Vinterhav

Vinterhav

tirsdag 18. januar 2011

Brød på ein sunn måte

Har nemnt det før og eg står ved det....eg har ingen nyårsløfter. Men like fullt kjenner eg på kroppen at den har behov for litt anna næring enn all den karbohydratmaten som vi gjerne omgir oss med. Kom over ein blogg her om dagen - ei ung jente hadde laga eit brød uten kveitemjøl - og dette brødet såg skikkeleg godt ut....

Brødet blir laga av egg, creme fraiche, olje, solsikkekjerner, sesamfrø, linfrø, kruskakli og bakepulver. Kjempe enkelt - berre å blande i hop og legge i smurt form. Og har du slike fin fine silikonformer som eg er så heldig å ha fått fatt i - ja så treng du ikkje en gang å smørje forma.

Desse brøda smaka fortreffeleg og er absolutt å anbefale.

Har vore ein tur til ein naturmedisinar her i dag - fått meg litt masasje på "vondtane" mine. Det gjer så godt å belønne seg sjølv litt innimellom - humøret blir betre og ein orkar straks litt meir. Naturmedisinmannen min var av den oppfatning at det kanskje kunne vere lurt å slappe av etter behandlinga og drikke mykje vatn.

Vatn er vel noko av det viktigaste for livet på jorda og heilt sikkert undervurdert som næringsmiddel - noko vi her i Norge tek som ein sjølsagt del av livet.

Eg må innrømme at eg er litt slurvete med vassdrikkinga mi - tyr gjerne til kaffi eller brus istaden - men når eg fyller ein fin karaffel med reint, kaldt og friskt vatn og har i nokre skiver lime - ja så blir det faktisk både delikat og godt.

janne tove

4 kommentarer:

  1. Nå blev eg tyste....
    Såg så godt ut med vatn og lime. Har akkurat lagd lax i ovnen og brukt en lime til det. Det ligger en til i kjöleksapet. Blir vant til middag idag.
    Må pröve det brödet der trur eg.
    Ser godt ut må eg si.

    Håper ellers at allt er bra med deg.
    Her går vi nok in i innspurten på forkjölelsen.
    Håper den reiser snart.....
    Kos deg denne grå og litt kjedelige tirsdagskvelden.
    Klems Synnöve.

    SvarSlett
  2. Så spennande eit brød :-)
    Ha fortsatt fin veke!

    SvarSlett
  3. kor fine brød former ---- kor har du kjøpt dei ;)

    og brøda såg jo berre knallgod ut ;o)

    klemma

    SvarSlett
  4. Ditta såg ut som tupperwareformer ;)
    Såg no veldig god ut dissa brøda. He ei her so ikkje skal ha mine heimelaga brød. He vore litt for utskjemde me kjøpebrød siste tida... Skal ta mej sjøl i nakkeskinne no å bake litt!! ;)

    E deili å kunne ta litt "naturmedisin". Hjelpe på alt synst ej :)

    SvarSlett