Vinterhav

Vinterhav

fredag 4. mars 2011

Likheit for lova???

Det finst vel ikkje noko verre enn å måtte gravleggje eit barn, ein far, ei mor eller nokon som ein verkeleg er glad i. Kvar einaste dag døyr det nokon rundt om i Norge og elles i verda - og det er alltid nokre som står att med gråten og sorga.

Heldigvis er det slik at vi er oss sjølv nærast - vi slepp å ta inn over oss all sorg og naud som skjer - vi lever liva våre på godt og vondt og så må vi forholde oss til vår eiga sorg den dagen vi får smake den.
Det ville nok bli heilt uutholdeleg å vere menneskje om vi skulle ta inn over oss all verdens sorg - då ville vi nok ikkje hatt mange gode stunder på jord.

Det er alltid godt å få gode ord og medfølelse når ein misser ein av sine - gode klemmar og klapp på skuldra varmar godt i slike situasjonar. Nokre av oss opplever at dei vi er glad i døyr stille og roleg og avisene skriv lite eller inkje om saka. Likevel får vi gode klemmar og gode tankar frå dei vi har rundt oss.

I andre tilfeller blir det store oppslag i media - som når nokon misser sine i dramatiske ulykker. Då er det så uendeleg mange fleire som veit om det og grufulle detaljer er ofte spreidde på papir og nett av nyheitshungrige journalister som overgår kvarandre i å skape det beste "blikkfanget". Og heldigvis får også desse gode klemmar og gode tankar frå dei som dei har rundt seg.

Akkurat no har det vore mykje blest i media om forliset i sørishavet - og det har enda opp med at kapteinen er annmeldt for nokre lovbrot han har gjort seg skuldig i. Her ser vi at det er danna grupper til støtte for denne mannen - og mange reagerer på at han skal straffast for desse "småtinga". "Alle" er einige om at han har fått nok straff - han har mista venene sine og det han opplever no er hardt nok. Så då kan han vel få sleppe unna denne anmeldinga. vel???

I andre tilfeller døyr det kanskje eit menneske i ei bilulykke - ein sjåfør har vore uoppmerksom og har køyrd ut i vegen uten å sjå at det kom ein trailer der...sjåføren misser sin beste ven. Førarkortet vert kverrsett på staden, han vert annmeldt og tiltala og straffa blir bot eller fengsel utifrå kor stort lovbrotet hans er. Det er nok nokon av hans nære som også no meiner at han har fått straff nok ved at han har mist sin gode ven - så han kunne vel få sleppe unna den tiltalen vel???

Ein annan dag er det sol og sommar og stemninga er høg rundt bålet på stranda. Etter kvart som kvelden blir til natt vil folk heim for å få kvilt ut til neste dag. I den lyse sommarnatta går det litt for fort i ein sving - og bilen skjer ut og sjøføren misser sambuaren sin og eit vennepar. Sjølv har sjåføren som berre har drukke nokre få pils englevakt og slepp unna....Det er vel eit fåtal av oss som no meiner at han må sleppe straff sidan han har fått nok staff i og med at han har mista så mange av sine....

Vi kan nok vere enig eller uenig i dei ymse lovene vi har å forholde oss til - men i mitt hovud er lovene til for å haldast - ikkje for å brytast....

jannetove

4 kommentarer:

  1. Ja, lover er til for å haldast.
    Alle desse situasjonane då nokon mister livet fordi andre kanskje ikkje har gjort det dei skulle.

    huff, trasig!

    god helg til deg!

    SvarSlett
  2. Enig med deg Janne Tove.
    Ulykker skjer, og det må vi forholde oss til.
    Men når ulykkene skjer fordi nåken bære teke seg lov til å gjere so dei vil, då vert det nåke anna. Dei so meine dei e berettiga til det meste fordi dei he lyst til å gjere det, må også ta konsekvensane ta det dei gjer. Om dei renne ned frå bratte fjelltoppa å utløyse ras eller verte setande faste på fjellhylle fordi dei hoppa ut føre farlige fjellparti eller ka det no måtte være. Dei utløyse redningsaksjona å andre må gå ut å risikere livet for å redde dei. Folk i rednignstenesta he også pårørande...
    Når en meine seg heva over alle lova å regla fordi en e cowboy på berserk nivå, så må en også verte stilt ansvarlig når det gjenge gale. De e en kalkulert risiko, å disse karane he til og med våre inne i et ekstremt sårbart naturområde å leika seg kun for egen fornøyelse.
    Då synst ej dei skal ta ansvaret for det dei gjere, akkurat slik du og eg må gjere det når vi gjere nåke gale.

    SvarSlett
  3. Hei,
    og takk for kommentar inne på min blogg :)


    Utrolig bra skrevet.
    Og jeg er enig i at lovene er til for å holdes.

    Hilsen Kari

    SvarSlett
  4. Bra skrevet enig med deg! Noen må jo ut for å redde de også. Syns det var flaut å være norsk, i dette tilfellet. Har budd i Chraist chursc å syns så synd på de som har fått heile byen sin ødelagt. Nokk å stri med å så måtte de ut å leite etter gale nordmenn også.

    Takk for hyggelig hilsen, Ønsker deg også ein fin 8 mars. Klem.

    SvarSlett