Vinterhav

Vinterhav

lørdag 30. april 2011

Heime, men ikkje heilt landa....

Eg er heime igjenn - ja det er fleire dagar sidan no, men like fullt nytt. Huset stod på same staden - hagen og - sjølvom våren hadde komt på besøk når vi var borte. Men allikavel kjennest det rart - som i eit vakum. Det kjennest ut som om grunnen under føtene mine gyngar enno og landskapet står merkeleg stille utanfor vindauga. Etter 12 dagar i bevegelse og med stadig skiftande omgjevnader er det litt tomt og rart å berre vere i ro og i kvardagen.

Ei reise med MS Trollfjord frå Bergen via Kirkenes og tilbake til Bergen har gjort uendeleg stort inntrykk på meg - inntrykk som eg heilt sikkert kjem til å bruke tid på å bearbeide. Men på den måten varer ferien lenger og sakte men sikkert vil heile den fullkomne turen legge seg tilrette i den menneskelege harddisken.

Ei reise i kontrastar
stilla og storm
blått morgonlyst hav


tidleg morgon over stadthavet -11

Grå og våt morgonby

Ålesund tidleg palmesøndag - våt og trist - 11

Speilblank morgonelv

Nidelven Trondheim -11

Roleg kaffikos

Kaffikos ein tidleg morgon på Bakklandet -11

Stemningsfull fyrlykt
på roleg hav

Fyrlykt langs leia -11

Romantiske middagar

Middagskos på fast plass heile turen -11

For meg vart turen eit eventyr - ei reise gjennom fleire årstider - ei reise langs vårt langstrakte land - ei reise i luksus og ei reise for livet.
No kan kvardagen kome for eg har fått påfyll av inntrykk og minner som eg kan leve på i lang tid.

klem jannetove

3 kommentarer:

  1. Så flott at dokke hadde ein fin tur! Vi er heldige her i Noreg.. Vi har liksom mykje av alt når det gjeld natur...
    Mmmm Kaffi på Bakklandet... lite kan måle seg med det!! :)

    ha ein vakker laurdag i kvardagen din! Håpar at du snart sluttar å gynge;)
    Klem

    SvarSlett
  2. Så kjekt å ha deg tilbake, sakna nokon Janne-Tove kommentarar;) Stemningsfulle bilete, så bra at turen var vellukka!!

    SvarSlett
  3. Så flott ein tur du har hatt..
    Skulle stått på kaia i Ålebyen og vinka til deg ;-)
    Ha flott maiveke!

    SvarSlett