Vinterhav

Vinterhav

torsdag 8. november 2012

Eit god og lærerik tid


For eit år sidan var eg i full gang med cellegift - hårlaus og på ingen måte
i særleg form.
Det er rart å tenkje på at det er så lenge sidan.
Hugsar godt då eg fekk beskjeden om at eg hadde kreft - 
hugsar tankane som då rasa gjennom hovudet - 
- skal tru om denne jula er mi siste?
- skal tru kor alvorleg dette er?
- er det spreidning?
- korleis vil mine nærmaste reagere?
Mange tankar - vonde tankar.

Det er underleg å tenkje på kor livet brått endrar seg - 
- frå å vere "normalt" til å bli fullstendige kaos.
Eg hugsar at eg ikkje grudde meg for operasjonen, 
å ta bort eit bryst betydde så lite.
Eg visste så uendeleg lite om kva dette var for noko. Eg hadde høyrt at mange som fekk
brystkreft slapp både cellegift og stråling - dei fekk berre tablettar som dei skulle ta i 5 år.
Eg hugsar at eg håpa på at min kreft skulle vere slik - at eg berre kunne ete pillar og alt ville bli bra...
 
Eg budde meg på full pakke og forespeila meg det verste.
Eg hugsar alle gongane eg sat på eit venterom -
- venta på å kome inn til lækjar 
- venta på å få høyre kor alvorleg det var med meg.
Hugsar kaldsveitten når namnet mitt vart ropt opp
Eg hugsar kor eg misstenkte lækjaren for å ikkje fortelje meg sanninga.
 
Eg hugsar spenninga når eg skulle få fyrste cellegifta
Hugsar så godt då eg tok ut parykk (som eg ikkje har brukt)
Eg hugsar kor spennande det var å gå til frisør og rake av meg alt håret då eg merka 
at det fall av i store dottar.
Eg hugsar nettene etter kur - då eg ikkje fekk sove
- sveittetoktene som kom og gjekk
- den dårlege matlysta
- utmattinga

Alt dette er lenge sidan
No veit eg så mykje meir
No har eg vore inne til kontrollar - sjekka omlag det som kan sjekkast
og lækjaren let vel og meiner eg ikkje har grunn til å vere engsteleg.
No trur eg på lækjaren
No tenkjer eg stort sett berre positivt og har ingen angst for kor mange juler eg skal få.
Eg forundrar meg over kor lett det er å leve med at eg har hatt
denne sjukdomen i kroppen
Forundrar meg over kor lite eg tenkjer på det
 
No veit eg så mykje meir
 
Eg har lært mykje
Eg har lært at dei tablettane eg tenkte skulle vere så greie å tygge
på langt nær var det eg trudde
Eg har lært at cellegift gir seinverknader
Eg har også lært at Herceptin verkar inn på hjertefunksjonen
- ikkje visste vel eg at kreftbehandlinga skulle gje så mykje biverknader....
 
- vulkanske sveittetokter som når ein har trimma verkeleg hardt
- muskelverk og smerter i heile kroppen
- fatigue - total utmatting enkelte dagar
- problem med negler som sprekk
- plager med tørr munn og lepper
- konsentrasjonsproblem
- hukommelsetap
- nedsett hjertefunksjon

.....ja det er mykje fælt
eg syns det....

Livet har blitt heilt annleis enn det var før
No må eg planlegge aktivtetane mine - eg må prioritere
Eg må innsjå at eg ikkje er i same form lenger
at eg ikkje orkar for mykje på ein gong
Det er ikkje enkelt når ein har vore vand med å ture fram som ein har ynskt i alle år.

 
Pa Montebello september - 12

Mykje biverknader og seinverknader - ja - 
men det blir lite når ein tenkjer på alternativet
Eg kunne faktisk ha vore i ein heilt anna situasjon
dersom eg ikkje hadde kome så tidleg til lækjar og fått diagnosen

Gjennom dette året 
har eg opplevd mykje fint og positivt
Eg har blitt kjend med andre i same situasjon
Eg set meir pris på dei små og nære ting
Eg kjenner meg rikare

Eg vil ikkje sei at eg ikkje villa vore det foruten
men når det først skulle hende meg
ja så må eg sjå på det som ei lærerik tid som har utvikla meg som person:-)

Bålkaffi på Montebello september -12


16 kommentarer:

  1. Du skriver så godt.
    Ærlig og rett frem om vanskelige ting, men på en måte som gjør at en ikke blir redd om en skulle komme i samme situasjon en gang. Ja det er tøft å være sjuk, men når en gjør det beste utav det så går det som regel utrolig bra.
    Er så glad for at du har fått friskmeldingsbeskjeden fra legen. Håper du får mindre og mindre plager av behandlingen. Ønsker deg alt godt, Klem fra meg :)

    SvarSlett
  2. Tusen takk for at du deler dette. Det gir oss innsikt i en verden iallfall jeg er redd..
    Sender en klem med krefter..Og masse glede. For på tross av alle bivirkninger og all redsel og frustrasjon.Så gikk det bra. Du er her! Det er jeg oppriktig glad for.

