Vinterhav

Vinterhav

søndag 14. august 2011

På gamle stiar

Skiltet levnar liten tvil om kvar eg er på tur


Mange tankar går gjennom hovudet når eg får gå på
gamle stiar.
Kan nesten høyre mjølkestrålen som treff metallbøtta
og kjenne lukta av varm nysila mjølk.


Det var ved denne vårfjøsen bror min vart lokka til 
å prøve å ri på kvigene
- det måtte jo ende med knall og fall....


Det andre av dei fire leda på vegen
idag kviler det inntil ei granstamme og er ikkje lenger til hinder.


Ved tredje ledet - der storfonna gjekk -
heng trimposten og lokkar fram turgleda.


I dag som før kan ein leggje att ei helsing
på naturens eiga tavle.


Berre bakkeledet eller fjerdeledet som eg kallar det
har framleis oppgåva si i behald 
- her kan ein nok tjene seg ein slant som grindtaus
ein fin sommardag.


Gammalt handverk tener enno.


I dalbotnen får småelvane renne fredfullt i den 
mørke og lune skogen.


Den gamle bogebrua vitnar om farne tider.


Andagrova - min barndoms badeplass

Her var det han gamle Løken kveikte bålet
og koka søndagskaffien på svartkjelen -
og mor Signy leita fram dei finaste smørbrød
frå matøskja
.
Her var det vi ungane fekk nyte søndagsfreden 
ilag med blide og avslappa foreldre
Mang ei krede vart freista fanga på heimelaga 
fiskestenger og maurbet og myggestikk høyrde
sommaren til.


Mang ei reise ut i den store verda har funne stad her -
iallefall i barns fantasi
Den gamle bilen som for rundt 40 år sidan 
var nesten brukbar, har fått merke tidas tann


Her leika vi - skapte vi eventyr og drøymde oss bort -
og syns det var ulideleg spennande 
då vraket vart brukt som skadestad under ein øvelse

At det har vore ein bil kan eg seie - ikkje avdi eg ser det
men avdi eg veit det


Ei vandring i fred og ro tilbake
til barndommen
vart eit frydefullt minne
frå denne sommaren
Det enkle er ofte det beste.

jannetove - 11

9 kommentarer:

  1. Du skriv fantastisk vakkert, Janne Tove <3

    SvarSlett
  2. Takk

    Mi veninne Lisbeth har fortalt fylgjande om bilen: Ein Fiat varebil som vart plassert der i 1964-65 av far hennar. Ho var sjølv med då den vart sett att og det var vist eit "katta i sekken" kjøp. Grunnen til at den vart satt der var enten at den skulle fungere som jakthytte eller så var det nokre gutungar som ville ha den til å mekke på....

    SvarSlett
  3. Åh så fine ord og billeder. Det må have været en helt fantastisk vandring tilbage i tiden og alligevel frem.

    God aften videre. Klem. :)

    SvarSlett
  4. Setraveien er veldig koseleg å gå, spesielt ned på Daleteigen. Sjøl var eg på Bjønnaskaret på fredag og fekk sjå både ørn og røv. Finaste staden eg veit er framover Mosdalen! Har mange flotte minner der i frå eg og :) Flotte bilder!

    SvarSlett
  5. Så godt å lesa, no senka skuldrene seg! Du tek fine bilete og skildrar minna dine så godt:)

    SvarSlett
  6. Så fint skrevet..det kjennes ut som jeg var der..nydelig tekst sammen med vakre bilder. Takk for minnene dine :-)

    SvarSlett
  7. Tusen takk for"at eg fikk bli med deg på tur"!
    Sånt et fint sted!

    Ønsker deg ei fin fin helg! Klem,

    SvarSlett