyse igjenn - men det tek tid....og sjølv om livet smiler vil nok dagane skifte frå kvitt til svart innimellom....


Eg ligg heilt stille
Nagla til underlaget
Stiv – kan ikkje bevege meg
Atter ein gang låst
Natta er enno ung

Gang på gang natta igjennom
Våken - kjempar meg tilbake
Tilbake til den sorglause søvnen
Glir bort – ut av smertene
Inn i draumane

Gjennom vindauga
Skimtar eg det grå morgonlyset
Røyver meg forsiktig
Strekkjer varsamt ut musklane
Så kjem klumpen

Mageklumpen
Som minner meg om kvardagen
Redsla – angsten og smertene
Alle dei vonde minna
Kan dei aldri la meg kvile...
 
-jannetove nov.2010-

Tida leger sår og vi menneske går vidare - heilt til det skjer noko som minner oss om det som var - om kampen - gråten...Eg trur dei fleste av oss har slike netter innimellom - har tunge stunder....Då er det fint å få eit smil, ein klem eller eit klapp på skuldra.
Så midt i denne travle førjulstida vil eg berre kome med ei oppmoding - ta vare på kvarandre...
jannetove

1 kommentar:

  1. Så nyyydeleg, Janne Tove... Så sårt og rørande, leitt og tungt - samstundes som det var vakkert... Eg tek diktet og tankane dine med meg inn i førjulsnatta.... Det er mange som skal få ein god klem med meg før jul... Hadde du vore på Ørstabesøk skulle du ha fått ein du òg!

    Takk for at du minner oss på dette...

    SvarSlett