Vinterhav

Vinterhav

mandag 11. april 2011

Stress


MORGONKAV
Ho vaknar brått
Ser seg skremd rundt
Det er morgon
Sveitten driv
Pusten går fort
Strevar med å huske
Det som skulle gjerast
Musklane stivnar
Kva har ho gløymt
Kva er det ho ikkje har fått gjort
Kvar morgon
Same kjensla
Pliktene - alt ho skal rekke
Kjensla av noko ugjort
Kjensla av stress
Vere snar
Kome seg opp
Kome seg i gang
Få unna alt som skulle vore gjort i går
Aldri ein morgon utan denne forbanninga
Pust ut - du er ikkje der lenger
Det er andre tider
Tider med tid for å kvile
Tider med betre tid
Tider utan pliktene
Tider utan stresset
Forbanninga frå tida før
Får nok fylgje ho
jannetove-11

ei grind langs sætrevegen - 09

3 kommentarer:

  1. Flot digt. Du er virkelig flink! :) Det er godt at læse med hos dig.

    Ønsker dig en dejlig aften. Klem.

    SvarSlett
  2. Kjempefint dikt, og herlig grind ;)

    Ha en flott dag.

    Klem fra Kari

    SvarSlett
  3. Jammen har du skrive eit dikt om meg!!! Traff akkurat blink i går iallefall... Har det heldigvis bedre i dag :)

    Ha ein kjekke kveld!

    SvarSlett