    SvarSlett
  3. So kjekt å lese noko frå deg att. Eg er så glad med deg for at du er utanfor fare no, sjølv om eg forstår det kostar mykje enno. So glad du har hatt gode opplevingar inni alt. So glad du er glad!!!! Og takk for at du har delt med os og gjort oss mykje klokare på mange ting :D

    Klem!

    SvarSlett
  4. Godt å høyre at det går bra med deg:) Du er så til flink å sette ord på det....Det blir nok godt å kunne byrje å sjå framover og legge alt det trasige bak seg. Og du klarer det du - det er eg heilt overtydd om:)) Her er vi fortsatt i "veit ikkje kva som vil skje" modus, men vi har det bra og tek ting etterkvart som dei kjem:)
    Lykke til vidare!

    God klem frå meg:)

    SvarSlett
  5. Vert SÅ glad over å "sjå" deg her...
    Og at alt det som kjem av behandlinga kan vere tungt å bere kan eg forstå. Sv.mor er så plaga av lymfeødem, må ha strømpe på ei hand og kavar. Men som du seier alternativet kunne ha vore noko heilt anna.

    Alltid kjekt kome "innom" deg :-)

    klem

    SvarSlett
  6. Der va du!! ;o) Av en eller annen merkelig grunn har du vært borte fra bloggrollen min i høst,(og du er ikke den eneste..) måtte lese meg litt opp nedover innleggene dine..For et kjekt innlegg om det siste året, du har så rett: Etter en tid glemmer man det som ikke var så trivelig, og fokuserer på det som er fint. Glad på dine vegne at du føler deg ovenpå til tross for bivirkninger og ettervirkninger ;o) Stå på! Klem

    SvarSlett
  7. For ei julegave ♥ og du er så utrolig vakker der du står. Visere og klokere...ja det har sannelig gjort deg til et rikere menneske. Tror man må bare velge å se det slik når det er ingen vei utenom. Du vant og har blitt sterkere, ingenting kan bli bedre en det:)) og for hver dag så kanskje bivirkningene gir seg litt etter litt, det må en håpe på.

    Jeg er så ♥ glad på dine vegen:)) godeste dager til deg:))

    SvarSlett
  8. Takk Janne Tove for dette inlegget.
    Du skriver så bra så man får frysninger på ryggen.
    Det er nok så at vi som IKKE värt i din situasjon ikke helt kan forestille oss hvordan det er. Men dine ord gir oss en innblick i hvordan det er å leve med brystkreft!
    Du er en sterk kvinne Janne Tove.
    Klem fra meg.

    SvarSlett
  9. Takk for at du deler med oss alt du har lært!
    Det er vanskelig å leve seg inn i, men jeg kan ha medfølelse og prøve å være glad og takknemlig og ikke klage på de mindre plagene jeg har.
    Så godt at både du og legen er positive for framtida!
    Ønsker deg alt godt!

    SvarSlett
  10. Kjære gode deg...Hver gang jeg leser bloggen din, gjør ordene dine noe med meg. Det du skriver om...vel, det er gjenkjennelig på et vis....Jeg syns det er fantastisk flott at du deler, flere skulle vært ærlige og åpne om slike tema som dette. Det er jo sånn det er. Og du setter ord på det, jeg har all respekt. Også må jeg si, du er en flott dame - og jeg gleder meg sånn med deg over at legen sier "ingen grunn til bekymring". Takk og takk for at du deler. mange klemmer med ønske om en glad helg. <3

    SvarSlett
    Svar
    1. Ps. leste din kommentar på "frihetsrøvere" hos meg. svarte der der...håper du klarer heve hodet, og fortsette med å være deg - fri og hel. klem klem

      Slett
  11. Så godt å lese ordene dine. Igjen.
    Man lærer mye om seg selv og andre, når man har/har hatt en alvorlig sykdom.
    Man blir også mer klar over hvor skjørt livet er og hvor gjerne man vil leve tross alt.
    Og så må man lære å leve et nytt liv. Og det lykkes du med.
    Klem i kvelden og glede over å lese hvordan du har taklet det hele.
    Mormor

    SvarSlett
  12. Så godt å se fra deg, blir like glad hver gang:)
    Ei "fole" bratt læringskurve du har hatt, og jeg har sånn respekt for den styrken du viser gjennom ordene dine - selv når du har vært svak. Det gjør meg ydmyk og bevisst på alt det fine jeg har og hvor fort det kan snu.
    Jeg fryder meg over legen din sine ord, og jeg gleder meg over at du tror på legen. Det må være fantastisk kjære du:)

    Ønsker deg ei strålende fin helg,
    og legger igjen en god og varm klem:)

    SvarSlett
  13. Velkommen til å være med på gi-bort på bloggen min :)

    SvarSlett
  14. bare for å be deg titte hit.

    http://www.starbear.no/mormor/2012/11/18/heia-jenny/
    Ha en flott søndag :-)

    SvarSlett
  15. Kjære deg..dette var det fint og sårt og lese. Alle mest fint.
    Tøffe deg.
    :-)
    Klem herfra

    SvarSlett