Vinterhav

Vinterhav

fredag 21. januar 2011

Fredagskos

Endeleg fredag - det går nærast eit sus over landet - endeleg fredag....Rundt om i dei norske heimane landet rundt er det helgestemning og mange har fast "fredagsmat" som heile familien gled seg til heile veka. Ser at nokre brukar fredagstaco - andre brukar heimelaga pizza til gullrekka - atter andre gjer det enkelt og får bringa maten denne dagen. Uansett kva ein vel så er det alltid noko ekstra fredfullt og godt over fredagen. Helga ligg framføre oss og vi har eit "hav" av tid før det igjenn vert mandag og kvardagen krev oss.

For eigen del har eg ikkje lenger nokon fast fredagskos - ikkje ein gang Kim`s som reklama så ivrig vil påprakke meg. Nei her i huset blir det som oftast at vi i felleskap finn eit eller anna i frysen rett etter frukost som får ligge å tine seg til herskapet finn det for godt å bli middagssvoltne.

I dag vart det kyllingfilet med steikte grønsaker - ris og sursøt saus til. Eigentleg hadde eg få tankar om at eg skulle lage eit "fint" helgemåltid i dag - men etter kvart som arbeidet med maten kom i gang - kom også inspirasjonen.

Første steg i prosessen var å krydre kjøtstykka godt med salt og peppar og brune dei raskt på steikepanna.
Kjøtet vart så hatt i ildfast form og ferdigsteikt i steikomnen. Dei steikte grønsakene denne gongen bestod av ei gulrot skiva i tynne skiver med ostehøvel, ein sjalottlauk i bitar, stangselleri og vårløk kutta i bitar, ein boks hermetiske sjampinjongar, ein halv squash og ein liten boks annanas.
Alt dette vart surra i steikepanna med god olivenolje og masse basilikum til alt var møyrt. Sidan eg ikkje er oppvaksen med kinamat - må eg rett og slett innrømme at sursøt saus kan eg rett og slett ikkje lage - så eg brukar å ha nokre kjøpesaus ståande i skapet - sann i tilfelle....
Men eg må berre tilføye at no kan eg det....altså lage sursøt saus....det er jo kjempeenkelt....takka vere nettstader som matprat.no . Så no må eg berre få kjøpt inn det eg treng så blir det nok ei løysing på det også:-))

God mat fortener god drikke og heldige meg......vinhylla var ikkje heilt tom. Fant ei flaske som vi har fått i gåve av ein kamerat - ei flaske som berre har venta på eit godt måltid. Vinen saman med ein karaffel isvatn med lime og maten vart eit rasande godt måltid.

Og som vanleg laga eg akkurat ein porsjon for mykje...så restane blir ei finfin gryte til å varme opp til føremiddagsmat i morgon. Men før den tid......har eg tenkt å kose meg med resten av vinflaska og fredagskvelden ilag med kjærasten min - forøvrig verdens beste:-))

God helg alle der ute:-))

jannetove

2 kommentarer:

  1. OJ NO VART EG SVOLTEN ;-)

    VI HAR "ALLTID" HEIMELAGA MAMMAPIZZA PÅ LAURDAGANE. FREDAG ER IKKJE SPESIELL I VÅRT HUS.
    MEN GODT MED HELG ER DET!

    GOD HELG!!

    SvarSlett
  2. For en deilig middag.
    Skjönner ju at det fredagskos dette.

    Håper nå helgen blir fin for dere og.
    Klems Synnöve.

    SvarSlett