Vinterhav

Vinterhav

fredag 25. mars 2011

Strikkeproduksjon


I morgon har Tore bursdag - Tore fadderguten min - Tore blir 9 år. Han bor så langt borte at eg ikkje får hatt kontakt med han så ofte eg skulle ynskje - men desto kjekkare når eg får møte han.
I forgårs vart denne pakka ned og sendt over fjellet - håpar den kjem fram til dagen - håpar den passar og at den fell i smak.


Syns fargane høver så godt til goguten og håpar gensaren kan varme den vesle skrotten utover vårparten og kanskje også ein kjølig sommarkveld.

Gratulerer så mykje med dagen din Tore - håpar du får ein flott dag.

Har vore inne i ei god strikkeperiode no og enno eit plagg ligg klart til bruk - men eg lurer på om dette plagget lyt få vere her ei stund enno.


Men eg ser føre meg kven som skal trippe rundt i kjolen - eg ser føre meg kva slags anledning som skal brukast som påskot til å gje gåva.

Det er så fint å kunne avslutte eit prosjekt og starte planlegginga av eit anna - trur kanskje det blir noko til mor sjølv neste gang. Til mor frå Mor Løken`s Heimespøta:-))

7 kommentarer:

  1. Dyktig du er :-)
    Her treng vi iallefall varme kle, vinteren ville ikkje gi slepp alikevel...

    God helg!

    SvarSlett
  2. Så flink du er, Janne Tove!!! Dei er kjempeheldige dei som får så fine gåver!

    SvarSlett
  3. Nydeleg,både gensar og kjole!:-))
    Å so artig med personleg merkelapp!!
    Flinke du e Janne T!!;)))
    KLEM og god helg:-)

    SvarSlett
  4. Hej! :) Du er vældig flink til håndarbejde, ser jeg. Så fint. Det er desværre ikke en af mine stærke sider. Jeg boltrer mig med ord i stedet for.

    Tusind tak for fine kommentarer hos mig. Og ha' en flot uge, for nu rejser jeg jo snart til Spanien. God weekend. Klem.

    SvarSlett
  5. For nokre flotte plagg du he strikka Janne Tove! Trur Tore vert særs nøgd med gåva si. Flotte lappa du he fått laga dej :) Skulle hatt nokre sjøl også, kar du he kjøpt dei hen?

    Her skin sola etter dagar med snøv, igjenn... Gutane ligg på kvar sin sofa med feber og spysjuka så d e dårlig med utekos i finevèret for oss i dag. Vi håpar på maaange finevèrsdagar så då går det vel greit å gå glipp av ein også ;) God helg! Klem Tonje

    SvarSlett
  6. Superfine strikkeplagg! Beundrar de som kan trylla slik med garn og stoff, ikkje nett mi sterke side ;) Og kjekt å ha deg innom bloggen min med gode kommentarar, veldig motiverande for ei lita poetspire:)

    SvarSlett
  7. Til orientering så er navnebanda kjøpt på nett hos
    www.minanamneband.se

    Raskt og greitt - men det er berre å google merkelapper eller navneband så får en opp masse firma som kan levere:-))

    jannetove

    SvarSlett