Vinterhav

Vinterhav

mandag 17. januar 2011

Ein anfall av sunnheit....

No har det vore ei periode med litt ruskete veir og ein del snøfall - så i dag var det fantastisk å vakne til flott vinterveir med klar himmel og - 6°C i morgontimane. Bestemte meg for å gå runda over Framstadhøgda - ei runde på ca. 5 km med ganske bratt stigning i byrjinga og slakke nedoverbakkar på slutten.

Tok med solbriller - sola er så lav no i midten av januar at det kan vere godt å ha noko som skuggar litt for augene når ein går.....men det var ikkje så behageleg med briller. Varmen frå heite kjakar og pusting og pesing i bakkane gjorde at brillene dogga så eg mest ikkje såg nokon ting - men eg fekk no med meg naturen rundt meg allikavel.

Sjå berre her....store spor i snøen som hadde kryssa gjerdet i motbakke....kan antageleg ikkje vere eit lite dyr dette....ein elg kanskje - eg har no ikkje peiling, men eg vel no å tru det eg....

Var ikkje berre eg som var ute denne fine føremiddagen - desse tre ser ut for å fått eit eller anna godt å ete i snøen - opptatt som dei var med nasen i bakken. Fine kulisser å innta lunchen i - med Rånåsen i bakgrunnen.

Vel heime etter ein frisk og god tur, kjende eg på at det kunne vere godt med litt å ete. Fant ut at eg skulle lage meg litt linsepurè - kjempegod erstatning for poteter og sunt og godt. Starta med 3 dl raude linser og 6 dl vatn som skal koke saman i ca. 10 minutt. For å få litt meir smak på maten leita eg fram litt sjalottlauk og selleristenger og hakka i......

.....med litt salt og krydder (basilikum, peppar og kvitløkspulver) vart det ein lekker purè som tilbehør til ein halv boks tunfisk i vatn. Ein rask og sunn lunch full av protein og nesten ikkje karbohydrat.


Det er berre midten av januar enda og lenge lenge til våren - men ein kan ha lov å bli aldri så lite vårkåt når ein får sola inn gjennom stoveglaset og den skin så fint over tulipanbuketten frå helga....

Håpar vi får mange mange slike fine dagar frametter....




Janne Tove:-))

2 kommentarer:

  1. Kor herlig Janne Tove! Her he det regna samfengt i fleire dagar...kjennes i allefall slik ut. Mykje snø og is som stenge for vatnet...Kan ikkje anna enn å gå gale det! Men men, glade for at ej bur oppi ei side so alt vatne renne vekk frå oss ;O)

    SvarSlett
  2. SÅ godt du har det bra!

    Her har det regna og regna..
    såpeglatt ute..
    Best fyre i omnen og halde seg inne :-)

    SvarSlett