Vinterhav

Vinterhav

torsdag 3. mars 2011

Skurefillelykka

Lykke kan vere så mangt og det er slett ikkje sikkert at det som gjorde deg lykkeleg i går, er det som skapar same følelsen idag. Såpelukta som fyller heile huset etter at husmora har lagt sjela si i arbeidet gjev akkurat den følelsen no. I allefall for meg her eg sit og kan skue utover ei solbada stove som iallefall er nokonlunde fri for hybelkaniner.


Men det er ei lykke med ein viss "bismak"...... Ein nokonlunde smidig og mjuk kropp er veksla inn i reine golv og støvfrie benkar. For det var slik før eg starta - då var kroppen til å leve med - ikkje smertefri - men grei nok.

Resten av dagen blir vond - musklane og ledda stivnar til og verkjer - ryggen følest avbroten....

Syns det er tungt å erkjenne at eg ikkje klarar alt eg kunne før - det er rart å måtte planlegge dagane slik at eg "sparar" litt husarbeid til ein annan dag - at eg ikkje brukar meg opp i ein gong. Det er tungt å heile tida ha dette vonde i kroppen - det som aldri let meg få kvile....

Men eg må vokte meg vel for å ikkje la "bismaken" ta overhand - med litt positive tankar så kan eg skubbe "bismaken" bakerst der han høyrer heime og la lykkefølelsen og gleda kome fra i lyset.

Eg kan glede meg over dei gode fargane i garnet som ventar - for når eg har fått kvilt meg litt vil eg nok kunne kose meg med maskane ei økt. Og i kveldinga blir det godt prat rundt bordet i lag med "maskedamene".


Å sjå berre sola og blomane i vindauga - sjå våren som nærmar seg. Om det stikk og verkjer frå tå til nakke - så veit eg at det ikkje er noko alvorleg - eg er ikkje alvorleg sjuk.


Eg kan velge å sjå lyst på livet - lære meg å leve med det som livet har gitt meg - glede meg over dei gode tinga - le i lag med kjærasten min - glede meg over dei flotte borna mine.....i det heile gripe dagen og leve.

....eg seier ikkje at eg klarar det kvar gang - men eg blir flinkare og flinkare....eg vender andletet mot sola....så er iallefall skuggen bak meg:-))

jannetove

2 kommentarer:

  1. Eg må starte med å rydde litt og så vaske..
    skal vere trim det, seier dei..
    Godt du innimellom klare sjå smertene i eit positivt perspektiv..

    Ha ein fin dag med maskedamene!

    SvarSlett
  2. :)
    Kos deg med pinnane og godt selskap.
    Klem Tonje

    SvarSlett