Vinterhav

Vinterhav

tirsdag 21. mai 2013

DET NYE LIVET

I desse dagar er det to år sidan eg snakka om 
mine mistankar for fyrste gong
- mistankane om at noko var gale 
frykteleg gale
Tida som har gått sidan eg fekk bekrefta
mistanken
- at eg hadde brystkreft 
har vore ei lang reise
Fortviling, sjokk, vantru, glede, redsle, motløyse og mot
- er berre nokre av følelsane som har fare gjennom hovudet
Gode dagar 
mindre gode dagar 
og skikkeleg vanskelege dagar
Tenk om eg viste korleis dagane kom til å bli
- då trur eg at eg hadde mist motet.

I dag ser eg ut akkurat som før
- berre litt mørkare i håret
- berre mykje meir krøllete på hovudet
-berre ørlite tynnare
-berre så utruleg mykje meir sliten
- berre så uendeleg plaga av seinverknader/biverknader
- berre så mykje klokare
- berre så veldig mykje meir glad i livet

Dagane mine går med til å leve
- leve på den måten eg klarer no
Nokre dagar orkar eg mest ikkje stå opp
Nokre dagar må eg kvile rett etter frukost
Nokre dagar krev berre litt kvile
Og nokre dagar kjenner eg at eg eig verda

Det har tatt lang tid
å kome dit eg er no
- å klare å erkjenne at det gamle livet mitt er borte
- å ynskje det nye velkomen
Det har vore ei vanskeleg omstilling
Det har vore lærerikt
og det har kosta

Men sjølvom eg ikkje lenger orkar
alt det eg orka før

Så orkar eg å glede meg over at eg er til

Uendeleg takksam

Jannetove

 
 

13 kommentarer:

  1. Så fint.
    At du er kreft-fri. Synd at du har blitt så plaget av ettervirkningene. Det er veldig godt å lese at du er så glad for å leve.
    Sender en god,glad klem.

    SvarSlett
  2. Fine og rørende ord. Er glad for, at du findes og deler. At livet har åbnet sig for dig på en anden måde og at du deler din taknemmelighed, så vi forstår, at det er en fin og sjælden gave. Livet. Tak.

    God klem.

    SvarSlett
  3. Ord blir så fattige når eg tenker på (ikkje at eg kan ane...) kva du har vore igjennom. Du e rett og slett berre FANTASTISK! Eg teker på deg ofte, oftare enn du vil tru. Kvar gong eg ser opp på hønene i vinduskarmen på kjøkkenet tenker eg på deg, kvar gong. Berre ein liten tankestreif, men like fullt, kvar gong. Ønska dej det beste alltid! Klem Tonje

    SvarSlett
  4. Så utrolig fint å se deg på bloggen igjen:) Har faktisk tenkt på deg innimellom:))

    Godt å vite at du nyter livet, det er jo det vi alle må prøve å gjøre. Det er litt trist at vi må oppleve noe litt brutalt før vi skjønner hva vi skal ta med oss videre i livet.. men slik er det bare.

    Heldige oss som vet å nyte livet:))

    Friskklem fra meg:))

    SvarSlett
  5. Eg også har tenkt på deg og sakna innlegga dine.
    Glad for at du er betre, men vondt at du skal plagast med biverknader. Å, det er så viktig å glede seg over livet akkurat no. For dagane snur så uendeleg fort..

    Varm god Vårklem frå Sigrid

    SvarSlett
  6. Godt å høre fra deg.
    Godt å lese det du skriv, men og litt trist.
    Slik er vel livet for de fleste av oss,
    en er ikke der en var noen av oss.
    Men du og flere med deg har
    vært igjennom tøffe ting som
    setter ekstra dype spor.
    Godt at du klarer å glede deg over de gode dagene.
    Ønsker deg mange gode dager frem over våren og sommeren :)

    SvarSlett
  7. Tusen takk for at du har delt åpent med oss og lært oss andre også å sette mer pris på livet her og nå!

    SvarSlett
  8. Livet etterpå er nettopp etterpå, anderledes, kanskje vanskeligere og mer innfløkt og krevende. Men absolutt kjært.
    Klem fra Mormor.

    SvarSlett
  9. Takk for alt du har delt underveis her på bloggen din Janne Tove. Orda dine har gjort inntrykk og gitt meg ny kunnskap.
    Bare gode tanker og ønsker sendes i din retning herfra. Men en god klem.

    SvarSlett
  10. I'm honored to obtain a call coming from a friend when he uncovered the important suggestions shared on your site. Studying your blog article is a real wonderful experience. Many thanks for thinking about readers at all like me, and I wish you the best of achievements like a professional in this field. calling card.....Best Cardsharing Server

    SvarSlett
  11. Så fint og nært du skriver om livet ditt etter sykdommen - gode tanker fra meg til deg. <3 Hilsen Else Britt

    SvarSlett
  12. Daftar Togel paling mudah ada si sini kaka. Percaya deh.

    SvarSlett