Vinterhav

Vinterhav

søndag 27. mars 2011

Det var slik det vart.....

Ho kjenner det mest før ho er vaken – kjenner at sola skin og at det er ein uvanleg god dag. Varsamt startar ho på fyrste arbeidsoppgåva denne dagen – arbeidet med å vakne kroppen. Ho strekkjer varsomt – bøyer og tøyer – forsiktig slik at det ikkje gjer så vondt. Vel oppe og på badet merkar ho at ho smiler for seg sjølv og tek seg i å nynne ei strofe frå ein gammal melodi. Ved frukostbordet føler ho at det kokte egget og den varme teèn er like gyllen som sola som fløymer inn vindauga – akkurat i dag er livet godt.

Det er enkelt å velje bort dei huslege syslane ho har planlagt for dagen, det er ikkje verre enn at heile planen kan skuvast ein dag fram – eller kanskje er ho heldig og kan klare å gjere arbeidet seinare – etter turen. For i dag er det ikkje tvil, i dag må det bli ein tur ut i sola – ut for å nyte – ut for å kjenne på naturen og at ho lever.

Det er ikkje så mange slike dagar, så dei gode varme ullkleda kjem på og ho gjer seg klar til å gå ei av dei faste rutene – akkurat langt nok til å vere trim og kort nok til at ho ikkje er heilt øydelagd når ho er ferdig. Fotoapparatet i handa og ho er klar til å ta imot dei gode opplevingane som det er å gå tur i sola.



Ho snublar over dørstokken, kjenner det svi bak augeloka, kjenner klumpen i halsen og følelsane rir ho. Det gjer vondt kvar gong – men ekstra vondt i dag – for i dag var jo dagen så god. Så kvifor kunne ho ikkje berre få ha denne dagen i fred og ro – ho trengde ikkje møte på gamle kjende akkurat i dag. Vist er det vel hyggeleg å treffe gamle kjende – det er berre det at med samtalen kjem spørsmåla – spørsmåla som er så vanskelege å svare på.

Å fortelje at ho ikkje lenger er i arbeid er vanskeleg – det er sårt og vondt. Ho kan sjølvsagt late vere å fortelje kvifor ho ikkje arbeider – men det medfører fleire spørsmål enn svar og ho veit korleis folk reagerer på det. Ho sjønar at folk då blir nyfikne og lurer på om ho er alvorleg sjuk – om det er noko fælt som ho ikkje orkar prate om.

Ho kan likegodt vere ærleg…Fibromyalgi er ikkje noko dødleg eller fælt alvorleg – det er berre så inderleg lite synleg på utsida – og så frykteleg utmattande. Ho går rundt og ser frisk og fin ut – i alle fall dei dagene ho er ute blant folk, dei dagane steller ho seg, pyntar seg og ser frisk ut. Dei dagane smiler ho – ler og prater med folk – dei dagane formen er såpass at ho orkar å gå tur, orkar å møte spørsmåla og blikka.

Dei andre dagane når smertene har overtaket, når motløysa rir ho og natta har vore lang og søvnlaus – dei dagane går ho helst ikkje ut – då orkar ho ikkje forholde seg til blikka og spørsmåla. Då held ho seg heime og prøver å stelle litt i huset, lese litt, strikke litt eller rett og slett filosofere litt. Det er mange tankar som skal bearbeidast når ein må innsjå at ein er ute av arbeidslivet – når ein opplever at alderdomen kom lenge før ein hadde tenkt.

4 kommentarer:

  1. Det er ikkje alderdomen Janne Tove. Eg nektar å godta at vi er så gamle.
    Det er sjukdomen som gjer at folk ikkje er i stand til å fungere i arbeidslivet, og det er noko anna en alderdom.
    Det du teke opp her er viktig, at folk kan forstå at f.eks. fibromyalgi er smerter og dårlige dagar - men også nokre gode dagar inn i mellom. Å når ein lærer å leve med en sjukdom lærer en også nokre "knep" - som det å utnytte gode dagar, og at ein må ta det piano både på gode og dårlige daga for å fungere.
    Å det er ikkje bære bære å "sleppe å gå på jobb". På dårlige dagar er ein sjeleglad ein slepp, på gode dagar ynskejr en gjerne å ha en jobb, og alle dei "mellomgode" dagane variere det. Men dei paykiske belastningane er større en folk trur. Det er bære å sette seg ned å tenke gjennom kordan en vil ha det sjøl om en ikkje skulde gå på jobb meir... Det er ikke så lukrativt....
    Så må ein prise seg lukkeleg for at ein ikkje har fibromyalgi, og at gikta foreløbig er på eit nivå der den er til å leve med - uten medisin:-))))
    Håper det blir mange gode dagar framover:-)

    SvarSlett
  2. Kjære Janne Tove!

    Ingen kjenner korleis skoen trykke som ikkje har den på..
    Varm klem med ynskje om ei god veke for deg :-)

    SvarSlett
  3. Kjenner til sjukdommen via nær familie, og veit korleis det er med gode og dårlege dagar. Så eg seier: NYT dei gode dagane ekstra mykje, gjer nett det du vil utan å få dårleg samvit, for du veit godt nok korleis dei vonde er... Klem!

    SvarSlett
  4. Du skriver så man får vondt i hjertet. Skjönner at det er så når man har fibromyalgi. Må väre så pass erlig å si at eg föler meg heldig som ikke er plaga med det. Men når det er sagt så har eg kanske andre kremper som eg sliter med. Trur vi alle våres problemer. Men du er så flink å sette ord på det. Å skrive så man faktiskt föler hvor vondt det er sjöl.
    Hvorfor må andre folk väre der og spörje, grave og grafse. Snuse i ting dem ikke har med å gjöre. Men idag er det slik, det er stygt å väre sykmeld. Man blir sett på som en parasit av veldigt mange. Kjenner det samme når eg er hardt plaga av nakkeslengskaden eg har. Den gir med ei frökteli hodepine og kvalme. Så ja, eg trur eg skjönner deg meget godt. Du har satt ansikt på en skremmende sykdom som ikke synes for andre. Det er töfft gjort.

    Stor klem til deg Janne Tove.

    SvarSlett